Flasking av Mr. Nelsons Fillecountry, samt nytt kjøleskap.

I buddhismen heiter det: «Eig du meir enn sju ting, er det tinga som eig deg.» I heimebryggismen vil eg seie: «Eig du mindre enn sju kjøleskap, har du for få.» Difor var det med stor glede at kjøleskap nummer fire kom i hus. Intensiv brygging dei siste vekene byrjar å gje resultat i form av ein god del øl på flaske.Skal det bli plass til alt, må logistikken planleggast nøye.

IMG_1484

Det største kjøleskapet har no blitt øleskap, medan det mellomstore kjøleskapet har tatt over gjæringa. Reine eventyret dette, når ein tek med at det minste kjøleskapet skal inn under trappa. Viktig med kortreist øl.

IMG_1482

Tilbake til det viktigaste. Flasking av Mr. Nelsons Fillecountry. Eg må seie at dette ølet ser særs delikat ut.

IMG_1475

For den observante lesar kan ein skimte litt av flasketreet på biletet. Eit vellukka resultat avhenger av god hygiene gjennom heile prosessen. Alle flasker og korkar blir skylde i StarSan før ein tappar ølet på flaske.

IMG_1457

Med god hjelp til korking frå nabo, Hans Eivind, enda vi på 43 flasker APA. Etter ein liten prøvesmak kan ein vel ikkje seie noko anna enn at det blir ei iskald Mr. Nelson om 14 dagar.

IMG_1480

 

#5 Krøll(sch) på tunga

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Kolsch

Av ein eller annan grunn finn eg Kolsch umogeleg å uttale. Det kjem både r, o og dobbelt l i uttalen? I eit forsøk på å lære kva det heiter tok eg det gamle skule trikset og skreiv ordet fleire gonger. Om det hjalp noko er ein annan sak. Namnet på øla gav seg i grunn sjølv. Krøll(sch) på tunga.

Krøll

Oppskrift:

Forventa min OG: 1.050

Forventa FG: 1.012

Forventa IBU: 27.8

Batchvolum: 25 liter

Korn:

Pilsner Malt: 5.5kg (96%)

Munich Malt: 0,2 kg (4%)

Humle:

90min:

Hallertauer Mittelfruh 6,3 % 33 g

10 min:

Hallertauer Mittelfruh 6,3 % 15 g

5 min:

Hallertauer Mittelfruh 6,3 % 20 g

Gjær:

4 pakker White Labs WLP029-German Ale/Kolsch

Koking: 90 min

Mesking:

60 min: 65 grader

10 min: 75 grader

Gjæring: 14 dager på 18 grader

IMG_1435 IMG_1437

OG havnet litt over forventa, men sidan eg var litt over ein liter under forventa volum er ikkje det noko uventa.

IMG_1438

Kölsch er ein øltype frå området rundt Køln. I motsetjing til mange lyse øl er Kölsch overgjæra (gjæring på rundt 20 grader), men den skal lagrast ved lav temperatur som annan lager etter gjæring. Ølet er lyst, gyllent og med mild bitterheit.

IMG_1439

Etikettering

Etikettering, lim og mangel på etikette. Livet for ein ølbryggjar er sanneleg variert. No skal det seiast at det var med stor stoltheit at dei første to etikettane blei limde på.

IMG_1407

Og med stor keisemd eg tok dei nest 73……….

IMG_1426

Legg merke til at øla står trygt plassert under tredemølla. Her må det drikkast om ein skal få trimme skrotten. Eg gjekk sjølvsagt tom for lim når det var to etikettar att…

IMG_1424

Når ein lagar mat så er det viktig å varme opp kokken. Når ein limar etikettar så er det viktig å halde limaren varm.

#4 Mr. Nelsons Fillecountry

«Jamen Pernille, da. Det er helt sant, æresord»

mr-nelson

Kanskje Mr. Nelson sitt utbrot : «Dette er eit fillecountry» kom av at han ikkje hadde fått eit øl oppkalla etter seg? DjupdalsBrygg har sjølvsagt tenkt å gjere noko med det, og Mr. Nelsons Fillecountry er no til gjæring. Som Mr. Nelson er det sjølvsagt ein amerikanar, og vi håper at Tralle Tonetroll held seg unna dunken.

IMG_1392 IMG_1396

Ølet som bryggjast er ein APA (American Pale Ale) med Nelson humle i. OG kom ikkje heilt opp på det den skulle vere (1.056), men retta for litt større volum med vørter så vart det nok ikkje det heilt store avviket.

IMG_1397 IMG_1398

Oppskrift:

Forventa min OG: 1.059

Forventa FG: 1.014

Forventa IBU: 40.9

Batchvolum: 23 liter

Korn:

Belgian Pale Malt: 5.4kg (86%)

Wheat Malt: 0,5 kg (8%)

Amber Malt: 0,4 kg (6%)

Humle:

90min:

Australian Galaxy 15,0 % 14 g

15 min:

NZ Nelson Sauvin 12,5 % 23 g

5 min:

NZ Nelson Sauvin 12,5 % 23 g

Gjær:

2 pakker US-05 tørrgjær

Koking: 90 min

Mesking:

60 min: 65 grader

10 min: 75 grader

Gjæring: 14 dager på 18 grader

Etter to dunkar med julebrygg må eg seie at det lyse ølet såg særs lekkert ut i karet.

IMG_1402 IMG_1401

22.5 liter klart til gjæring.

IMG_1404

Etikett:

MrNeslson

Flasking av juleøl

Då var det klart for flasking av juleøl. Nydelege mørke dråpar som er klar for eit liv i flaske.

IMG_1375 IMG_1376

Dessverre utvikla det seg raskt til eit skandalearrangement. Sidan FeilNotFound IPA’en hadde fått ei veke på flaske, var naturleg nok tolmoda vekk. Rutinert nok var ei flaske lagt på kjøl tidlegare på dag, og då var det klart for smaksprøve.

IMG_1377

Sidan det berre var ei veke sidan flasking, var det usikkert om ølet var skikkelig karbonert. Ein skikkelig pssst når korka blei opna, gjorde all otte til skamme.

IMG_1380 IMG_1383

Og her var det verkeleg skandala byrja. Det var både anerkjennande nikk, god tone, ja til og med eit smil etter prøvesmaking. Slik laussleppt åtferd høyrer naturleg nok ikkje heime nokon stad på Sunnmøre, og eg må be om orsaking til naboane for denne framferda.

IMG_1385

Heldigvis kom vi raskt ned på jorda igjen då heverten nesten hadde tømt karet med juleøl.

IMG_1387 IMG_1386

Med smaksprøven om bord, gjekk flasking og korking som ein leik. Snart hadde vi 40 smekre juleøl klare til lagring.

IMG_1388 IMG_1391

Litt urutinert antok underteikna at han hadde kjøpt in raude korkar(den gang ei), og sidan alt passar til blått (gjer det ikkje?) så blei det blå topp på juleøla. Kritikken har naturleg nok ikkje latt vente på seg. Sambryggeriet har allereie kalla det ei skandale, og eg lyt vel krype til Vinbua og skaffe raude korkar til Andre vers.

Etiketten blei i det minste juleraud.

Julefantasiv1

Julefantasi. Andre vers

Ein treng vel ikkje vere raskaste ilderen i buret for å skjøne at her er det mykje likt med Første vers. Eg hadde tenkt å prøve litt forskjelleg sidan eg hadde to like brygg på gang, men eg enda opp med ganske lik framgangsmåte på begge. Merkeleg nok gav det likt resultat, og ein kan vel difor seie eg er konsekvent middels.

IMG_1346

Eg enda også her på ein OG på 1.060, som er ok. I same slengen blei det tatt ei måling av Første vers. Her her har vi kome ned på 1,018 på ei veke. Kanskje det kan bli eigenprodusert drikk på julebordet?

Flasking av første brygg

Flaskedag. Første brygg. Kan det bli betre? Her var det klart for blondiner, lederhosen, bierstube musik og klirrande flasker. Nå hadde ikkje blondinene anledning (madammen og svigermor), lederhosen var til press og iPaden var utlada. Klirrande flasker derimot blei det. Nabo, Hans Eivind, erstatta blondinene, og med det var produksjonsrekka komplett.

Ølet er klart for å tappast over til bøtte med kran. 1,010 FG, som gir ABV på 5,9% i følgje Grainfather appen min.

IMG_1333

Første trinn er å desinfisere alt. Flasketre med flaskevaskar er kjekt å ha i eit slikt tilfelle.

IMG_1331

Flasketreet var snart fylt med nødvendig antall flasker.

IMG_1335

Neste steg er å få ølet over i eit gjæringsbøtte med kran slik ein kan bruke ein flaskefyllar til sjølve flaskinga. Her er det viktig med hygiene i alle ledd, og StarSan blir brukt flittig på alle deler som skal i kontakt med ølet. Når ein startar å føre over ølet til den nye bøtta, tilset ein sukkerlake. (Ca 6 g pr liter øl.) Dette gir ei gjæring i flaska for å få karbonering av øla.

IMG_1336

Når ein har fått over all den klare øla er det berre å starte flaskinga. Her er det greitt med ein skikkelig arbeidsbenk, men ein frå ÅRIM får duge i nauda.

IMG_1341

Når ein er midt i tappinga så er det greitt å vere to. Ein til å fylle å ein til å korke. Hans Eivind korkar for harde livet. Hugs å desinfiser korkene og!

IMG_1342

Mykje hardt arbeid gir klirrande resultat. Då skal desse kose seg i romtemperatur i 14 dagar før det er klart for prøvesmaking.

IMG_1345

Etikett må ein sjølvsagt ha.

FeilNotFilev1

#2 Julefantasi. Første vers.

Etter ei rask samanlikning av juleøloppskrifter med jobbkollega Knoll, fann vi ut at vi hadde bryggja om lag same juleølet. Dette blir Brew-off. East coast vs West coast. Sambryggeriet mot DjupdalsBrygg. Bedre Jul mot Julefantasi (vers 1 og 2). 50 brygg mot 2 brygg. Regner med ein enkel siger her.

IMG_1322

Den som har vore i kyrkje 2. juledag i Stordal dei siste 50 år, har hatt gleda av å høyre Stordal Hornmusikk spele Julefantasi. No skal det seiast at tradisjonen måtte vike for nokon år sidan, då Julefantasi kanskje ikkje var det mest vellukka potpurri av julesongar. Håpet er at min Julefantasi endar med betre komposisjon, og utan sure notar.

Oppskrift:

Forventa min OG: 1.060

Forventa FG: 1.015

Batchvolum: 23 liter

Korn:

Belgian Pale Malt: 4,7 kg (77%)

Amber Malt: 0,5 kg (8%)

Belgian Cara 20 Malt: 0,4 kg (7%)

Caramel/Crystal Malt 120 L: 0,4 kg (7%)

Belgian Chocolate Malt: 0,08 kg (1%)

Humle:

90min:

40 gr Golding

15 min:

20 gr Golding

0 min:

30 gr Golding

Gjær:

2 pakker S-04 tørrgjær

Koking: 90 min

Mesking:

60 min: 65 grader

10 min: 75 grader

Gjæring: 14 dager på 18 grader

IMG_1319

Eg hadde fokus på å få opp OG denne gongen, og med riktig volum av vatn, betre røring ved tilsetjing av korn, samt at eg trykte ned rista før skyljing så enda eg på 1.060. Ikkje helt topp, men innanfor. Juleølet skal modast ei stund så det var greitt å få i land første vers. Eg har eit sett til, og det blir tatt så snart det blir ledig kapasitet i gjæringsskapet.

IMG_1328

Bergenstur

Batman has the Batmobile, I got the Brewmobile.

IMG_1314

Ein må som kjent ha noko å fylle ølet i, og sidan Vinbua ikkje hadde flasker inne, blei madammen og eg einige om at ein Bergenstur kunne vere ein kjekk ting. Vi kom fram til Bergen seint fredag. Då blei det naturleg nok TGI Friday. Jack Daniels kylling er jo som kjend aldri feil på ein fredagskveld. Etter ein god frukost starta jobben med å fylle Granitten. Først ute var madammen med ein runde på diverse senter, før turen bar til Sotra. Eg hadde avtalt med Rune på Hobbybryggern at eg kunne hente flasker, corneliusfat, growlere, humle og kit på laurdag. Full bil, nøgde reisande og ein klirrande tur heim.