Studietur, og to brygg på flaske.

På dagen då kvitekrist fann det for godt å vakne etter ein tredagar (aner ein problem med sommartid og solur?), fann eg ut at eg ikkje hadde skrive om flasking av dei to siste brygga. Då var det berre å ta den virtuelle pennen fatt og kome i gang.

Når ein først er inne på den kristne høgtid, er det vel greitt å ta med kyrkjemannen Martin Luther sine tankar om øl:

“Whoever drinks beer, he is quick to sleep; whoever sleeps long, does not sin; whoever does not sin, enters Heaven! Thus, let us drink beer!”

Med trygg retning mot himmelriket er det ikkje rart at første skandale er eit faktum. Eg har sjølvsagt ikkje klart å tatt eit einaste bilete av flaskinga av Djupdals APA. Eg undrar kva eg har gjort for at Nornene sitt spinn stadig lagar problem for dette brygget?

ESS_PasteBitmap05664

Sidan eg ikkje hadde noko anna, får det bli etiketten som blir Djupdals APA sitt bidrag. Med 1,014 i FG, blei det ABV på 6,3 % på dette brygget.

DjupdalsAPA

Pilsa hadde no vore heile 2 veker på flaske, og då var det sjølvsagt tid for prøvesmaking. (Berre knappe to månader for tidleg, men så var det dette med tolmodet då.) Med meg hadde eg nabo, Hans Eivind, både som korkmester og prøvesmakar. For å sitere: «Den eine blir ein nydeleg pilsner, og den andre smaka ikkje som noko anna eg har smakt.» Kan det bli betre?

Alt går så mykje lettare etter litt prøvesmaking, og snart var vi i gang med Natt. Det manglar ikkje på humle i denne, og eg er særs spent på sluttresultatet her. Svart og fin i dunken. FG på 1,015 og ABV på 6,7 %.
IMG_1867

Sluttresultatet blei 34 flasker Djupdals APA, og 43 flasker Natt.

IMG_1868

Sjølv om øla no var på flaske, hadde ikkje Nornene heilt gitt slipp på meg, og skandalen var igjen rett rundt hjørnet. Etter å ha limt etikettar på 42 flasker, stod den 43 og stirra dumt på meg. Her var det gjort ein reknefeil, og i motsetnad til NASA, kan eg ikkje skulde på forvirring på meter og fot.

IMG_1900

Ein slik ein skulle også den siste flaska hatt.

Natt

Lagera byrjar igjen å bli fulle.

Etter alle skandalane skjøna underteikna at det var på tide med ein studietur. Onde tunger kalla det ferie, men her har det vore eit solid fagleg program med nye ølsortar kvar dag.

IMG_1914

No var nok valet av destinasjon meir prega av talet på soldagar, enn tettheita på mikrobryggjeri, men eg må sei at øla i butikk i beste fall kunne nyttast som god tørstedrikk. Kanskje eg skal putte Grainfatheren i bagasjen, og starte opp mikrobryggjeri der sola alltid skin?