Flaskedag. Første brygg. Kan det bli betre? Her var det klart for blondiner, lederhosen, bierstube musik og klirrande flasker. Nå hadde ikkje blondinene anledning (madammen og svigermor), lederhosen var til press og iPaden var utlada. Klirrande flasker derimot blei det. Nabo, Hans Eivind, erstatta blondinene, og med det var produksjonsrekka komplett.
Ølet er klart for å tappast over til bøtte med kran. 1,010 FG, som gir ABV på 5,9% i følgje Grainfather appen min.
Første trinn er å desinfisere alt. Flasketre med flaskevaskar er kjekt å ha i eit slikt tilfelle.
Flasketreet var snart fylt med nødvendig antall flasker.
Neste steg er å få ølet over i eit gjæringsbøtte med kran slik ein kan bruke ein flaskefyllar til sjølve flaskinga. Her er det viktig med hygiene i alle ledd, og StarSan blir brukt flittig på alle deler som skal i kontakt med ølet. Når ein startar å føre over ølet til den nye bøtta, tilset ein sukkerlake. (Ca 6 g pr liter øl.) Dette gir ei gjæring i flaska for å få karbonering av øla.
Når ein har fått over all den klare øla er det berre å starte flaskinga. Her er det greitt med ein skikkelig arbeidsbenk, men ein frå ÅRIM får duge i nauda.
Når ein er midt i tappinga så er det greitt å vere to. Ein til å fylle å ein til å korke. Hans Eivind korkar for harde livet. Hugs å desinfiser korkene og!
Mykje hardt arbeid gir klirrande resultat. Då skal desse kose seg i romtemperatur i 14 dagar før det er klart for prøvesmaking.
Etikett må ein sjølvsagt ha.