«Morgonstund har gull i munn» heitast det, men når ein såg kor det gikk med kong Midas, går eg heller for ein kopp med kaffi. Då passer det jo bra at naboen kjem innom. Hermann Frieles mann i Møre og Romsdal, må jo vere rett mann på rett plass. Dagens oppgåve er flasking av Ali, Nøkken og Ingen, samt brygging av Djupdals APA. Når ein går for eit så ambisiøst prosjektet (to ting på ein gong!!!!), er det viktig med forsterkingar!
Medan Grainfatheren varmar vatn til mesk, stikk vi om Ali, Nøkken og Ingen. Litt over 22 liter til flasking.
FG enda på 1,014, som var 0,001 høgare enn målet. Innanfor! Med naboen sin stødige hand er gjæringskaret snart tømt, og ein enda opp med 44 flasker med Ali, Nøkken og Ingen. (Jada, det er 43 flasker på bilete…)
Eg har gått høgt ut med den tyske reinheitslova nokre gangar. Sanninga er at Djupdals APA inneheld 16 % mais i malten, og difor står til stryk. Her luktar det bryggjarhelvete for heile gjengen med lyst øl laga på belgisk gjær i evigheita. Når eg skulle finne eit illustrerande bilete for dette googla eg hell og beer, og då dukka denne blomen opp. Google har jo som kjend aldri feil, så det må vere dette som ventar i bryggjarhelvete?
Eg trur nok at eg hadde hatt Bjørnson med meg på mais. «Jeg velger mig Mais» hadde nok Bjørnstjerne sagt. Det hadde nok ikkje Hamsund gjort. Han var som kjent meir glad i den tyske reinheitslova.
Nornene er ikkje glad i Djupdals APA, og straffa for brotsverk mot på Reinheitslova kom allereie når kverna kom fram. Maisen kilte seg fint fast. Verken spitord eller nid mot både kvern og mais hjelpte. Ein enda opp med å måtte mikse all malt godt saman for å det gjennom kverna. Og det var ikkje over når malten var kverna. Mais er ikkje bestevennen til Grainfatheren, og det gjekk ikkje lenge før det rann godt i overløpet. Dette er ikkje bra for meskeprosessen, då ein er avhengig av gjennomstrøyming for å få skylt ut gjærbart sukker. Heldigvis gav dette seg etter fem minutt, og ein kan av bileta sjå korleis fargen på vørteret endrar seg under prosessen.
Meskinga gjekk no sin gang og det var tid for ein selfie. Sjølvsagt i ein Djupdalsbryggblå kjeledress. Smiiiiil! Eller kanskje ikkje?
Humle er ein av hovudkomponentane i ølet. Mengda, type og tidspunktet ein tilset humla på vil påverke bitterheit, smak og aroma. No skal ikkje gjere meg til ein stor autoritet på området, men her er ei kort oversikt på det mest sentrale:
- Bitterhumle. 60+ min før kok er ferdig. Humle tilset på dette trinnet er berre til å sette bitterheit på brygget. Når humle blir kokt så lenge fordampar smaks- og aromastoff, og ein sit igjen med bitterstoff. Ein kan godt ha same humle på alle trinn, eller bruke spesielle humler for dette trinnet for å få fram den bittersmaken ein ønsker.
- Smakshumle. 15 +/- min før kok er ferdig. Når ein tilset humle på dette trinnet er det for å få med smaksstoffa til humla. No rekk ikkje smaksstoffa å fordampe, og ein får tilført ein kombinasjon av smak og bitterheit.
- Aromahumle. Mindre enn 5 min igjen til kok er ferdig. Dess kortare tid humla er i, dess mindre av aromastoffa forsvinn. Sjølvsagt vil kontakttid avgjere kor mykje godsaker som blir tilført ølet.
- Tørrhumling. Humle tilset under gjæring, men det bør ikkje skje før det er maksimalt 7 dagar igjen til gjæring er ferdig. Det blir litt som aromahumla, men sidan temperatur og kontakttid er forskjelleg, vil det vere andre oljer som blir eksponert frå humla.
Det finnest og dei som tilset humle etter mesking, eller berre dei siste 20 minutta av kokinga for å prøve å oppnå ein anna type bitterheit. Her er det vel sikkert like mange teoriar og meiningar som det finnest bryggjarar.
Typen humle er og avgjerande for kva smakar ein får. Det finnest eit stort utval forskjelleg typar humle. Dei ulike typane kan kombinerast eller brukast åleine alt ettersom kva type øl ein lagar.
Eg har nytta mykje humle rundt 1 minutt og i tørrhumling. Dette gir eit veldig aromatisk og smakfult øl. Problemet her er at humle er «ferskvare», og smaken endrar seg litt etter litt. Etter nokre månader vil ein kjenne mindre humlesmak, og ha eit litt anna øl enn det ein starta med.
Maisen gjorde at skyljing av mesken gjekk treigt, men til slutt var det klart til kok.
Mot normalt gjekk både koking og tapping til kar heilt smertefritt. OG enda på 1,060, noko som var etter oppskrift. Totalt litt over 23 liter til gjæring. Dette gjekk skremmande lett, og eg undrar på kva nornene har på lager for meg no?
Etter to dagar bobler det godt. Eg brukar StarSan(desinfeksjonsmiddel) i gjærlåsen, i tilfelle noko skulle bli sugd tilbake eller renne ned i karet.
Oppskrift:
DjupdalsAPA v2.0 American Pale Ale
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 60 min
End of Boil Vol: 25,50 l
Final Bottling Vol: 21,00 l
Est Original Gravity: 1,060 SG
Est Final Gravity: 1,012 SG
Estimated Alcohol by Vol: 6,4 %
Bitterness: 34,4 IBUs
Est Color: 16,1 EBC
Mash: 60 min 66 dgr
10 min 75 dgr
Fermentation: 14 days 19 dgr
Amt Name Type
4,60 kg Pale Malt (2 Row) US (3,9 EBC) Grain
1,00 kg Corn, Flaked (2,6 EBC) Grain
0,50 kg Munich Malt – 20L (39,4 EBC) Grain
0,20 kg Caramel/Crystal Malt – 80L (157,6 EBC) Grain
30,00 g Cascade [8,50 %] – Boil 60,0 min Hop
0,50 Items Whirlfloc Tablet (Boil 15,0 mins) Fining
20,00 g Cascade [8,50 %] – Boil 15,0 min Hop
20,00 g Cascade [8,50 %] – Boil 1,0 min Hop
15,00 g Citra [12,00 %] – Boil 1,0 min Hop
10,00 g Admiral [14,75 %] – Boil 1,0 min Hop
10,00 g Vanguard [5,50 %] – Boil 1,0 min Hop
1,0 pkg Safale American (DCL/Fermentis #US-05) [50,28 ml] Yeast
20,00 g Cascade [5,50 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop
10,00 g Admiral [14,75 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop
10,00 g Vanguard [5,50 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop