#31. Ragnarok

Det er fyr i kjelen hjå Djupdalsbrygg! For å illustrere kor lenge sidan det har skjedd, kan ein ramse opp:

  • Liverpool har vunne Premier League
  • Underteikna har blitt smidd i Hymens lenkjer
  • Verda har fått ein pandemi
  • Leeds har rykka opp i Premier League

Om det ikkje er nok til å kalle eit øl Ragnarok, so veit ikkje eg?

Ragnarok : All you need to know about it [Detailed]

Det er ikkje tvil i at det har vore eit spesielt år. Denne våren fekk vi lære om kinesiske matvanar, og byar i Kina på W. Det har vel ikkje lukta så mykje fusel sidan «Brent ova i garden» gjekk av mote tidleg på 90-talet. I tillegg verka det på utvalet i butikkane, som om heile landet var meldt på «Hele Norge baker». Det mest fasinerande var vel likevel behov vårt for toalettpapir. Eit slikt forbruk har ein ikkje sett sidan Kebabfestivalen-93.

Hva er greia med å hamstre dopapir? - Koronavirus - Kvinneguiden Forum

Djupdalsbrygg gjekk sjølvsagt all in for hamsting, og etter to månader med Trøndersodd og Joika på boks, samt brød laga av malt og IPA gjær, var det no mogleg å komme inni garasja igjen for bygging. Det jobbast vidare aktivt med å redusere lageret. Eg kan anbefale ei to-i-ein løysing: Dopapirkaka.

Denne våren fekk og alle nordmenn stifta kjennskap med den romerske legionen. Brått skulle vi alle delast inn i kohortar, noko som ironisk nok i ein smittesamanheng, er ei fastsett eining på 480 infanteristar. Ein kontrovers i denne samanhengen er sjølvsagt strukturendringa for første kohort i år 100 etter kvitekrist, der først kohort kunne vere opp i 800 infanteristar, noko seriøse kohortistar naturleg nok ikkje anerkjenner.

Eit langvarig opphald i brygginga gjekk naturleg nok ikkje hus forbi hjå nornene. Brygginga hadde knappast starta, før den første knuten kom på lagnadstråden, og skandala var eit faktum.

Sidan bryggjeriet ikkje hadde vore brukt på ei stund, fann eg ut at eg skulle vaska utstyret dagen før bruk. Alt var då i skjønaste orden, og alt fungerte som det skulle.

På bryggjedagen starte eg prosessen som vanleg. Oppvarming av vatn, tilsetting av malt, og starte pumpa for å starte meskinga. Pumpa var derimot ikkje med på dette, og det kom ikkje noko ut av slangen. Alle gode busketriks blei no tatt i bruk, men framleis ikkje noko resultat. Maltet var i kjelen, og då er det ingen veg tilbake, sidan kjøling og mesking er uråd utan ei fungerande pumpe. Til slutt starta eg grunnleggjande feilretting, med sjekk av kontaktar og leidningar. Då viste det seg at kontakta til pumpa hadde glidd så langt ut under vask, at det ikkje lengre var kontakt. Når denne blei tykt inn igjen starta pumpa som den skulle.

Nornene var derimot ikkje ferdig med meg enda. Eg bryggja eit sett frå Bryggselv basert på Amundsen Apocalyptic Thunder Juice. Dette såg ut til allereie vere kverna, og sidan sette var blitt ganske gamalt, var eg redd for at utbytte skulle bli lågt. Eg kverna difor ein gong til. Dette resulterte i ein ganske finmalt malt, noko som filteret i Grainfatheren definitivt ikkje likte.

Som ein ser av bilda over rann det mykje rett i overløpet. Det gjer at vørter ikkje blir dratt gjennom sylinderen der maltet er, og ein får ikkje ut smak og sukker som ein skal. For å kome rundt dette måtte eg stadig stoppe opp for å røre i mesken, samt sette til nokre liter ekstra med vatn, for å tynne ut «grauten».

Når meskinga endeleg var ferdig, og eg skulle starte skyllinga, hadde nornene framleis ikkje gløymt meg. Maltet som skulle skyljast var like tettpakka som under meskinga. Ein treng ikkje vere den mest rosa flamingoen, for å skjønt at det tok tid.

Til slutt var det klart til kok. Mykje skum gjorde at eg putta nokre få humle pellets i ved kokestart, sjølv om dette settet eigentleg ikkje skal ha humle før etter kok. Det blei og tilsett laktose 10 minutt før kokeslutt, for å få den uklåre fargen som er kjennemerket til ein NEIPA.

Humlinga til dette settet er ikkje heilt som for vanleg øl. Første humle blei tilsett ved det ein kallar Whirlpool. Det vil seie 5 min etter at kokinga er over, og så fekk det kvile ei stund før kjølinga starta (helst oppimot 30 min). I tillegg var eg i det kreative hjørnet, og la til ein del humle fra eige lager.

Naturleg nok straffa nornene den kreative, og eg hadde eit konstant tett filter av humle under overføringa til gjæringskaret. Dette gjorde at eg måtte stå i ein lett, tvilsam framoverbøygd vinkel for å skrape filteret under heile prosessen. Om nokon i nabolaget skulle blitt beskyttande blinde, ber eg om orsaking for dette. Sjølv med aktiv skraping, blei det fleire stopp. Med stadig meire kreative løysingar for å få i gang igjen pumpa.

«Lønninga» for all røringa under meskinga kom i form av høg OG på 1,078. Sjølv om eg sette til ekstra vatn, ligg det an til å bli eit sterkt øl.

Utruleg nok gjekk tilsetting av gjær og humle greitt, og det blei litt over 23 liter til gjæring.

No har underteikna brukt så lang til på å skrive bryggeloggen, slik at ølet har hamna på fat. No er det slik at det meste av øl ikkje er glad i verken luft eller oksygen etter gjæring, men NEIPA er spesielt lite glad i dette. Det oksyderer ganske raskt ved kontakt med luft, og ein går da frå ein farge som tropisk juice, til noko som ser ut som ein urinprøve som gjev lite håp.

Don't be an anti-bottlite - Blogs - Beverly Citizen - Beverly, MA

For å ungå oksidering hadde vi alt ølet på Cornelius fat. Der er det heilt mørket, og ein tilset CO2 før fylling, slik at det ligg som eit beskyttande lokk. Totalt sat ein igjen med 17-18 liter øl, pga av alle humlerestane.

Sjølv om det var ein høg FG, gjæra ølet enda lengre ned enn det skulle. Ein sat igjen med ein OG på 1,012, noko som gjev ein ABV på 7,8%. Ein annan fasinerande effekt av all tørrhumla, var at ein fikk ein tricolour effekt i bøtta. Dessverre så gjorde desse humlerestane det vanskeleg å få ut alt ølet.

Oppskrift:

Forventet resultat:

OG: 1.064-68FG: 1.017-19
42 IBUABV: 6-7%
7 EBCEffektivitet: 75%

Malt:

6,1 kg Best Pilsen Malt, 3,5 EBC

300 g Flaket Havre

500 g Laktose (røres inn mot kokeslutt)

Totalt: 6,9 kg

Humle:

100g Mosaic 11,7%, whirlpool*
I tillegg blei det hatt i ein god neve Citra og Cascade

100g Mosaic, i gjæringskaret med gjæren
I tillegg blei det hatt i ein god neve Citra

200g Mosaic, tørrhumling, etter 7 dager gjæring
I tillegg blei det hatt i ein god neve Citra

Totalt: 400 g (Pluss noen never Citra og Cascade)

*Whirlpool: skru av varmen,  vent 5 minutter, tilsett humleposen, rør rundt, vent 30 minutter, start nedkjøling.

Anbefalt gjær:

Safale US-05 / Safale S-04

White Labs WLP095 / Wyeast 1318

Du trenger omtrent 310 milliarder celler.

Vi anbefaler:

Rehydrering av tørrgjær: I en desinfisert beholder tilsettes 1 dl vann på ca. 25-30 °C per pakke tørrgjær. La det trekke i 20 min, deretter røres det inn og er klart til bruk.

Mesking:

Du kan meske på flere måter. Det enkleste er en enstegs infusjonsmesk:

67°C i 60 min, 78°C i 5 min.

Koking:

Dette settet kokes i 90 minutter. Tilsett humle som angitt under “Koking” i sjekklisten på neste side.

Gjæring:

14 dager på 20-22°C

Kommenter innlegget