BrewOff! Markapils vs Pilsner Urquell

Pilsner Urquell vs Markapils, Tsjekkia mot Djupdal, 174 års erfaring vs 9 brygg, uroppskrifta vs ei eg fann på internett. Dette kan ikkje bli noko anna enn ein jamn og spanande konkurranse.

IMG_2058

Sidan førre Brewoff mottok Djupdalsbrygg mange klager på tvilsam dømming, spesielt frå Sambryggeriet. Onde tunger kritiserte til og med det Nord-Koreanske avstemmingssystemet vårt. Onde tunger skal ein som kjent høyre på, og Djupdalsbrygg sette seg difor igjen på flyet til Pyongyang for å vidareutvikle systemet.

pyongyang

Som ein ser av bilete, var det god stemning med både smil og latter, samt taktfast nikk på hovudet til musikk. (Noko ein sjølvsagt ikkje ser på bilete.) Med våre gode kontaktar hjå universitetet i Pyongyang fekk vi raskt vidareutvikla avstemmingssystemet. No er det faktisk mogeleg å stemme på fleire kandidatar. Underteikna er litt skeptisk til eit slikt frivolt system, men vi har sjølvsagt lagt inn avgrensingar, slik at andre stemmer berre tel som blanke. Det er naturleg nok og moglegheit for å spore opp stemmedissidentane, slik at ein kan sende dei til saltminene.

Med eit nytt og rettferdig poengsystem på plass er det klart for testing. Allereie ved samanlikning av utsjånad ser ein at Urquell er alt for mørk i forhold til Markapils. Det er heller ikkje mykje skum frå Urquellen, medan Markapilsa kanskje skummar litt i overkant.

IMG_2054

Utsjånad er naturleg nok ikkje alt, og gutane er klar for smaksprøvar. For å gjere smakinga meir upartisk, har eg fått med naboen på testen. For å imøtekomme alle skuldingar om korrupsjon på FIFA nivå, ser ein at testen ikkje er gjennomført på eit 5 stjerners spa hotell på Aruba, med koffertar fulle i pengar og dyre middagar. At naboen gjekk heim med eit velfylt ObsBygg nett med Djupdalsbrygg hadde sjølvsagt ikkje noko påverknad på smakinga.

IMG_2056

Den første supen avslører at det er litt forskjell i smak på dei to. Kloninga mi har ikkje heilt treft mål, men det treng ikkje nødvendigvis vere negativt. Problemet til mange pils sortar er at når dei ikkje er iskalde og heilt ny opna, får dei ein tung og daff pilssmak. Dette har nok med at masseproduksjon på billigast mogleg måte ikkje nødvendigvis gjev nokon smaksfest. Markapilsa er både lysare og lettare enn Urquellen, og den beheld friskheita gjennom heile smakinga.

Og vinnaren er! Djupdalsk pilsner. No var ikkje denne med i konkurransen, men vi opna ei flaske med denne etter dei to andre. Denne er betre enn Markapils, som er betre enn Pilsner Urquell og difor er dette vinnaren av BrewOff. Eg føler at vi denne gang har fått gjennomført eit ryddig og rettferdig konkurranse, med ein verdig vinnar.