#28 Extra Special Bride, #29 Ale you need is love

Hjå Djupdalsbrygg er det stor aktivitet, sjølv om den virtuelle pennen har vore roleg ei stund. Etter å ha inngått festemål for litt over to år sidan, er det no klart for brudelaup. Festemann og festemøy skal bli ektefolk. Dvs. møy og møy. Etter å ha delt fell i 12 år, er vel det omlag like truverdig som historia om Maria Møy. Dei skriftlærde må ha vore langt ned i glaset når dei skreiv den delen av bibelen.

Image result for virgin mary funny

Det er sjølvsagt mykje å ordne i forbindelse med eit brudelaup, og Djupdalsbrygg overlet klokeleg planlegginga til den vise av oss. Noko av det vanskelege er å finne brudelin. Da er det nesten slik at det ikkje finns nok utsal i den vestlege verda, men lukkelegvis ordna det seg til slutt. For min del fann eg blåserken i fyrste butikken eg var inne i, og var godt nøgd med det.

Også blant æser og jotnar var det giftemål. I Trymskvida kan ein lese om jotnen Trym som stal hammaren Mjølner. Trym sitt krav for å gi hammaren tilbake til æsene, er at Frøya gifter seg med han, noko Frøya nektar blankt.

«Ingen honom
att fær heimta
utan han fører meg
Frøya til viv.»

Løysinga blir at ÅsaTor tok hennar plass, kledd i brudelin, slik Trym ikkje skulle kjenne han igjen.

Tor blir kledd opp som brud. ( Illustrasjon av Carl Larsson)

Trym blir mistenksam når Tor forsyner seg så godt av festmåltidet at det knappast er igjen noko til dei andre. Heldigvis er Loke med forkledd som terne, og han klarer å snakke  jotnen rundt, ved å seie at Frøya ikkje hadde ete på åtte dagar. Trym ynskjer så eit kyss frå brura, men Tor krevja då å få sjå hammaren fyrst.

Han letta på linet,
var lysta te kysse,
men undan han stokk
endelangt i salen.
«Kvi er så illkvasse augo på Frøya?
Eld meg tykkjest or augo loga!»

No gjekk det ikkje godt for Trym, for når Mjølner blei tatt fram, greip Tor hammaren og gjorde av med alle jotnane. Når ein les dei to siste linjene i verset, kan ein kjenne igjen ein tilstand som det ein på moderne mål kallar «Bridezilla.»

Etter nokre veker i April som fekk sevja til å stige, var temperaturen i mai tilbake der ein den høyrer heime. Faktisk meinte vêrgudane på Blinderen at temperaturen var 6 grader under normalen. Noko som høyrest normalt ut for Sunnmøre. Diskusjonen på Sunnmøre har difor gått på om ein ville ha merka Ragnarok før Midgardsormen låg og vrei seg på plenen? Det, sidan ein stort sett har ein konstant Fimbulvinter?

 

Image result for fimbulvinter

Det må sjølvsagt bryggjast brudelaupsøl, og i den anledning hadde eg reist til Christiania for å studere kva øl som kunne passe for festen. Eg sette meg inn på Amundsen Bryggeri & Spiseri for å observere kva folk lika. Ut frå min observasjon er den gjengse øldrikkar frå Christiania ein mann med velfrisert skjegg. Han har litt store firkanta briller, og truleg er han særs god i Excel.

Image result for lambic funny

Desse karane drikk surøl. Gjerne så surt at ein får ståpels av første supen. Surøl er eit øl som blir laga i store opne kar, og spontangjærar ut i frå om det er Hugo Bernard (Oude Bruin) eller Louis (Labmic) som har vaska karet barbeint. Ein og annan gang er det begge som vaskar karet, og da bli det ei spesialutgåve som blir kjøpt av skjeggete menn, med firkanta briller, frå Christiania, som er gode i Excel.

Image result for goosebumps funny

No er eg ikkje så glad i surøl og ståpels, difor har eg valt nokon litt lettare variantar. Det blir ein ESB (English Special Bitter) og ein IPA fra Amundsen som heiter Ink and Dagger. Begge var kjøpt frå Bryggselv, då det er greitt å vite at ein får dei riktige ingrediensane.

#28 Extra Special Bride

Den første øla som vart brygga var ESB settet. Dette er ein pub-klassikar frå England, som er eit litt meir smakfullt øl enn ein pilsner/lager. Ølet er tenkt for dei som ynskjer å prøve heimebrygga øl, men som ikkje er glad i mykje humle.

Denne gangen starta skandala allereie før bygginga starta. Eg skulle legge inn oppskrifta i Grainfather appen, og her hadde det tydelegvis vore ei oppdatering på telefonen som ikkje app utviklarane var klar over. Plutseleg var det ikkje lenger mogeleg å legge inn komma i oppskriftene. Det byr på eit problem, sidan mange variablane er i kg. Til slutt måtte eg bare nytte 6 kg som maltvekt, noko som uansett var ganske korrekt. Dessverre sletta eg appen for å sjå om den fungerte etter reinstallasjon, noko det sjølvsagt ikkje gjorde. Da mista eg all historikk frå tidlegare brygg, noko som var ganske irriterande.

Image result for apple app funny

Med ein så god start på brygginga, var det ikkje lenge før Nornene skulle ha meir moro på min kostnad. Setta frå Bryggselv ser ut til å vere kverna på førehand, men eg er litt skeptisk på om ein treng friske kutt for å klare å hente ut det sukkeret som skal til frå maltet. Difor kverna eg alt ein gong til. Dette gjer at det blir meir mjøl og små restar i maltet, noko som fører til at det blir ei meir kompakt masse på botnen av innerrøret.

Sidan gjennomstrømminga då blir særs dårleg, vil det vere behov for mykje røring undervegs for at ikkje OG skal bli for låg. Ein ser raskt når gjennomstrøyminga går ned, ved at å følge med på overløpet. Når det startar å renne her, er det på tide å røyre meir. Eit anna triks er å ha i meir vatn, slik det blir meir volum å fordele malt i. Her vil det naturleg nok vere litt avgrensingar på kor mykje vatn ein kan ha i kjelen.

Det verka som om Nornene var nøgde med seg sjølv, og resten av brygginga føregjekk utan dei store hendingane.

Tilslutt var det nær 24 liter til gjæring med ein OG 1,062. FG enda til slutt på 1,012, noko som gjev ein ABV på 6,4%.

#29 Ale you need is love

Ein treng ikkje vere den største kondoren i fjellet for å skjøne at det neste settet då er IPAen. Etter ein strålande nasjonaldag, var 18. mai satt av til brygging, og skandala var som vanleg ikkje langt vekk. Eg fylde same framgangsmåte med å kverne ein gong ekstra som på ESBen. Overraskinga var difor ikkje stor når eg fekk same problema med gjennomstrøyming, og måtte fram med ausa for å røyre ekstra.

Fordelen med mykje elting av malt og vørter er at ein får eit særs godt utbytte på OG, sjølv om det er mykje arbeid.

Ein IPA har som kjent mykje humle, og dette settet er ikkje noko unntak. Faktisk er det ei humlebombe på 100 gr i Whirlpool, noko som eg mistenkte kunne gje utfordringar for både filter og pumpe. Ganske riktig så blei tapping på fat ei øving som kravde mykje TLC.

Til slutt blei det 24 l til gjæring. OG på 1,064 og ein FG på 1,011. Dette gjev ein ABV på 7,0 %.

img_0454

Oppskrift

Extra Special Bride

Allgrain, 25 liter

Forventa resultat:

OG: 1.058 FG: ~1.012
37 IBU ABV: ~6%
24 EBC Effektivitet: 75%

Malt:

5,5 kg Crisp Maris Otter Malt, 5,5 EBC

400 g Crisp Crystal 150, 150 EBC

100g Crisp Crystal 240, 240 EBC

100g TF Amber Malt
Totalt: 6,1 kg

Humle:

Humletilsetning 1: 55g Challenger/East Kent Golding, 60 min

Humletilsetning 2: 20g Challenger/East Kent Golding 5,8%, 15 min

Humletilsetning 3:20g Challenger/East Kent Golding, tørrhumle.

Totalt: 95 g

Anbefalt gjær:

Safale S-04

Anbefalt:

Klarningsmiddel. Gjev eit klarare øl ved å auke utfelling av protein.

Rehydrering av tørrgjær: I ein desinfisert behaldar tilset ein 1 dl vatn på ca. 30-35 °C per pakke tørrgjær. Lat det trekke i 20 min, deretter røres det inn og det er klart til bruk.

Mesking:

Du kan meske på fleire måtar. Det enklaste er ein einstegs infusjonsmesk:

67°C i 60 min, 78°C i 5 min.

Kor mykje vatn du skal bruke avheng av utstyret ditt:

Koking:

Dette settet kokast i 60 minutt. 

Gjæring:
Det er viktig å bruke riktig mengde gjær på rett temperatur. Husk at gjæra lagar ølet!

14 dagar på 18-20°C.

Husk å oksygenere vørteren ved risting, vørterlufter eller ren oksygen.

 

Flasking:

For å få kullsyre på flaskene må du tilsette litt sukker når du flasker. Det er viktig å bruke passe mengde sukker:

Bruk 5 gram sukker per liter ferdig øl.

 

Tapping på fat:

Dette ølet bør ha 2 volum CO2.

Lagringstid:

Først to veker ved romtemperatur for karbonering, deretter kaldt i omlag to veker.

Ale you need is love  

Allgrain, 25 liter

Forventa resultat:

OG: 1.057-62 FG: 1.010-14
~65 IBU ABV: 6,2%
7 EBC Effektivitet: 75%

Malt:

6,5 kg Pilsen Malt
Totalt: 6,5 kg

Humle:

Pose 1: 17g Magnum 11,9%, 60 min

Pose 2: 6g Citra, 6g Mosaic, 6g Simcoe, 10 min.

Pose 3: 50g Simcoe, 25g Citra, 25g Mosaic 12,5%, Whirlpool*

Pose 4:75g Citra, 75g Mosiac, 37g Simcoe, tørrhumle

Totalt: 322 g

*Whirlpool: skru av varmen,  vent 5 minutt, tilsett humleposen, rør rundt, vent 10 minutt, start nedkjøling.

Anbefalt gjær:

Safale US-05

Anbefalt:

Klarningsmiddel. Gjev eit klarere øl ved å auke utfelling av protein.

Rehydrering av tørrgjær: I ein desinfisert behaldar tilset ein 1 dl vann på ca. 25-30 °C per pakke tørrgjær. Lat det trekke i 20 min, deretter røres det inn og er klart til bruk.

Mesking:

Du kan meske på fleire måtar. Det enklaste er ein einstegs infusjonsmesk:

66°C i 60 min, 78°C i 5 min.

Kor mykje vatn du skal bruke avhenger av utstyret ditt.

Koking:

Vørteren kokast i 90 minutt. 

Gjæring:
Det er viktig å bruke riktig mengd gjær på rett temperatur. Husk at gjæret lager ølet!

14 dagar på 18-20°C

Husk å oksygenere vørteren ved risting, vørterlufter eller ren oksygen.

Flasking:

For å få kullsyre på flaskene må du tilsette litt sukker når du flasker. Det er viktig å bruke passe mengde sukker:

Bruk 6 gram sukker per liter ferdig øl.

Tapping på fat:

Dette ølet bør ha 2,5 volum CO2.

Lagringstid:

Først to veker ved romtemperatur for karbonering, deretter kaldt i 2-3 veker.

 

Kommenter innlegget