#6 Sambryggs(s)øl

Tid for brygging. Gjæringsskapet har stått tomt i ei heil veke, og det er ikkje innanfor! Denne gongen prøver eg meg på eit øl som kollegaer i Sambryggeriet har hatt stor suksess med. Så stor suksess at dei har blitt kommersielle. Dette settet, og fleire andre finn ein no på Vinbua på Moa.

Det er ikkje godt å vite kva avtale Knoll har fått for ølsetta sine, men rykta og ganglanget tilseier han har fått store rabattar i andre etasje.

IMG_1527

Ikkje veit eg kva gutane snorta når dei fann på namnet Gypsumsnorter. Naturleg nok vart dette namnet alt for avansert for ein stakkars bygdegut, så eg enda på Sambryggs(s)øl.

Sambryggsøletikett

Pretty in pink. Det er gutane i Sambryggeriet det.

For ein gong skuld brukte eg kameraet på telefonen ganske flittig for å dokumentere reisa frå korn til øl.

IMG_1529 IMG_1531

Det er ikkje noko juks i prosessen, og Djupdalsbrygg følgjer den tyske reinheitslova. Her nyttast berre malt, humle, gjær og vatn. Samt grøne joggesko.

IMG_1535

Det er viktig å blande godt når ein tilset malt i vatnet. Om ein slurvar i meskinga vil ein ikkje få ut alt gjærbart sukker. Då endar ein med eit øl som får lågare alkoholprosent, noko som kan øydeleggje balansen i sluttproduktet.

IMG_1541 IMG_1540

Grainfatheren sirkulerer vørteret gjennom heile meskinga. Sjølve malten ligg i eit rør i midten med rist i toppen og botn.

IMG_1550 IMG_1549

Når meskinga er ferdig løftar ein opp innerrøyret og let det renne av. Når det nesten ikkje dryp lengre, kan ein trykke rista på toppen ned til den kviler på maltet. Då er det tid for skyljing av maltet. Formålet med skyljinga er å få ut siste gjærbare sukker, samt få det endelege volumet med væske før koking. Grainfather har laga ein snedig app. Denne bereknar mengd vatn til både mesking og skyljing, med utgangspunkt i frå mengda med malt. Veldig greitt for ei urøynd sjel.

IMG_1551

Før kokning dannar det seg det seg ein del skum på toppen. Dette er viktig å røyre inn slik at det ikkje kokar over.

IMG_1554  IMG_1557

Det er i kokefasen ein tilset humla. Ulike typar blir tilsett for å gje både bitterheit og aroma. Tidspunktet det blir satt til i kokeprosessen er og viktig for å behalde balansen i ølet.

IMG_1560

Sidan bryggeprosessen tek ein del timar, og ein god del av dette er dødtid, kan ein sørge for å vaske ting undervegs. Reinhald er som kjend særs viktig.

IMG_1558

Elles så kan ein bruke tida til noko langt meir fornuftig. Smaksprøve.

IMG_1543

Kolchen var godt drikkandes allereie, sjølv om den bør lagrast kaldt minst ein månad.

IMG_1545

Mr Neslon har fått ein fantastisk klårleik, og den byrjar å modne som den skal. Skål!

IMG_1542

Passe fullt ølleskap?

IMG_1565 IMG_1579

Dessverre kan ein ikkje berre drive med smaksprøving i solskinet. Når det er ferdig å koke, må ein gjere måling av OG. Her nyttar eg både eit hydrometer for øl, og eit refraktometer. På refraktometeret må ein rekne om verdien ein får i BRIX til OG. Dette gjer ein enkelt på Bryggekalkulatoren. Eg kjem som regel ut med en verdi som er ganske lik på begge målingane, og nyttar ofte middelverdien av desse målingane for OG verdien.

IMG_1583

Det blei om lag 22 liter til gjæring.

IMG_1585

Endelig er det liv i gjæringsskapet igjen.

Sambrygs(s)øl

Est Original Gravity: 1,060
Estimated Alcohol by Vol: 6 %
Batch Size: 45 liter
Bitterness: 35 IBUs
Est Color: 15 EBC

Malt
 4,25 kg Pale Malt (6 EBC)
 350 g münchenermalt, 25 EBC
 400 g hvetemalt,
 350 g pale crystal malt, 70 EBC

Humle
15 g Citra, pellets, 60 min.
15 g Cascade, pellets, 15 min.
15 g Citra, pellets, 15 min.
15 g Citra, pellets, 2 min.
15 g Cascade, pellets, 2 min.
10 g Amarillo, pellets,  2 min.
15 g Citra, pellets, tørrhumle fra dag 5
15 g Cascade, pellets, tørrhumle fra dag 5
10 g Amarillo, pellets, tørrhumle fra dag 5
Gjær: Safale US-05

 

Advertisements

Globetrottar eller kortreist?

Gulatingslova:

”Enno ei ølgjerd har me lov å gjera, husbond og husfru like mykje malt kvar, etter vekt, og signe det jolenatti til takk frå Krist og Sankta Maria, til godt år og fred. Um so ikkje vert gjort, skal det bøtast tre merker til biskopen. Men um nokon sit soleis tre vintrar at han ikkje gjer ølgjerdene eller greider dei bøtene som me har lagt på for kristendomen vår, og han vert sannskyldig i det, då har han forbrote kvar penning av godset sitt. Det eig kongen vår halvt, men halvt biskopen. Um han ikkje vil det skal han fara ut or riket åt kongen vår”

gulating

Ølbrygging i Noreg har tradisjonar sidan Kvitekrist var bleiebarn, og Tor og Odin var dei gilde gutane. Som ein ser av teksten over, leika ein ikkje når det kom til brygging. Gulatingslova seier at den som ikkje bryggja, kunne misse både gard og grunn, og i verste fall bli landsforvist.(Slik fekk ein fylt opp Island!)

thor-my-god-has-a-hammer

Kva har dette med kortreist lurer sikkert den observante lesar på no. I mitt haud er det ikkje tvil i at øl som har bevegd seg omlag tjue meter i heile livsfasen, følast som eit kortreist produkt. Likevel er ikkje ølet ein lagar så veldig kortreist. Malten er gjerne europeisk, medan gjær og humle kan kome frå alle verdas hjørne. Difor var det særs interessant å lese ein artikkel av den mest skriveføre av søskena Dybdal om Det heilnorske ølet.

Ein kan sikkert diskutere i det vide og breie om korleis ølbrygging har utvikla seg dei siste åra. Det produktet dei fleste av oss sit med i glaset i dag, er nok langt unna det anane våre laga i store stampar. Likevel må det vel seiast at det freistar å prøve humle frå hagen, og urter frå Noreg, når eg skal starte å bevege meg utanfor standardane. Her blir det spanande å sjå kva oppskrifter og moglegheiter som kan kome ut av eit slik prosjekt?

Krøll på tunga i andre vers?

Neida. Eg har ikkje prøva meg på Nystemten eller eit av Øystein Sunde sine verker. Her er det gylne tonar i glas og flaske som gjeld. Men er det falske tonar, eller har DjupdalsBrygg treft med stemminga?

Tolmod er som kjent ein dyd. Her slit eg litt. Eg har ikkje sett noko til dyden på ei stund, og verkar difor ikkje å vere oppsett med tolmod? Dette gir utslag i prøvesmaking (av øl som skal lagrast i fleire månader) etter ei veke. Omlag som å prøvesmake vin, når druene blir plukka med andre ord.

IMG_1486

Turen var komen til Andre vers. Det var litt lite futt og fylde etter ei veke i Første vers. Difor har eg faktisk klart å vente til det var hadde gått heile to veker!!! før eg starta på Andre vers. Det verkar, merkeleg nok, som det var noko i at denne type øl skal lagrast ei stund. Allereie etter to veker har Andre vers fått eit større smaksbilete, og kullsyra byrja å kome på plass. Eg er litt usikker på om det er gjærtypen som gjer at det blir litt lite kullsyre i Første og Andre vers, men det var heldigvis litt meir sprut i Andre vers. No skal dei få stå kaldt nokre månader og så er det berre å gle seg til jul!

Eg skulle eigentleg flaske Krøll(sch) på tunga i helga, men sidan Growlerane mine låg på Meny, venta eg til måndag for å få teste desse.

IMG_1496

Sjølvsagt er det juks å sette seg inn i korleis ein ny dings verkar på førehand. Googling undervegs den einaste rette måten å gjere det på. Ein «How to» YouTube medan ein tappar er og innanfor.

IMG_1491

Resultatet gav seg naturleg nok sjølv. Ikkje hadde eg CO2 patron til å karbonere med, og butikkane var stengde. Enden på visa blei at det blei sukkerlake her og. På Growler er det visst vanleg å nytte 4-5 gram sukker pr liter øl, men sidan det er same dunken som er nytta til flaskene, blei det 6 gram pr liter på alt.

IMG_1495

Resultatet blei rundt 23 liter Kolsch. 8 liter på growler og 30 flasker.

Kjære Gud,
Eg ber om tolmod.
Og eg vil ha det AKKURAT NO!

Sjølvsagt måtte det ein smaksprøve på bordet under flaskinga. Og her er vi tilbake til tolmoda igjen. Mr Nelsons Fillecountry hadde blitt heile ei veke gammal på flaske, og då var det «klart» for smaksprøve.

IMG_1494

Kullsyra var ikkje heilt på plass, men den skumma fint. Må vel seie at det var litt mindre smak enn eg hadde venta. Dette smakte meir pils enn APA, men etter ei veke så er nok ikkje alle smakar ferdig utvikla.

Los tres amigos

IMG_1497

Sidan det er tomt i gjæringsskapet så lyt eg planlegge ei brygging til helga. Ikkje bra med tomme skap. Skal eg rekke sju sortar til jul så har eg inga tid å miste!