Pale ale, #10 Djupdals APA, #11 Natt

«Sunnmøringar rullar stein medan dei søv» såg eg i eit intervju i avisa, og det kan jo forklare kvifor eg er trøtt om morgonen. Ein kan ikkje ligge på latsida på dagen heller, og med pilsa ferdig flaska var det berre å hive seg rundt. Sidan det store kjøeskapet kan brukast til gjæring i to veker til, hadde eg moglegheit til å få satt to batcher til før pilsa var ferdig karbonert.

Eg har lenge hatt liggande eit pale ale sett, og det var på høg tid å få omsetnad på dette. Det var  berre å finne fram palen og gjere seg klar.

12715556_1698677157014196_1351834844382468642_n

Sidan underteikna etter kvart byrja å bli uro over om han hadde skjøna pale ale konseptet, enda eg opp med å vere særs vågal og usømeleg. Eg gjekk vekk frå ei skriven oppskrift!

#10 Djupdals APA.

Eg har fram til dei to pils batchane berre brygga ferdige sett, enten frå Vinbua eller Hobbybryggeren. Når ein var ny i faget tykte eg at det var ein grei måte å starte opp på. Ein får kontroll på ein av faktorane, slik at ein kan bruke tid på utstyr og teknikk. Det har derimot aldri vore meininga å fortsette med dette, då det er artig å lage unike øl. Grunnen til at Pale ale settet har blitt liggande, er at eg har sett på dette som det minst spanande av dei eg kjøpte. Sidan eg allereie har mykje lyst, lettsmakt øl, bestemde eg meg for å «pimpe opp» oppskrifta. Med god hjelp frå Knoll i Sambryggeriet endra vi litt på korninhaldet, slik at ein hadde ein kornbase som sømer seg for ein APA. I tillegg lage vi ein langt meir spenstig humleprofil som forhåpentlegvis gir eit velsmakande øl. Hadde vi drive med dunk dunk musikk, så hadde det vore Djupdalsbrygg feat. Knoll. Målet med dette er at ein etter kvart kan ende opp med ein signatur APA for Djupdalsbrygg, og at dette er ein versjon 1.0 av denne.

IMG_1842

Eg hadde ein dykkarinstruktør som sa til meg når eg tok dykkarlappen, at det er ikkje dei første dykka som tek livet av deg. Det er når du har nådd 10 dykk, og trur du er verdsmeister at feila kjem. Med denne visdomen i børa, har eg klokka over 70 dykk utan store problem. Dessverre så hadde eg ikkje nokon bryggeinstruktør som gav meg ein tilsvarande livsvisdom, og skandalen var som vanleg rett rundt hjørnet.

Eg må seie at eg har komen godt inn i rutinane, og med Grainfatheren går brygginga stort sett av seg sjølv. No som eg har nådd 10 brygg, og sjølvsagt føler meg som ein verdsmeister, går ting på autopilot. Godt hjelpt av Grainfather Appen som passer på vassmengd, tid osv. Brygginga starta som normalt med at kornet blei kverna, og dette blei tømt i ein ferdig oppvarma Grainfather. Eg rørte godt, og sette på sirkulasjon som vanleg. Eg såg at det for ein gang skuld rann i overløpet, men etter å ha vore på interwebben i ein tidleg fase, fann eg ut at dette ofte var eit problem som gjekk over etter fem minutt. Derfor lot eg det stå og gå i ein time som vanleg, utan å tenke noko meir over det. Skyljinga gikk derimot særs tregt, og eg har i ettertid lært meg nokre fine framandord som heiter Stuck mash. Etter å ha leika litt frøken detektiv fann eg ut at det eg ikkje hadde tilpassa vassmengda på Appen slik at denne blei 23 liter. Dette har gjort at det har vore mindre vatn enn det burde ha vore i meskeprosessen, noko som har gjort at ein har fått dårlig gjennomstrøyming. Eg enda på 19 liter i dunken og 1,062 i OG. Dette gav berre ein målt effektivitet på 62% på mesken, noko som er utruleg dårleg.

Eg brukar å seie til mine EDB brukarar, at problemet er mellom stolen og tastaturet. I dette tilfelle må ein vel seie at problemet var mellom stolen og mobilen, og ein skikkeleg burn tilbake til meg.

Oppskrift: Djupdals APA

Type: All Grain

Batch Size: 23,00 l

Boil Size: 28,00 l

Boil Time: 60 min

IBU: 32,4

SG: 1,060

FG: 1,013

Yeast: US-05

Grain:

4,00 kg Pale Malt (2 Row) US (3,9 EBC)  Grain     1             63,5 %

1,60 kg Corn, Flaked (2,6 EBC)   Grain     2             25,4 %

0,50 kg Munich Malt – 20L (39,4 EBC)     Grain     3             7,9 %

0,20 kg Caramel/Crystal Malt – 80L (150,0 EBC) Grain     4              3,2 %

Mash Steps

Mash In                               65,0 C   60 min

Mash Step                          75,0 C   10 min

Boil Ingredients

Amt       Name   Type      #             %/IBU

25,00 g Cascade [6,00 %] – Boil 60,0 min               Hop       5              14,2 IBUs

11,00 g Cluster [7,00 %] – Boil 60,0 min                 Hop       6             7,3 IBUs

11,00 g Vanguard [5,00 %] – Boil 60,0 min            Hop       7              5,2 IBUs

20,00 g Cascade [6,00 %] – Boil 15,0 min               Hop       8              5,6 IBUs

0,5 tab Protafloc Tablet (Boil 15,0 mins)                Fining

20,00 g Cascade [6,00 %] – Boil 0,0 min               Hop       9             0,0 IBUs

15,00 g Citra [12,00 %] – Boil 0,0 min                    Hop       10           0,0 IBUs

11,00 g Vanguard [5,00 %] – Boil 0,0 min               Hop       11           0,0 IBUs

Dry Hop/Bottling Ingredients

Amt       Name   Type      #             %/IBU

20,00 g Cascade [5,50 %] – Dry Hop 7,0 Days       Hop       12           0,0 IBUs

20,00 g Citra [12,00 %] – Dry Hop 7,0 Days           Hop       13           0,0 IBUs

#11 Natt

På en jobbtur til Bergen fekk eg smaken på Svartediket frå 7Fjell. Dette er ein Black IPA, eller Svart Indisk Lyst Øl som det heiter på godt norsk…. Sidan eg ikkje har prøvd meg på noko mørkt øl før, fann eg ut at eg måtte prøve å lage noko liknande. 7Fjell har forresten alle sine oppskrifter på nettet, slik det er mogeleg å hente inspirasjon for den som ønsker det.

IMG_1844

Eg har stor sans for Lunsj stripene, og i dette tilfelle kjenner eg meg skikkelig igjen i Kjell.

Kjell

Laurdagen var det fine -4 gr C, noko som skapte dårlig stemning på IPhonen. Batteriet døde ganske kjapt ut, og derfor blei det tatt få bilete denne dagen. Eg fekk etterkvart lada den igjen, slik at fekk tatt nokre bilete av det svarte gullet.

Eg enda litt under forventa OG, men sidan at eg kom ut med 24 liter i dunken så er det vel innanfor forventa margin.

IMG_1846

Oppskrift: Natt

Black IPA

Type: All Grain

Batch Size: 23,00 l

Boil Size: 28,00 l

Boil Time: 90 min

SG: 1,068

FG: 1,011

IBU: 63

Yeast: US-05

Mash Ingredients

Amt       Name   Type      #             %/IBU

3,00 kg Pale Malt (2 Row) US (3,9 EBC)  Grain     1             42,9 %

3,00 kg Pilsner (2 Row) Ger (3,9 EBC)      Grain     2             42,9 %

0,50 kg Wheat Malt, Ger (3,9 EBC)          Grain     3             7,1 %

0,20 kg Crystal Malt – 60L (Thomas Fawcett) (118,2 EBC)               Grain     4             2,9 %

0,10 kg Carafa Special I (Weyermann) (630,4 EBC)           Grain     5             1,4 %

0,10 kg Carafa Special III (Weyermann) (925,9 EBC)         Grain     6             1,4 %

0,10 kg Caramel/Crystal Malt – 60L (118,2 EBC) Grain     7              1,4 %

Mash Steps

Mash In               64,0 C    20 min

Mash Step          71,0 C    20 min

Mash Step          77,0 C    5 min

Boil Ingredients

Amt       Name   Type      #             %/IBU

25,00 g Warrior [15,00 %] – Boil 60,0 min             Hop       8              33,4 IBUs

0,5 tab Protafloc Tablet (Boil 15,0 mins)                Fining    9             –

40,00 g Ahtanum [6,00 %] – Boil 15,0 min            Hop       10           10,6 IBUs

15,00 g Centennial [10,00 %] – Boil 15,0 min       Hop       11           6,6 IBUs

15,00 g Simcoe [12,25 %] – Boil 15,0 min               Hop       12           8,1 IBUs

40,00 g Ahtanum [6,00 %] – Boil 2,0 min             Hop       13           1,8 IBUs

15,00 g Centennial [10,00 %] – Boil 2,0 min          Hop       14           1,1 IBUs

15,00 g Simcoe [12,25 %] – Boil 2,0 min                 Hop       15           1,4 IBUs

Dry Hop/Bottling Ingredients

Amt       Name   Type      #             %/IBU

40,00 g Ahtanum [6,00 %] – Dry Hop 10,0 Days                  Hop        17           0,0 IBUs

40,00 g Centennial [10,00 %] – Dry Hop 10,0 Days            Hop        18           0,0 IBUs

15,00 g Simcoe [12,25 %] – Dry Hop 10,0 Days                     Hop        19           0,0 IBUs

 

IMG_1858

Etter en laaaang dag, var det godt å sjå at skapet var fullt igjen.

Advertisements

Pilsflasking

Sidan eg er ny med undergjæra øl, har det vore med spaning eg har følgt med i prosessen. Dette må jo vere ein særs god ide for NRK si neste sakte-TV satsing. Pilsbrygging, minutt for minutt. Litt over tre og ein halv månad med rivande drama og høg dramatikk. Djupdalsbrygg stiller sjølvsagt alle mann alle til eit slikt konsept!

Når eg starta gjæringa sette eg gjæringstemperaturen først til 10 grader. Sidan aktiviteten i byrjinga var særs låg, auka eg temperaturen til 10,5. Då starta det med treige, men jamne plopp frå gjærlåsen. Etter tre veker hadde dette roa seg, og eg gjorde ei måling av FG på begge brygga. Marka pils var kome ned på 1,011, medan Djupdalsk pilsner var enda lågare med 1,008. Dette var der ein skulle vere, og då var det berre å sette i gang med flasking.

Skandalane er som vanleg ikkje langt vekk, og eg fann raskt ut at eg hadde gløymt å kjøpe korker. Her kunne ein ende med opp til fleire fargar på toppene innan for same brygg, og i verste fall ende med julekorkene. Dette førte til både lette pannerynker og flakkande blikk hos ein sindig sunnmøring. I-lands problem vil kanskje nokon seie, men idiotar finn ein som kjent over alt. Heldigvis fann eg etter kvart ein halvfull  pose med sølvfarga korker langt inne i skapet. Dagen var redda, og pannebrasken glatta seg ut igjen.

IMG_1839

Eg nytta og mine tre siste tomme growlerar for å spare meg litt arbeid. Det skal bli artig å prøve desse når pilsa er ferdig modna. Dunken såg eigentleg ut som ein stor halvliter, og såg særs freistande ut.

IMG_1835

Som vanleg vart det smaksprøve under flaskinga. Sjølv om brygget er utan kolsyre og er varmt, smaka det pils. Litt fasinerande var det at det var ein del smaksforskjell på dei to, sjølv om oppskriftene er ganske like. Den einaste store forskjellen er bitterhumla, men det er tydelegvis nok til å gi ulikt smaksbilete. Om denne forskjellen og er der om eit par månader gjenstår å sjå.

Totalt 21,5 l Marka pils, og 25,5 l Djupdalsk pilsner ferdig tappa.