Brew-off

Dagen er komen! Brew-off! East coast vs West coast. David mot Goliat. Mesterane mot lærlingen. Sambryggeriet mot DjupdalsBrygg. Bedre Jul mot Julefantasi. Vil Knoll og Tott si pils halde seg i tegneserien? Er DjupdalsBrygg klar for Champions League?

brewoff

Deltakarane:

IMG_1693

Allereie før korka er spretta ser ein at skandala er eit faktum. Sambryggeriet stiller med kvite korker på juleølet! Sjølv om det er formildande med juletrykk, luktar det allereie her sisteplass.

IMG_1696
Når korksjokket hadde lagt seg var det klart for å fylle glasa.

IMG_1697

Den første forskjellen kom ved opning av flaskene. Her var det tydeleg at det var litt mindre kolsyre i flaska frå Sambryggeriet, men begge fekk ein fin skumkant. Også fargen er litt ulik. Julefantasien verkar å vere litt klårare, og har eit delikat mørk farge med eit hint av lysgjennomtrenging. Bedre jul er mørkare, utan at det har noko negativ effekt.

IMG_1699

Sidan Knoll er særs glad i godt pålima etikettar, måtte ein sjølvsagt finne eit eksempel på dette.

 

IMG_1701

Tilbake til smakinga bekrefta første supen at Julefantasien var meir sprudlande enn Bedre jul. Dette gir ein litt friskare smak, utan at skilnaden er stor. Etter nokre supar viser det seg at Sambryggeriet har litt meir kropp. Det viste det seg at øla deira og har, noko som gir ein meir fyldig og rund ettermak på Bedre jul.

IMG_1703

Guten drikk like bra med begge hendene.

Når ein kjem litt lengre ned i glaset, blir fylden til Bedre jul nødvendigvis ikkje like positiv. Den følast no litt meir tung, medan Julefantasien framleis har friskheita i behald.

IMG_1700

Tilbehør til smakinga er viktig. Sidan Særimne er opptatt i Valhall, laut julegrisen gjere jobben med hjelp av saltmat og søtmat. (Dårlig med penger og gull.)

Dommen:

Sidan denne konkuransen sjølvsagt er like korrupt som eit FIFA val, er det utan tvil Julefantasi som er vinnaren. Under dømminga har vi nytta eit poengsystem mykje brukt i Nord Korea, for å gi eit rettferdig resultat.

Vinnaren har ei friskheit og ein smak som gjer at det blir heimesiger. No skal det seiast at det mangla litt fylde og ettersmak i forhold til Bedre jul. Noko som kunne gitt eit anna resultat i ein litt mindre partisk jury.

Alt i alt er det to gode øl som ikkje kjem til å skjemme seg ut på noko julebord. Sidan oppskrifta er om lag lik, er det interessant at det likevel er litt forskjell på brygga, sjølv om ein kjenner at det er mykje dei same smakane i ølet. Oppskrifta er vel ikkje den mest spenstige i julesamanheng, men det gir eit øl som smakar i dei fleste anledningar.