#26 Julefantasi, Femte vers

Sol, sol, sol. Kva skjer på Sunnmøre? Er det Ragnarok? Har Trump bygd ein mur mot regnet? Har kvitekrist tenkt å fikse på fargen på stranda? Ikkje veit Djupdalsbrygg, men faktum er at Sunnmøre hadde ein sommar det vil bli snakka om i 100 år.

thor__beer__illustration_by_illusgator-d77bgzf[1]

Djupdalsbrygg valte sjølvsagt varmaste sommardagen for å brygge juleølet. Det er ikkje vanskeleg å sett oss i julestemning, men sjølv med fire knappar opna i oljehyra, var det ein varm dag. Ein treng ikkje vere den best kledde pingvinen på isen for å skjøne at her kjem det til å lukte svidd. No var det ingen veg tilbake, og eg starta førebuingane. Greates Oopmpah hits blei bytta ut med Deutsche Weihnachtslieder, og sjølvsagt blei juletujaen tend.

sol

No lurer de sikkert på kvifor eg ikkje har publisert noko tidlegare, sidan ølet faktisk var brygga i midten av juli? Etter så mykje solskinn, gjekk eg som alle andre sunnmøringar, inn i eit heiterelatert koma. Difor måtte det mange månader til med ekte sunnmørsk ver til for å få kjølt ned kroppen igjen. Heldigvis kjem det regn etter sol på sunnmøre. Mykje regn skal det seiast.

aa49da0a4eac87baef0da1d6a8fa43e8--beer-memes-beer-humor[1]

Djupdalsbrygg er klar for jul!

IMG_0024

Etter å ha brukt same oppskrift nokre år, fann eg ut at eg skulle prøve noko nytt i år. Eg kjøpte difor eit sett med Ringnes Julebokk frå Bryggselv. Med eit ferdig bryggesett kunne vel ikkje noko gå gale? Sjølvsagt var ikkje skandala langt unna. Etter å ha pådratt meg eit tyngre solstikk allereie under fylling av vatn, var det ikkje noko rart at eg ikkje reagerte på maltmengda i settet. Eg starta difor med godt mot, og fylte opp bryggeriet med malt. Ganske raskt viste det seg at gode 7,7 kg med malt er i overkant for Grainfatheren. Det førte til at gjennomstrøyminga ikkje fungerte som den skulle, og det vart problem med å hente ut den sukkermenga som ein skulle hatt frå maltet.

Problema under meskinga gjorde at Preboil OG var altfor lav. Gode råd var difor dyre, og eg hoppa i bilen for å kjøpe spraymalt. Med en kilo spraymalt i bagasjen, returnerte eg, og fekk det opp i kjelen. Det måtte mykje røring til for å få blanda ut så mykje spraymalt, men til slutt var det klart for tapping på fat.

Til slutt enda eg på 1,082 i OG som ikkje er så langt frå 1,086 som var målet. Gjæringa kom heller ikkje heilt i mål. Her enda eg med ein FG på 1,023, medan den skulle ha vore 1,015. Dette gjorde at ølet blei litt svakare enn det skulle. Det blei eit øl på 7,7%, så er det nok litt meir sødme enn det skulle ha vore.  

Oppskrift:

Denne er hemmelig, så her lyt ein kjøpe eit sett frå Bryggselv om ein ynskjer å lage settet. Ølet blei veldig godt, slik det er absolutt og anbefale.

Kommenter innlegget