Etter ein rolig periode med fulle skap og oppussing i heimen, var det endelig klart for bryggedag igjen! Sidan det er nytt år og nye moglegheiter, startar eg året med ølbryggingas Faux pas. Pils. Ordet som får hardbarka ølsnobbar til å gå i lette spasmar, samtidig som dei prøver å skjule eit overberande og nedlatande andletsuttrykk. Hadde det eksistert eit ølbryggingspoliti hadde nok straffa blitt evig drikking av Budweiser(den amerikanske), samt Absolutt Trekkspel 1,2 og 3 i repeat på spelelista.

Pils er inngangsporten for dei aller fleste til øl, og for min generasjon så var det ikkje mykje anna å få i butikkane. Eg må vel innrømme at det går lenge mellom kvar gang eg kjøper ei pils no, men ei god pils er ikkje å forakte på ein varm sumardag.

For meg er pilsbrygging ein test på kor langt eg har komen som bryggjar. Her er det ikkje store mengder humle og gøyme usmak bak. Pils er undergjæra, som betyr at ein nyttar låg temperatur under gjæringa. Dette gjer at alt tek lengre tid. Gjæringsperioden er 3-4 veker, og etter flasking og karbonering, skal flaskene stå kaldt i minst to månader. Lang produksjonstid gjer at reinhald og rutinar er ekstra viktig for å få eit bra resultat.
Eg har valt å gå for to brygg av typen Bohemian Pilsner. For første gong bryggar eg ikkje ferdige sett, men står på eigne bein. Det eine pilsa er basert på oppskrifta Gahr ed pilsner, og den andre ein Pilsner Urquell klone eg fann på Norbrygg si nettside.

Skal ein brygge pils, er det ikkje mogeleg og kome utanom Pilsner Urquell. For å ta litt historikk er Bohemia det tyske namnet på ein del av Tsjekkia. Pilsen er det tyske namnet på den Tsjekkiske byen Plzen. I 1838 var kvaliteten på ølet så dårleg i Plzen at bystyret straffa dei lokale bryggjarane med å tøme ut 36 tønner øl i det offentlege. Det gjekk så dårleg at lokale bryggjarar var i ferd med å bli utkonkurrert av Bayersk og Austerriksk import øl. Gode råd var dyre, og enden på visa blei at dei slo seg saman og bygde eit moderne bryggjeri, basert på Bayersk modell. I tillegg henta dei ein bayersk bryggjemeister kalla Josef Groll. I staden for å bruke det mørk malt som var vanleg i dei tider, laga Groll ein lys malt basert på tsjekkisk korn. Med gjær smugla inn frå Bayern og den lokale Saaz humla, hadde han i 1842 laga den første blonde lagerøla. Ordet Urquell stammar igjen frå tysk. Ur kan bli oversett med «original» og med quell meiner ein «kjelde». Pilsner Urquell er i dag opphavet til 90% av den øla som konsumerast i dag.
Den originale oppskrifta til Groll:
Groll’s Pilsner
(5 gallons/19 L, all-grain)
OG = 1.046 FG = 1.011
IBU = 40 SRM = 3.5 ABV = 4.4%
Ingredients
7.33 lbs. (3.3 kg) pale Pils malt (such Weyermann Pilsner) (1.5–2 °L)
0.75 lbs. (340 g) Weyermann Acidulated malt (1.7–2.8°L)
0.75 lbs (340 g) Weyermann Cara-foam or Briess Carapils (2 ºL)
0.5 lbs. (225 g) Munich malt (10°L)
9.3 AAU Czech Saaz hops (bittering) (2.33 oz./66 g of 4% alpha acid)
1 oz. (28 g) Czech Saaz hops (flavor)
0.5 oz. (14 g) Czech Saaz hops (aroma)
0.3 oz. (8.5 g) Irish moss
1 package of Czech-style lager yeast (such as Wyeast 2278, Wyeast 2124, White Labs WLP800 or White Labs WLP802)
1 cup DME or corn sugar (for priming)

Sidan lageret mitt byrjar å minke hadde eg moglegheit til å frigjere det store kjøleskapet til gjæring. Dette gjer at eg kan doble produksjonen, og at eg kunne gjere to brygg på ein dag. Pils skal som nemnt gjære minimum 3 veker, og om eg skulle nytta det vanlege skapet med plass til eit kar, så ville det ha låst produksjonen min i lang tid.
Marka Pils
Med to brygg på ein dag, så var planen å starte tidleg. Morgonen gjekk dessverre litt i frå meg så eg var ikkje i gang med første mesk før klokka 11. Den første pilsa på programmet var Marka Pils. Namnet er henta frå Gåseidmarka som er kor Djupdalsbrygg er lokalisert. Marka pils er basert på ein Urquell klone. Dette er ikkje ei rein Saaz humla pils, men sidan Djupdalsk pilsner er det, så tykte eg at det var greitt å prøve ei oppskrift med ein litt annan profil.

Oppskrift:
Size: 23,0 L
Efficiency: 73,0%
Attenuation: 73,0%
Original Gravity: 1,050 (1,044 – 1,056)
Terminal Gravity: 1,013 (1,013 – 1,017)
Color: 8,77 (6,89 – 11,82)
Alcohol: 4,92% (4,2% – 5,4%)
Bitterness: 38,0 (35,0 – 45,0)
Mash:
65C i 60 min
75 C 10 min
Boil:
60 min
Ingredients:
5000 g (94,5%) Bohemian Pilsner Malt – added during mash
230 g (4,3%) CaraMalt – added during mash
60 g (1,1%) Munich TYPE I – added during mash
20 g (16,7%) Northern Brewer (10,5%) – added during boil, boiled 60 m
50 g (41,7%) Czech Saaz (2,9%) – added during boil, boiled 25 m
50 g (41,7%) Czech Saaz (2,9%) – added during boil, boiled 8 m
2 pk Saflager W-34/70 11,5g
Fermentation: 21 days 10 C

Bryggeprosessen gjekk greitt. Gjæra var hydrert før bruk, og eg fekk faktisk ut vørter på 10 grader som var målet. Totalt 23 liter til gjæring med ein OG på 1,054.

Djupdalsk pilsner
Med første pils til gjæring så var det bare å peise på for å bli ferdig. Eg er ikkje heilt sikker på om det var Grainfather appen som lura meg, eller om det var eg som måla opp feil, men det blei mykje meir væske enn berekna.

Oppskrift:
OG: 1.047-50
FG: 1.010-14
IBU: 40
Alkohol: 4,7%
EBC: 7
ME: 73%
Volum: 23 liter
Malt:
5,0 kg Pilsnermalt
350g Munich Mørk 25 EBC
Totalt: 5,35 kg
Humle
55g Saaz, 3,5%, FWH
45g Saaz, 3,5%, de siste 30 minuttene
45g Saaz, 3,5%, de siste 10 minuttene
45g Saaz, 3,5%, de siste 2 minuttene
Totalt: 190g
Gjær:
2 pk Saflager W 34-70
Gjæring:
21 grader C 10 dager
Resultatet blei nesten 28 liter pils til gjæring. Eg var redd eg måtte sitte heile kvelden for å koke ned mengda, for å komme ned til korrekt OG. Når eg tok måling vart eg derimot positivt overraska. OG var 1,050 etter 90 min kokning. Ein kan vel få ein ubalanse i forhold til humle, men humle mengda er eigentleg til ein 25 liters batch så eg trur det burde vere innanfor?

Rundt 50 liter til gjæring. Fornøgd med det.