Krøll på tunga i andre vers?

Neida. Eg har ikkje prøva meg på Nystemten eller eit av Øystein Sunde sine verker. Her er det gylne tonar i glas og flaske som gjeld. Men er det falske tonar, eller har DjupdalsBrygg treft med stemminga?

Tolmod er som kjent ein dyd. Her slit eg litt. Eg har ikkje sett noko til dyden på ei stund, og verkar difor ikkje å vere oppsett med tolmod? Dette gir utslag i prøvesmaking (av øl som skal lagrast i fleire månader) etter ei veke. Omlag som å prøvesmake vin, når druene blir plukka med andre ord.

IMG_1486

Turen var komen til Andre vers. Det var litt lite futt og fylde etter ei veke i Første vers. Difor har eg faktisk klart å vente til det var hadde gått heile to veker!!! før eg starta på Andre vers. Det verkar, merkeleg nok, som det var noko i at denne type øl skal lagrast ei stund. Allereie etter to veker har Andre vers fått eit større smaksbilete, og kullsyra byrja å kome på plass. Eg er litt usikker på om det er gjærtypen som gjer at det blir litt lite kullsyre i Første og Andre vers, men det var heldigvis litt meir sprut i Andre vers. No skal dei få stå kaldt nokre månader og så er det berre å gle seg til jul!

Eg skulle eigentleg flaske Krøll(sch) på tunga i helga, men sidan Growlerane mine låg på Meny, venta eg til måndag for å få teste desse.

IMG_1496

Sjølvsagt er det juks å sette seg inn i korleis ein ny dings verkar på førehand. Googling undervegs den einaste rette måten å gjere det på. Ein «How to» YouTube medan ein tappar er og innanfor.

IMG_1491

Resultatet gav seg naturleg nok sjølv. Ikkje hadde eg CO2 patron til å karbonere med, og butikkane var stengde. Enden på visa blei at det blei sukkerlake her og. På Growler er det visst vanleg å nytte 4-5 gram sukker pr liter øl, men sidan det er same dunken som er nytta til flaskene, blei det 6 gram pr liter på alt.

IMG_1495

Resultatet blei rundt 23 liter Kolsch. 8 liter på growler og 30 flasker.

Kjære Gud,
Eg ber om tolmod.
Og eg vil ha det AKKURAT NO!

Sjølvsagt måtte det ein smaksprøve på bordet under flaskinga. Og her er vi tilbake til tolmoda igjen. Mr Nelsons Fillecountry hadde blitt heile ei veke gammal på flaske, og då var det «klart» for smaksprøve.

IMG_1494

Kullsyra var ikkje heilt på plass, men den skumma fint. Må vel seie at det var litt mindre smak enn eg hadde venta. Dette smakte meir pils enn APA, men etter ei veke så er nok ikkje alle smakar ferdig utvikla.

Los tres amigos

IMG_1497

Sidan det er tomt i gjæringsskapet så lyt eg planlegge ei brygging til helga. Ikkje bra med tomme skap. Skal eg rekke sju sortar til jul så har eg inga tid å miste!

Flasking av Mr. Nelsons Fillecountry, samt nytt kjøleskap.

I buddhismen heiter det: «Eig du meir enn sju ting, er det tinga som eig deg.» I heimebryggismen vil eg seie: «Eig du mindre enn sju kjøleskap, har du for få.» Difor var det med stor glede at kjøleskap nummer fire kom i hus. Intensiv brygging dei siste vekene byrjar å gje resultat i form av ein god del øl på flaske.Skal det bli plass til alt, må logistikken planleggast nøye.

IMG_1484

Det største kjøleskapet har no blitt øleskap, medan det mellomstore kjøleskapet har tatt over gjæringa. Reine eventyret dette, når ein tek med at det minste kjøleskapet skal inn under trappa. Viktig med kortreist øl.

IMG_1482

Tilbake til det viktigaste. Flasking av Mr. Nelsons Fillecountry. Eg må seie at dette ølet ser særs delikat ut.

IMG_1475

For den observante lesar kan ein skimte litt av flasketreet på biletet. Eit vellukka resultat avhenger av god hygiene gjennom heile prosessen. Alle flasker og korkar blir skylde i StarSan før ein tappar ølet på flaske.

IMG_1457

Med god hjelp til korking frå nabo, Hans Eivind, enda vi på 43 flasker APA. Etter ein liten prøvesmak kan ein vel ikkje seie noko anna enn at det blir ei iskald Mr. Nelson om 14 dagar.

IMG_1480

 

Utstyr

Ein kompis av meg meiner at dess dyrare ein hobby er, dess meir moro har ein det. No viste det seg dessverre at ølbrygging ein særs morosam hobby…. Det er bryggjaren, saman med utstyret som gjer ølet, men ein kan forenkle prosessen og spare tid ved å ha riktig utstyr. Det finnest vel eit utal spesialtilpassingar i dei forskjellege heimebryggjeri rundt omkring, og den som har tid og interesse for å lage eigne løysingar, kan kome langt utan store investeringar.

IMG_1272

Ein av dei viktigaste komponentane er bryggjekjelen. Her finn ein alt frå kjelevariantar til automatiserte bryggemaskiner. Eg ønska ikkje å lage dette frå grunnen sjølv, så eg enda med å sjå rundt på interweben etter bryggemaskiner. Utvalet er kanskje ikkje heilt det største, men for meg så handla det etter kvart om BeerBrew 30 eller Grainfather. Speidel Braumeister var sjølvsagt den ein helst skulle gå for, men denne blei utelatt frå vurderinga grunna pris. Beer Brew 30 er vel inngangsporten for mang ein hobbybryggjar, men etter å ha konferert med tidlegare eigarar av Beer Brew 30 om temperaturproblem osv, enda eg med ein Grainfather. Dette er ein alt i eitt bryggjerimaskin, og ein kan vel kalle det folkevarianten av Speidel Braumeister. Eg skal skrive litt meir om Grainfatheren seinare når eg får brukt den nokre gangar.

IMG_1278

I tillegg er gjæringa ein særs viktig del av ølbrygginga. Det er viktig å ha god temperaturkontroll her. Eg enda med eit kjøleskap med ein STC-1000 og frostvakt frå Biltema. I byrjinga vil eg nytte eit stort kjøleskap slik at eg kan ha to gjøringstankar i drift samtidig, men på sikt så blir det eit mindre kjøleskap som har plass til ei bøtte.

IMG_1328

Link til korleis ein set opp temperaturstyring med STC1000 finn ein her: Temperaturstyring på 1-2-3 frå Sambryggeriet

I tillegg så er det ein del ting som ein bør/må ha:

  • Rustfri skje
  • Whirlfloc T 100g (Klaringmiddel)
  • Hydrometer med testrør
  • Gjæringsbøtte 30 liter med kran
  • 2 stk gjæringsbøtte 30 liter
  • Flaskefyllar / Tappestang Kraftig
  • Star San 16 oz (Desinfeksjon)
  • Pumpeflaske for Star San
  • Flaskeskyllar med pumpe
  • Flaskestativ 81 flasker
  • Flaskebørste nylon
  • Termometer
  • PBW 450g (vaskemiddel)
  • Erlenmeyerkolbe 5000 ml (Viss ein skal bruke fersk gjær)
  • Magnetrøyrar (Viss ein skal bruke fersk gjær)
  • Maltmølle komplett. Gir fersk maling av korn.
  • Refraktometer. Greitt å ha til måling, men ein klarer seg med hydrometer
  • Flasker
  • Oksygeneringsutstyr til gjæringskar
  • STC-1000 til temperaturstyring
  • Kjøleskap både til lagring av øl og gjæring.
  • Kar til vasking av utstyr

Med dette lille utvalet av utstyr, så er det bare å starte brygginga!