#23 Julefantasi, Fjerde vers

«Same procedure as last year, Miss Sophie? Same procedure as every year, James!” Neida. Djupdalsbrygg snakkar ikkje om glansbileta frå regjeringskåte politikarar. Her er det sjølvsagt Julefantasi på gang. Djupdalsbrygg sitt Blandarkor håpar å unngå sure notar frå i fjor, og stemmer difor i med Fjerde vers. No ser eg på meg sjølv som av den vågale typen sunnmøring (av den typen som har hatt Taco på torsdag ein gong), men når det kjem til juleølet blei det naturelg nok ein Julefantasi.

5PWIJU2X

No skal det seiast at fjorårets Julefantasi gjekk inn i historia som det største skandalebrygget i Djupdalsbrygg si historie. Nornene veit å straffe den vågale, og sidan eg lefla med våtgjær, enda eg med ein Yeastgate. Det byrja så bra med eit velsmakande øl, men når ein kom ut i november starta det med at enkeltflasker byrja å bruse over. No skal ein vel ikkje skulde Trump for alt som er gale i verda, men det starta vel sånn ca akkurat når han blei valt.

Bilderesultat for sun funny

Eg klarte sjølvsagt å velje den einaste dagen i året det gjekk an å kneppe opp øvste knappen på oljehyra for brygging av juleølet. Sommaren er ein underleg ting på Sunnmøre. Eg føler ein er i ein evig Game of Thrones tilstand, der det vekslar mellom Winter is coming, og Winter has come. Men av og til må sjølv Nornene sleppe til Sol, datter til Mundilføre, og då er det vel ikkje nokon gildare stad enn Sunnmøre.

Når ein først er inne på digresjonar så var vikingane dei første til å innsjå viktigheita av Ozonlaget. I diktet Grimnismål seier Odin at framfor sola er det eit skjold ved navn Svalin, og om skjoldet fell frå sin frontale posisjon vil fjellene og havet brenne opp. Heldigvis er jo dette fake news.

Svalin mun stande
framføre sol
skjold for skinande gud;
berg og brim
eg veit brenne skal
om han fell ifrå.

Sjølv om det var ein varm dag, var det på med den nye varmekappa. Eg har innsett at det sparar mykje tid i siste del av oppkokinga med denne på. Malt blei tilsatt i Grainfatheren, og det gjekk ikkje lenge før ein byrja å få farge på vørteret.

Det er ikkje mykje humle i dette ølet, og eg er ikkje så begeistra for alle moglege tilsetjingar slik som ein del andre juleøl inneheld. Difor blir det eigentleg maltet som blir smaksgjevaren her. Det er og grunnen til at ein trenge nokre månader på lagring før at smaken skal få sette seg.

Sidan det er lite humle i dette brygget, gjekk bryggeprosessen greit. Dessverre enda eg eit stykke under forventa OG. Eg hadde heller ikkje noko søte opp vørteret med, så eg måtte ta til takke med ein OG på 1,062. Det betyr nok at det blir eit mindre søtt øl en det eigentleg skulle bli.

Skandala er sjølvsagt ikkje langt unna når Djupdalsbrygg er i gang. Med fjoråret klårt i minnet, skulle eg ikkje gå på nok ein Yeastgate. Når gjæra skulle i, var det ikkje snakk om å spare på noko. To posar med gjær var kjøpt inn, og begge enda i dunken. Her burde eg nok innsett at eg blei litt ivrig, sidan ein pose hadde haldt meir enn nok med den lave OG’en eg enda med. Resultatet blei ei utblåsning som gjorde at Red Adair nok var nær oppstandelsen. Sjølv om eg har gjærlås på så hadde eg fått bygd opp trykk nok til at plasten på lokket fekk knekkmerker… Hadde det vore aske i garasja, hadde området der ein satt askefast over Island vore eit frimerke samanlikna med sikkerheitssona ein hadde hatt rundt Djupdalsbrygg.

IMG_1202

Eg er litt uviss på kva resultat den raske gjæringa vil gje for brygget? Det er som kjent gjæringa som gjev mykje av smaken, men det er berre å vente på resultatet. Brygget gjæra naturleg nok godt ut, med ein FG på 1,011. Noko som gjev ein ABV på 6,7%. Styrken på ølet er difor ikkje så langt frå det den skulle vere, men det har nok forsvunne litt sødme på vegen her.

Sidan eg var så treg med å skrive om brygginga, har ølet både blitt flaska og karbonert. No står det og godgjer seg på kjøl, slik alt er klart til juleribba kjem på bordet.

IMG_1472

Oppskrift: Julefantasi, Fjerde vers

Batch Size: 23,00 l

Mash Step 1: 60 min 67 dgr
Mash Out: 10 min 75 dgr

Boil Time: 80 min

Est Original Gravity: 1,069 SG

Est Final Gravity: 1,016 SG

Estimated Alcohol by Vol: 7,0 %

Bitterness: 29,6 IBUs

Est Color: 25,7 EBC

Yeast: Danstar Nottingham Ale Beer Yeast (Max 1,5 pack….)

Grain:
6,44 kg Pale Malt, Maris Otter (5,9 EBC) Grain 1 93,3 %
0,28 kg Caramel/Crystal Malt – 80L (157,6 EBC) Grain 2 4,0 %
0,14 kg Caramel/Crystal Malt -120L (236,4 EBC) Grain 3 2,0 %
0,05 kg Roasted Barley (591,0 EBC) Grain 4 0,7 %

Hops:
29 g Northern Brewer [10,50 %] – Boil 75,0 min Hop 5 28,0 IBUs
18 g Fuggle [5,00 %] – Boil 5,0 min Hop 6 1,6 IBUs

Fermentation profile: 14 days at 19 dgr

Storage: 3 months at 10 dgr

Etikett:

Julefantasiv4

Advertisements

#21. Frøstig APA

Sol. Varme. Lune vindar. Strand. Måker og måkeskrik, og du har det så bra at du ikkje føler for å hente hagla for å blåse jævelskapet ned frå himmelen. Om dette var dagen din på Sunnmøre i går, mistenker eg at du har forsynt deg grovt av lageret av Rudolf Spesial, ellers bør du redusere dosen av kva enn du tek. Det er vel berre på Sunnmøre at 7,5 grader kan kjennest ut som om kong vinter klyp deg langt inn i beinmergen med sin veldige klør. Det er som om gradestokken lurer deg med å vise vårtemperaturen, og så kjem vinden og dreg deg inn i ei verd av isfjell, snø og polare frontar. Det var så gale at til og med bryggemaskina måtte få på varmedressen.

IMG_0660

MEN på Djupdalsbrygg er vi evige optimistar, og har trua på at sommardagen ein gong vil kome. Difor er vi i gang med sommarølet, og sidan det var slik ein ven dag i går blei namnet: Frøstig APA.

iglo beer - Copy

No ser eg at eg har slurva litt med den virtuelle pennen i det siste, og at pilsflasking og etikettering har ramla ut av programmet. Pilsa står no trygt på kjøl. Begge gjæra fint ut og enda faktisk litt under forventa FG.

IMG_0667

Etikettar.

19 - Copy

20 - Copy

Sidan pilsbrygginga gjekk uvanleg greitt føre seg, måtte sjølvsagt nornene ha noko på lager til dette brygget. Det heile starta ganske bra med ferdig oppvarma vatn når eg kom heim. Det var berre å kverne malt og komme i gang. Humla blei fordelt i posar, og sjølv om det rann litt i overløp på starten av meskinga, vart det raskt løyst med litt røring. Det såg nok ein gong ut til å bli nok eit hendingslaust brygg, men no var skandala ikkje langt unna. Det første som skjedde var at temperaturen knappast bevegde seg opp mot kok etter passert 94 grader, slik at eg måtte ha varmedressen rundt kjelen for å få inn dei siste gradene. Så var eg dum nok til å ha i avrenninga frå mesketanken under kokning, slik at det stoppa og koke i 5 minutt.

.IMG_0661

Den verkelege moroa starta likevel ikkje før under tapping. Som vanleg rann det bra i starten, men så tørka det inn som eit vasshol i Sahara. Ein treng ikkje vere tørstaste elefanten i flokken for å skjøne at her var det problem på gang. Skraping av humle frå filter, start og stopp av pumpe, inn- og utblåsing. Ingen ting hjelpte. Til slutt var det berre å finne fram hageslangen og få blåst reint vatn gjennom motstraumskjølar og pumpe. Heldigvis var vørteret enda varmt slik at risikoen for ureinheiter ikkje var uakseptabel. Med litt TLC vart resten av vørteret tappa over i karet, og endeleg kunne gjær og oksygen settast til.

Til slutt sat eg igjen med 22,5 liter på tanken, og ein OG på 1,054. I tillegg så blei det ein tur på interwebs for å bestille den oppgraderte versjonen av humlefilteret……

Oppskrift Frøstig APA

American Pale Ale

Type: All Grain
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 60 min

Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
5,00 kg Pale Malt (2 Row) US (3,9 EBC) Grain 1 89,8 %
0,34 kg Caramel/Crystal Malt – 40L (78,8 EBC) Grain 2 6,1 %
0,22 kg Cara-Pils/Dextrine (3,9 EBC) Grain 3 4,0 %
19,00 g Citra [12,00 %] – Boil 60,0 min Hop 4 22,9 IBUs
14,00 g Cascade [6,00 %] – Boil 15,0 min Hop 5 4,2 IBUs
14,00 g Citra [12,00 %] – Boil 15,0 min Hop 6 8,4 IBUs
14,00 g Cascade [6,00 %] – Boil 0,0 min Hop 7 0,0 IBUs
14,00 g Citra [12,00 %] – Boil 0,0 min Hop 8 0,0 IBUs
1,0 pkg California Ale (White Labs #WLP001) or US-05 Yeast 9
28,00 g Cascade [6,00 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop 10 0,0 IBUs
14,00 g Citra [12,00 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop 11 0,0 IBUs

Gravity, Alcohol Content and Color

Est Original Gravity: 1,053 SG
Est Final Gravity: 1,013 SG
Estimated Alcohol by Vol: 5,3 %
Bitterness: 35,5 IBUs
Est Color: 12,1 EBC

Measured Original Gravity: 1,054 SG
Calories: 427,1 kcal/l

Mash Steps
Name Description Step Temperature Step Time
Mash step 1 67,0 C 60 min
Mash Out 75,0 C 10 min

Fermentation: 14 days

Fermentation Temperature: 19 C

 

 

 

 

17. Månestråle

Månestråle. Berre namnet er nok til å få fram smilet på ein som har overlevd både hårspray og hockeysveis. Den langbeinte squawen kom ridande inn i livet mitt tidleg på 80-talet. Den mørke hildringa, med ein kjole der splitten satte god fart i fantasien til ein ung hyn. Månestråle var judomeisteren som overraskande ofte vart kidnappa, men som alltid blei redda til slutt. Undervegs var det gjerne spark og anna akrobatikk som fekk vist fram mykje teikna hud. Sidan eg bryggar ein nydeleg American Pale Ale (APA), blir dette ein hyllest til vene Månestråle. Kanskje den einaste som kunne fått meg til å tatt ned ein av dei 22 Samantha Fox plakatane eg hadde.

maane12

 

Kven kunne vel ikkje ønske å vere den vesle pumaen Tinka no og då?

Tilbake til brygginga var det nok ein dag der herr Gislefoss har meldt om stort sett opplett. Eg har no skjøna at eg ikkje snakkar «metrologisk», og at Meteorologisk Institutt truleg ligg ein plass i Bakvendtland? Difor ana det meg at eg må vere rask mellom byene, for å få kverna maltet ute.

Dette problemet hadde ikkje Månestråle. Manitu er meir avslappa i forhold til vêret enn Meteorologisk Institutt. Trengde Kiowaene regn, så dansa dei. Trengde dei sol, så dansa dei. Kanskje det er det som er problemet på Sunnmøre? Dansar vi for lite? Burde vi ut og riste på pappakroppen for å få fram sola? Eller er det omvendt? Dansar vi for mykje? Burde det vere eigne vêrvakter på dansetilstellingar, og når nokon er i ferd med å danse fram eit lågtrykk med nordavind og regn, blir dei høfleg bli klappa på skuldra og bedt om å ta seg ein runde. Sjølvsagt skal dei få kome inn igjen når det er meir søraust og sol i steget deira.

Både mesking og kok gjekk utan større skandalar. (Mot normalt kan ein vel seie!)Eg har funnet ut at det å stoppe med jamne mellomrom under meskinga for å røyre i mesken gjev betre effektivitet.

Eg enda tilslutt på 1,060 i OG, som var litt over forventa. Totalt blei det 23 liter øl til gjæring.

img_2765

Etikett:

manestrale

Oppskrift Månestråle:

Type: All Grain
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 90 min
End of Boil Vol: 25,50 l
Final Bottling Vol: 21,00 l

Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
5,30 kg Pale Malt (2 Row) US (3,9 EBC) Grain 1 92,2 %
0,45 kg Caramel/Crystal Malt – 60L (118,2 EBC) Grain 2 7,8 %
7,00 g Magnum [10,50 %] – Boil 60,0 min Hop 3 7,3 IBUs
36,00 g Perle [4,50 %] – Boil 30,0 min Hop 4 12,3 IBUs
34,00 g Cascade [5,50 %] – Boil 15,0 min Hop 5 9,2 IBUs
25,00 g Cascade [5,50 %] – Boil 1,0 min Hop 6 0,6 IBUs
25,00 g Cascade [5,50 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop 7 0,0 IBUs

Gravity, Alcohol Content and Color

Est Original Gravity: 1,055 SG
Est Final Gravity: 1,012 SG
Estimated Alcohol by Vol: 5,6 %
Bitterness: 29,4 IBUs
Est Color: 16,4 EBC
Yeast:
Wyeast 1056 or US-05
Mash:
66 dgr C 60 min
75 dgr C 10 min
Fermentation:
14 days at 20 C

 

 

 

 

Juleøl på kjøl

Helg og brygging. Sidan madammen ynskja biff til middag, og Kristen Gislefoss hadde lova ein dag med noko så sjeldan som opplett, blei brygginga utsett til søndag. Opplett stod vist ikkje på planen likevel, (takk for den herr Gislefoss), og uteaktivitetane blei erstatta med liming av etikettar på siste ladning av juleøl. I tillegg blei Grainfatheren fylt med biff i beste sous vide stil.

Klart for etikettering, og ikkje før eg hadde fått handa på dei to første øla, ana eg ugler i mosen.

ugler

Sidan vi har ei jamn fordeling under flaskeprosessen, der eg tappar og naboen korkar, hadde eg ikkje sett så nøye på julekorkene eg hadde kjøpt. I god tru hadde eg trudd at eg hadde tatt fine, raude topper som i fjor, men neida. Her var det glitrande raude topper, og skandala var som vanleg eit faktum! Eg sat med ein kjensle av å vere på stranda. Ha sett kroppen gå frå bleikfeit, til raudfeit. For så skikkeleg å flotte meg, ha gått ut å kjøpt ein faktor 15 solkrem. Smurt meg inn, og lagt meg ned. Dei finaste damene smiler og ser i mi retning. Der eg godt nøgd med pappakroppen nikkar anerkjennande til meg sjølv, ser eg i augekroken at smilet hjå damene ikkje er av den beundrande typen. Ein sprett latter spreier seg, og når eg ser ned, har det vore solkrem med glitter eg kjøpte. Pappakroppen har blitt til eit glitrande, raudt juletre.

IMG_2743
Bilete viser kork av type raud, og type glitrande raud, samt floppar med sokkar i.

 

No vil kanskje nokon seie at topp er topp, og kork er kork, men det meiner eg er toppen av å vere korka. Etter å ha kjempa med kjenslene ei stund, og som god sunnmøring er eg ikkje kjenslevar, må eg prøve å finne det positive. Kan ein verkeleg leve med skinnande korker? Blir det jul no? Eg ser berre uvisse framover. Uansett så er i det minste juleølet på kjøl!

IMG_2737

#16 Rudolf spesial

Har Djupdalsbrygg avslørt nissen? Er grunnen til Rudolf sin raude nase ein dagleg dose «Rudolf spesial» rett i trauet? Vi er ganske sikre på det. Som de kanskje skjøner så har ikkje julestemninga heilt slept taket hjå Djupdalsbrygg. Det var rett før det blei so lettsindige stemning at vi sette opp ein misteltein, men sidan pappakroppen 2016 er så perfekt, kunne det raskt blitt eit voldsamt renn i oppkøyrsla. I staden held vi oss til det trygge, og køyrer vi på med ein ny runde juleøl. Rudolf spesial er ein skikkelig krutar. Faktisk blei ordet krutar oppfunne for å beskrive Rudolf spesial. Kraftig nok til å gje både Rudolf og andre raud nase gjennom heile julehøgtida. Det er verken høggørm eller svartkrut i blandinga. Dette er rett og slett eit sett med Nøgne Ø, God Jul.

rudolfspesial

No har eg ikkje nytta Julefantasi namnet på dette juleølet, sidan også andre instrument er involvert i julehøgtida. For den som ikkje visste det så er kanskje det mest spesielle med Stordal kyrkje at det har det einaste instrumentet i verden som byrjar på ø. Ørgel. No har eg ikkje noko bilete av ørgelet, men eg legg ved eit illustrasjonsfoto av eit orgel for syns skuld.

 Leinenkugal-organ-at-ball-park

Djupdalsbrygg er plaga med at loftet krypar både leder hosen og julegenserar, og det blei difor lagt inn ein runde med prøving av juleklede. I år sat dei som eit skot, så her gjeld det å halde fasongen ut året.

Tilbake til brygginga, så er dette det mest tekniske brygget eg har gjort. Sidan settet inneheld nesten 10 kg malt, og Grainfatheren klarar maksimalt 9 kg, måtte meskinga skje i to steg. Dette er ein prosess ein kallar dobbeltmesking. Prosessen er eigentleg lik den vanlege meskinga, men ein gjer denne to gangar. Det som er utfordringa med dobbeltmesking er å få vassmengda riktig både ved start og ved skyljing. I mitt tilfelle skulle eg ha eit sluttvolum på 25 liter. Tek ein utgangspunkt i at ein har nesten 10 kg malt, og at dette tek opp ca 10 liter vatn. (Ein treng ikkje vere største bjørnen i hiet for å skjøne at her er eit ca forhold 1:1.) I tillegg fordampar rundt 4 liter etter 90 minutts koking, slik ein vil trenge totalt 39 liter vatn.

Eg starta med å dele kornmengda i to like deler, og varme 19 liter vatn. Første halvdel av maltet blei satt til mesking i 60 minutt på 67 grader. Dette blei skylt med 9 liter vatn (burde vore 10 liter, men eg blei litt defensiv i tilfelle utbytte skulle bli dårleg av dobbeltmeskinga.) Når det var ferdig skylt, blei kornet frå første runde tømt ut, og andre del satt til mesking og prosessen gjentatt. Dette var ikkje Grainfatheren like glad for, og eg fekk ganske kjapt mesk i overløpet. Sjølv med fleire stopp for å røre om i mesken, var det lite gjennomstrøyming. Det aller største problemet fekk eg når eg skulle skylje for andre gong. Vatnet rann nesten ikkje gjennom, og det tok ei eve og få gjennom alt skyljevatnet. Når alt var ferdig skylt hadde eg 28 liter, med heile 1,083 i preboil-SG. Sidan OG helst skulle vere rundt 1,080, måtte eg difor sette til dei to siste literane med vatn. Da var preboil-SG på 1,076, og kokinga kunne starte.

Etter kok sat eg igjen med litt over 24 liter i gjæringstanken, med 1,084 OG.

 

Rudolf spesial

Type: Christmas beer

Batch Size: 25,00 l

Est Original Gravity: 1,080 SG

Est Final Gravity: 1,023-1,027 SG

Estimated Alcohol by Vol: 8,5 %

Bitterness: 37 IBU

EBC: 56

Mash:

67 dgr 60 min
78 dgr 5 min

Boil Time: 90 min

Yeast: WLP007 or Lallemand Nothingham

Grain:

4,89 kg Pale Malt, Maris Otter 50,0 %
2,83 kg Pilsner 29 %
0,68 kg Peat Smoked Malt 7,0 %
0,59 kg Rye malt 6,0 %
0,49 kg Caramel/Crystal Malt – 40L (78,8 EBC) 5,0 %
0,20 kg Chocolate Malt 2,0 %
0,10 kg Roasted Barley 1,0 %

Hops:

23,00 g Columbus Boil 60,0 min
22,00 g Cascade Boil 15,0 min
22,00 g East Kent Goldings Boil 5,0 min
15,00 g Columbus Boil 0,0 min

Fermentation:

18-20 dgr for 20 days.

Add on:

Add 100 gr oak chips at least 10 days before end of fermentation. Change fermentation vessel before adding chips. (Boil the chips for 15 min to disinfect before adding them.)

Yeastgate. Flasking av Porter og juleøl.

Medan julenissen er opptatt av Eva og Anne Britt sine eventyr på Ibiza, breier julestemninga seg hjå Djupdalsbrygg. Ingenting gjev vel betre julestemning enn hårete, bleike mannebein i grøne joggesko! Sjølvsagt burde dei vore raude, så det min kjære står øvst på ynskjelista til jul.

 

IMG_2467

I førre blogpost var eg så dum at eg sa at det gjekk nesten keisamt enkelt å bryggje juleølet. Dette har ført til at Nornene har jobba doble skift med smil om munnen. Ikkje måte på kva seid som blir planlagt her, og skandala er som vanleg ikkje langt unna. Sidan sumaren faktisk viste andletet sitt på torsdag, blei fredag utpeikt til flaskedag. Målingar av FG viste at Porteren var klar, medan juleølet enda hadde litt å gå på. Etter eit par dagar hadde juleølet framleis ein del igjen. Ved å leike litt frøken detektiv saman med Knoll, fann eg ut at eg hadde gått på ei gjær blemme på juleølet. Sidan eg ny med fersk gjær, enda eg opp med for lite gjærceller. Eg hadde med andre ord fått min eigen Yeastgate.

Porteren gjæra greitt ut og enda med ein FG på 1,017. Totalt blei det 48 flasker porter.

Ein litt fantasilaus etikett, må eg innrømme.

robinhoodporter

Det er ikkje så mykje å gjere med yeastgate. Det einaste busketrikse i boka er å auke temperaturen, samt ta tida til hjelp. Sjølv fire dagar på overtid var det framleis eit stykke igjen, sjølv om FG øvst i bøtta sa 1,018.

Når eg tappa over ølet viste det seg at FG låg på heile 1,022, noko som er ein del over forventa FG på 1,016. No var OG litt høgare enn den skulle, men ein manglar nok dessverre litt gjær for at det skulle gjære ut som det skulle. Uansett enda ein på 6,3 %, og det er vel nok til å gjere nasen til Rudolf raud.

Julefantasiv3

Totalt blei det 44 flasker Julefantasi.

IMG_2474

Det må ein vel kalle ei grei veke på jobb.

IMG_2475

 

 

 

 

 

Studietur, og to brygg på flaske.

På dagen då kvitekrist fann det for godt å vakne etter ein tredagar (aner ein problem med sommartid og solur?), fann eg ut at eg ikkje hadde skrive om flasking av dei to siste brygga. Då var det berre å ta den virtuelle pennen fatt og kome i gang.

Når ein først er inne på den kristne høgtid, er det vel greitt å ta med kyrkjemannen Martin Luther sine tankar om øl:

“Whoever drinks beer, he is quick to sleep; whoever sleeps long, does not sin; whoever does not sin, enters Heaven! Thus, let us drink beer!”

Med trygg retning mot himmelriket er det ikkje rart at første skandale er eit faktum. Eg har sjølvsagt ikkje klart å tatt eit einaste bilete av flaskinga av Djupdals APA. Eg undrar kva eg har gjort for at Nornene sitt spinn stadig lagar problem for dette brygget?

ESS_PasteBitmap05664

Sidan eg ikkje hadde noko anna, får det bli etiketten som blir Djupdals APA sitt bidrag. Med 1,014 i FG, blei det ABV på 6,3 % på dette brygget.

DjupdalsAPA

Pilsa hadde no vore heile 2 veker på flaske, og då var det sjølvsagt tid for prøvesmaking. (Berre knappe to månader for tidleg, men så var det dette med tolmodet då.) Med meg hadde eg nabo, Hans Eivind, både som korkmester og prøvesmakar. For å sitere: «Den eine blir ein nydeleg pilsner, og den andre smaka ikkje som noko anna eg har smakt.» Kan det bli betre?

Alt går så mykje lettare etter litt prøvesmaking, og snart var vi i gang med Natt. Det manglar ikkje på humle i denne, og eg er særs spent på sluttresultatet her. Svart og fin i dunken. FG på 1,015 og ABV på 6,7 %.
IMG_1867

Sluttresultatet blei 34 flasker Djupdals APA, og 43 flasker Natt.

IMG_1868

Sjølv om øla no var på flaske, hadde ikkje Nornene heilt gitt slipp på meg, og skandalen var igjen rett rundt hjørnet. Etter å ha limt etikettar på 42 flasker, stod den 43 og stirra dumt på meg. Her var det gjort ein reknefeil, og i motsetnad til NASA, kan eg ikkje skulde på forvirring på meter og fot.

IMG_1900

Ein slik ein skulle også den siste flaska hatt.

Natt

Lagera byrjar igjen å bli fulle.

Etter alle skandalane skjøna underteikna at det var på tide med ein studietur. Onde tunger kalla det ferie, men her har det vore eit solid fagleg program med nye ølsortar kvar dag.

IMG_1914

No var nok valet av destinasjon meir prega av talet på soldagar, enn tettheita på mikrobryggjeri, men eg må sei at øla i butikk i beste fall kunne nyttast som god tørstedrikk. Kanskje eg skal putte Grainfatheren i bagasjen, og starte opp mikrobryggjeri der sola alltid skin?