Då var det klart for flasking av juleøl. Nydelege mørke dråpar som er klar for eit liv i flaske.
Dessverre utvikla det seg raskt til eit skandalearrangement. Sidan FeilNotFound IPA’en hadde fått ei veke på flaske, var naturleg nok tolmoda vekk. Rutinert nok var ei flaske lagt på kjøl tidlegare på dag, og då var det klart for smaksprøve.
Sidan det berre var ei veke sidan flasking, var det usikkert om ølet var skikkelig karbonert. Ein skikkelig pssst når korka blei opna, gjorde all otte til skamme.
Og her var det verkeleg skandala byrja. Det var både anerkjennande nikk, god tone, ja til og med eit smil etter prøvesmaking. Slik laussleppt åtferd høyrer naturleg nok ikkje heime nokon stad på Sunnmøre, og eg må be om orsaking til naboane for denne framferda.
Heldigvis kom vi raskt ned på jorda igjen då heverten nesten hadde tømt karet med juleøl.
Med smaksprøven om bord, gjekk flasking og korking som ein leik. Snart hadde vi 40 smekre juleøl klare til lagring.
Litt urutinert antok underteikna at han hadde kjøpt in raude korkar(den gang ei), og sidan alt passar til blått (gjer det ikkje?) så blei det blå topp på juleøla. Kritikken har naturleg nok ikkje latt vente på seg. Sambryggeriet har allereie kalla det ei skandale, og eg lyt vel krype til Vinbua og skaffe raude korkar til Andre vers.
Etiketten blei i det minste juleraud.