#30 Julefantasi, sjette vers

Glade jul, heilage jul! Det er tida da lukta av svidd flesk blir spredd i nabolaget. No tenkjer du sikkert på kvit jul, gåver, juletre og velduftande mat i ovnen. Neida. Djupdalsbrygg har igjen klart å velje varmaste dagen i året til å brygge juleøl. Sjølv med 5 knappar opna i oljehyra luktar det svidd flesk. Det måtte ein sunnmørsk vérsimulator til (vasspreiar), for å få ned tempen på bryggjaren.

sprinkler

Englar kjem frå Guds kongestol. I Noreg kjem vel englane generelt frå kongestol, eller prinsessestol ein skal vere heilt korrekt. Engleskule har ein til og med fått, med fag som snøenglar, engelsk og korleis lage englestøv. (Noko som er mykje brukt på engleskolen verkar det som?) No skal det seiast at prinsessa har vore kritisert for å blande sin kongelege tittel inn i næringsverkemd. Difor har serien hennar med engleduns dyner blitt trekke fra marknaden. Det verkar rett og slett som om ein ynskjer å overgå sine russiske slektningar. Der tsaren hadde Rasputin, så har prinsessa fått Durek. Det er ikkje rart at englar landar hardt i skjul.

omg-an-angel-🙏-2353802

Blomar ber dei frå paradis. No er det slik at dei budde høgt og vakkert til i Djupdalen, men same kor vent der var, ynskja også djupdalingane seg til paradis. For å kome til paradis, lyt ein kome seg til vigsla jord. Det kunne by på utfordringar, spesielt vinterstid, for det er både langt og bratt ned til sjøen. Dette har gitt opphav til myta om at ingen har døydd i Djupdalen. Når Peder Åkernes kjente på det om hausten, tvilte han på at han stod over vinteren. Å måtte ligge i breen vinteren over frista ikkje, difor fota han seg ned til naustet. Derfra skulle det vere enkelt å frakte han til kristen jord. No hadde det seg slik at helsa til Peder var betre enn han sjølv trudde, og når våren kom, og det framleis stod til liv, gjekk han like godt opp igjen. Paradis kunne vente ei stund til.

heaven

Fint og fagert dei syng Guds pris. Når Djupdalingane hadde blitt meir landfaste, hald dei framleis saman som familiar gjer. Blant anna var Lisa Dybdal, som budde i Lisastova (for dei i Stordal som hugsar den), fast gjest hos besteforeldra mine. Ho heldt nok Guds ord meir heilag enn mange andre. Juleferinga starta alltid, som seg hør og bør, med lesing av juleevangeliet når Lisa var på besøk. Det som ikkje fall i like god jord hjå Lisa, var då Besten stilte opp som julenisse for smågutane. Då strauk ho på dør i protest mot ein slik ukristeleg figur.

julenisse

Løynleg ikring oss dei går. Sjølv om dei royale englane kanskje har noko tvilsamt opphav, går det faktisk englar blant oss. Om ein ser godt etter, kan ein faktisk sjå dei. Sjølv om dei for dei fleste av oss, er usynlege i det daglege. Dei står på sidelinja i regn og vind og trener eit lag, dei er frivillige på konsertar og på idrettsarrangement. Kanskje plukkar dei plast, eller kjem med båre den dagen du sit fast? Desse englane får ingen lovsong, men neste gong du ser ein eller ei, gi eit smil eller takk. For dei er ikkje så kravstore, desse englane.

frivillig

Løynleg ikring oss dei går. No lurer du kanskje på om underteikna er langt nede i refrenget på sjette vers, sidan forrige avsnitt vart so kjenslevart. Årsaka kjem av at underteikna las om Stordalsholmen i julenummeret av Bydebladet. Der stod historia om Jacobine som drukna på veg heim, etter å ha vore på kjærestebesøk i Stordal. Jacobine var ei av mine oldemødre (med to tippar foran.) Og medan historia enda der i Bydebladet, fortsette historia for sonen, som såg mora gå rundt med båten. I desse tider fantest ikkje dei sosial tenestene som ein har i dag. Då var det slekt eller naboar som stilte opp, og i Djupdalen tok ein vare på sine. Sjølv om dei allereie hadde sju born, opna dei heimen for ein til. (Og seinare også for enda ein, då også syskjenbornet også mista faren på sjøen.) No var det nok ikkje fjellgardene i Storfjorden som var blant dei fattigste, så mat fantes nok til ein munn til. Det som er meir utruleg er kor dei fekk plass til alle i ei lita stove?

djupdalen

No tek dette til å verte ein ølblogg på si, og ein må tilbake til brygginga. I år tok eg ein same procedure as last year, og hadde kjøpt inn eit sett med Ringnes julebokk fra Bryggselv. Dette settet gav bra resultat i fjor, og da tek eg nok ein engelsk floskel «never change a winning team.»

Det er 7,7 kg malt i dette settet, noko som er heilt på grensa av kva ein kan ha i ein Grainfather, spesielt når resultat skal bli 20 liter øl. Difor sa eg til meg sjølv i fjor, skulle lage dette settet ein gong til, skulle eg dobbelt meske. Denne visdomen var sjølvsagt gløymt i år, og same procedure as every year, så var ikkje skandala langt unna.

img_0701

Same kor mange gonger eg rørte under meskinga, sleit eg med å få opp OG. Eg måtte til slutt jukse litt, og ty til spraymalt. Likevel nådde eg ikkje heilt opp dit eg skulle. Eg har desverre ikkje eksakte data, sidan Grainfather ikkje har oppdatert app’en sin til siste versjon av IOS. Noko som gjorde at eg har mist alle data om brygginga mi. Takk for det… Om eg hugsar rett, enda eg på 1,070 i OG. Skulle eg brygge dette settet til neste år, då skal eg dobbelt meske.

img_0706

Enda på visa blei likevel eit godt øl, med ca 7% ABV. Sidan eg har vore så treg med den virtuelle pennen, har eg eit bildet fra prøvesmakinga av ølet. Heilt innafor.

img_0806

Oppskrift:

Denne er hemmelig, så her lyt ein kjøpe eit sett frå Bryggselv om ein ynskjer å lage settet. Ølet blei veldig godt, slik det er absolutt og anbefale.

Kommenter innlegget