Batman has the Batmobile, I got the Brewmobile.
Ein må som kjent ha noko å fylle ølet i, og sidan Vinbua ikkje hadde flasker inne, blei madammen og eg einige om at ein Bergenstur kunne vere ein kjekk ting. Vi kom fram til Bergen seint fredag. Då blei det naturleg nok TGI Friday. Jack Daniels kylling er jo som kjend aldri feil på ein fredagskveld. Etter ein god frukost starta jobben med å fylle Granitten. Først ute var madammen med ein runde på diverse senter, før turen bar til Sotra. Eg hadde avtalt med Rune på Hobbybryggern at eg kunne hente flasker, corneliusfat, growlere, humle og kit på laurdag. Full bil, nøgde reisande og ein klirrande tur heim.