Sidan brygging har ein del daudtid, hadde den effektive delen av meg funne ut at brygging og flasking samtidig var ein god ide. Med andre ord ein mann som gjer to ting på en gang. Kva meir kan gå gale?
Sidan eg ikkje har laga IPA sidan første brygg, er det dette som står på planen i dag. Ølet eg skal lage heiter Mandarina IPA. Namnet er ikkje henta frå fruktdisken på Spar, eller menyen på næraste Kina sjappe. Namnet kjem frå humlesorten Mandarina Bavaria. Denne humla har ein behageleg fruktig smak, med hint av mandarin, søt appelsin og urter. Her får ein naturleg nok dekka minst tre av dei fem om dagen!
Sidan eg skulle gjere to ting på ein gong så hadde eg alliert meg med naboen i dei kritiske fasane. Kverna vart handtert av to stødige karar, og kverna malt hamna i kjelen.
Sidan eg enda ikkje hadde starta å multitaske gjekk mesking som ein draum, og brygget var klart til kok.
Når vørteren hadde byrja å koke var det klart til flasking, og eg gjekk då frå singel- til multitasking. Sukkerlake hadde eg klokeleg klargjort på førehand slik dette blei i det minste gjort rett. Halvvegs ned i karet kom eg på at eg ikkje hadde gjort FG målinga, og eg heiv meg rundt med pipetta. BRIX verdien blei tasta inn i refraktometer kalkulatoren, og verdien var heilt på tryne. Hadde noko gått gale i gjæringa? Her var gode råd dyre. Hydrometer vart henta fram for kontrollmåling, og her var ein rett på 1,012. Akkurat der ein skal vere.
Sidan refraktometer ikkje hadde svikta meg tidlegare gav eg meg naturelg nok ikkje så lett med dette. Etter mykje knoting og ein augneblikk av fornuft, kom eg til at eg sjølvsagt brukte feil kalkulator. Med riktig versjon hamna eg også der på 1,012 i FG. Gleda vart dessverre ganske kortvarig då slurpelydane frå heverten tala om mangel på merksemd og omsorg. Fornærma som den var slapp den eit par hikst før den gav seg for dagen.
Forsøk på å få opp dei siste litera med øl resulterte berre i at gjæra blei virvla opp, og det var vel Dodraugen som enda opp med den beste kvelden av alle.
Når det var klart til tapping kom naboen over, og ein fekk igjen balanse i universet. Tappinga resulterte i 40 flasker Sambryggs(s)øl, samt smaksprøve til flaskaren og korkaren. Dette blir bra!
Med flaskinga unnagjort burde resten av prosessen vere plankekøyring, men den gang ei. IPA er eit øl som kjenneteiknast av mykje smak, og det som lager smaken er mykje humle. Dette er eit problem for filteret på Grainfatheren. Dette har ein tendens til å tette seg, og allereie etter 5 minutt rann det sakte.
Mi rutine har då vore å skrape vekk det verste med storsleiva, og kvifor endre noko som verkar? Problemet denne gong er at styrkedråpane frå flaskinga tydelegvis hadde gitt meg kjempekrefter, slik at neste gong det var tid for skraping, var det ikkje noko filter å skrape? Det låg å kose seg på botn av kjelen, og syntes at skrapinga mi ikkje høyrde heime nokon stad. Utan filteret gjekk det ikkje lang tid før pumpa gikk tett, og straumen av øl til gjæringskaret stoppa opp. Løysinga blei hard, men kjærleg massering av slangen mellom Grainfatheren og motstraumskjølaren. Dette fekk etter litt pumping ut driten av systemet slik at pumpa igjen fungerte. Jaja. Det er i motbakkar det går oppover.
Mandarina IPA:
Est Original Gravity: 1,058
Estimated Alcohol by Vol: 5,8 %
Batch Size: 24 liter
Bitterness: 66,4 IBUs
Est Color: 10,8 EBC
Malt
5,60 kg UK Pale Malt 3
00 g German Wheat Malt
100 g UK Amber malt
Humle
60 g Mandarina Bavaria, First Wort Hopped.
60 g Mandarina Bavaria,, 15 min.
60 g Mandarina Bavaria, 15 min.
130 g Mandarina Bavaria, Dry-Hopped.
1 g Protafloc, In mash
Gjær
Safale US-05