Etter ei rask samanlikning av juleøloppskrifter med jobbkollega Knoll, fann vi ut at vi hadde bryggja om lag same juleølet. Dette blir Brew-off. East coast vs West coast. Sambryggeriet mot DjupdalsBrygg. Bedre Jul mot Julefantasi (vers 1 og 2). 50 brygg mot 2 brygg. Regner med ein enkel siger her.
Den som har vore i kyrkje 2. juledag i Stordal dei siste 50 år, har hatt gleda av å høyre Stordal Hornmusikk spele Julefantasi. No skal det seiast at tradisjonen måtte vike for nokon år sidan, då Julefantasi kanskje ikkje var det mest vellukka potpurri av julesongar. Håpet er at min Julefantasi endar med betre komposisjon, og utan sure notar.
Oppskrift:
Forventa min OG: 1.060
Forventa FG: 1.015
Batchvolum: 23 liter
Korn:
Belgian Pale Malt: 4,7 kg (77%)
Amber Malt: 0,5 kg (8%)
Belgian Cara 20 Malt: 0,4 kg (7%)
Caramel/Crystal Malt 120 L: 0,4 kg (7%)
Belgian Chocolate Malt: 0,08 kg (1%)
Humle:
90min:
40 gr Golding
15 min:
20 gr Golding
0 min:
30 gr Golding
Gjær:
2 pakker S-04 tørrgjær
Koking: 90 min
Mesking:
60 min: 65 grader
10 min: 75 grader
Gjæring: 14 dager på 18 grader
Eg hadde fokus på å få opp OG denne gongen, og med riktig volum av vatn, betre røring ved tilsetjing av korn, samt at eg trykte ned rista før skyljing så enda eg på 1.060. Ikkje helt topp, men innanfor. Juleølet skal modast ei stund så det var greitt å få i land første vers. Eg har eit sett til, og det blir tatt så snart det blir ledig kapasitet i gjæringsskapet.