#19. Restepils, #20 Djupdalsk pilsner II

Nytt år, nyttårsløfte, brotne nyttårsløfte. Rakettane skotne opp, eller som ein god sunnmøring vil seie. Pengane skotne opp. I Ålesund blei naturleg nok fellesfyrverkeriet utsett. «Dårleg vêr» var årsaka, men vi veit jo godt at det blir lenge til det blir rakettar over Ålesund, når pengane kan settast på konto til neste år.

natt-alesund
Fellesfyrverkeri Ålesund

I tida der lukta av svidd ribbefett har flytta seg frå kjøkkenet til treningsstudioet, er det tradisjonen tru klart for pilsbrygging. Pils har om lag same status i heimebryggjarmiljøet som ein Grandiosa har på ein italiensk restaurant, eller ein kvalfangar på eit Greenpeace møte. No har det seg slik at eg tykkjer at det er godt med eit Grandiosa stykke ein gong i blant, og det er jo heilt greitt med eit glas kald pils på ein varm sommardag. Det er no ikkje kvart år ein får oppleve ein varm sommardag på Sunnmøre, men skulle det skje i år, er det viktig å vere klar.

IMG_1545

Kostoptimalisering er eit godt sunnmørsk ord, men det er vel og det ordet som har gitt pils eit dårleg rykte. Pilsa dei fleste kjenner kjem frå masseproduserte standardprodukt frå store leverandørane, og ein treng ikkje vere raskaste geparden på savanna for å skjøne at målet for slik produksjon er: Godt nok. Skal ein lage god mat eller drikke vil det råvarene som ligg til grunn som gjev kvaliteten på sluttproduktet. Og her har heimebryggjaren den store fordelen. Med dei voluma vi operer i er det til og med mogleg for ein sunnmøring å ta kosten for skikkelege råvarer.

imagesv2yg6naa

No er pils ei av dei større utfordringane ein kan ha som bryggjar. Produksjonen tek lang tid, og det er lite smak å skjule eventuelle feil bak. Pils er eit undergjæra øl, og her skjer gjæringa ved rundt ti grader. (Dette kan variere frå 5-13 grader etter type øl og gjærkultur.) Ein må rekne med minimum tre veker i gjæringsskapet. Etter det er det to veker med karbonering, før pilsa skal lagrast kaldt i fleire månader. At ein fort må vente 4-5 månader før ein kan ta ein velfortent smak er ikkje uvanleg.

andy-capp-homebrewer

Spørsmålet som naturleg kjem opp då er kvifor gidd ein å lage ein utskjelt drikk som pils, som det er vanskeleg å lage, og som ein ikkje får smake før varmen har løfta skjørtelengda nokre knepp opp. Her kjem sunnmøringen fram. Eg hadde sett for meg at eg kom til å lage ein del pils når eg starta opp, og som god sunnmøring kjøpte eg då inn 1 kg med Saaz humle (sidan ein fekk rabatt på kjøp på over ein kilo.) No sat eg då igjen med godt over ein halv kilo med humle som måtte brukast opp. I tillegg så hadde eg igjen både pilsner og Munich malt frå i fjor, så kosten med å lage å lage to dunkar pils kom på heile 2 kroner. (Eg måtte supplere med noko Munich malt.) Ein annan ting med pils, er at det er greitt å ha eit øl som ikkje er så alkoholsterkt som ein del APA og IPA ofte er. Til slutt er det jo mange som ikkje er glad i mørkt eller mykje humla øl, og det er kjekt å kunne ha eit alternativ å servere desse i lysteleg lag.

#19 Restepils

Sidan det tek lang tid å lage pils, nyttar eg høve til å lage to brygg samtidig. Eg hadde tenkt å lage begge brygga samme dag, men sidan pils skal koke minimum 90 minutt enda eg med å dele det opp over to dagar. Først ute var Restepilsa. Oppskrifta er ein variasjon av Djupdalsk pilsner, men har litt anna bitterhumle og litt mindre Saaz humle.

Begge brygga bygg på pilsoppskrifter fra Gahr Smith-Gahrsen.

Oppskrift Restepils

Bohemian Pilsner (2 B)

Type: All Grain

Batch Size: 22,50 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 90 min

Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
4,00 kg Pilsner (2 Row) Ger (3,9 EBC) Grain 1 93,0 %
0,30 kg Munich Malt – 20L (39,4 EBC) Grain 2 7,0 %
16,00 g Horizon [12,00 %] – First Wort 60,0 min Hop 3 23,7 IBUs
40,00 g Saaz [3,75 %] – Boil 30,0 min Hop 4 12,9 IBUs
0,50 Items Whirlfloc Tablet (Boil 15,0 mins) Fining 5
40,00 g Saaz [3,75 %] – Boil 10,0 min Hop 6 6,1 IBUs
40,00 g Saaz [3,75 %] – Boil 2,0 min Hop 7 1,4 IBUs

 

Est Original Gravity: 1,043 SG
Est Final Gravity: 1,011 SG
Estimated Alcohol by Vol: 4,2 %
Bitterness: 44,1 IBUs
Est Color: 8,5 EBC

Measured Original Gravity: 1,049 SG

Mash Steps
Name Description Step Temperature Step Time
Mash In Add 18,21 l of water at 59,9 C 55,0 C 15 min
Mash step 2 Add 0,00 l of water and heat to 67,0 C over 4 min 67,0 C 20 min
Mash Step 3 Heat to 72,0 C over 4 min 72,0 C 20 min
Mash Out Heat to 77,0 C over 4 min 77,0 C 5 min

Fermentation: 21 days
Fermentation Temperature: 10,5 C
Storage: Minimum 1 month at 4 C. Preferably at least 3 months at 4 C

#20 Djupdalsk pilsner II

Av dei to pilsa eg laga i fjor, var det Djupdalsk Pilsner som var den beste. Den holdt seg derimot ikkje like godt i lagring, og etter ca 9 månader byrja kvaliteten å bli dårlegare. Ein får håpe at det bli eit par soldagar i år, slik ein får drukke opp alt før sommaren er over.

Til slutt står begge dunkane til gjæring. Det er ikkje same spruten over gjæring på 10 grader, men resultat kjem sakte men sikkert her og.

img_0521

Oppskrift Djupdalsk Pilsner II

Bohemian Pilsner (2 B)

Type: All Grain
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 90 min

Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
4,40 kg Pilsner (2 Row) Ger (3,9 EBC) Grain 1 92,6 %
0,35 kg Munich Malt – 20L (25 EBC) Grain 2 7,4 %
55,00 g Saaz [3,75 %] – First Wort 120,0 min Hop 3 26,6 IBUs
45,00 g Saaz [3,75 %] – Boil 30,0 min Hop 4 14,0 IBUs
0,50 Items Whirlfloc Tablet (Boil 15,0 mins) Fining 5
45,00 g Saaz [3,75 %] – Boil 10,0 min Hop 6 6,6 IBUs
45,00 g Saaz [3,75 %] – Boil 2,0 min Hop 7 1,5 IBUs

 

Est Original Gravity: 1,048 SG
Est Final Gravity: 1,011 SG
Estimated Alcohol by Vol: 4,8 %
Bitterness: 48,8 IBUs
Est Color: 9,2 EBC

Measured Original Gravity: 1,046 SG

Mash Steps
Name Description Step Temperature Step Time
Mash In   66,0 C 90 min
Mash Out   75,0 C 10 min

Fermentation: 21 days
Fermentation Temperature: 10,5 C
Storage: Minimum 1 month at 4 C. Preferably at least 3 months at 4 C

 

 

Xmas Brew Off

I desse tider med edelgran og mindre edle graner er det tradisjonen tru klart for ein Xmas BrewOff. Dessverre var skandala allereie eit faktum før juleøltesten skulle starte. I mitt førre forsøk på å gjere blot med eit Redale, kom eg til å setje på dei feminine juleølkorkene på ølet til ære for Raudskjegg(Tor med hammaren).

I etterkant var vel det like lurt som å få ein svart katt til å knuse eit speil, under ein stige, medan den riv blada av ein firkløver på fredag den 13. For den som har vore på vestlandet i romjula har ein allereie merka arbeidet til Nornene Urd, Verdande og Skuld. Litt ruskever var sjølvsagt ikkje nok for nornene. Her måtte det verre skjebne til. Det gjekk ut over Tredje vers. Eg veit ikkje kva seid som er lagt over brygget, men om lag annakvar flaske har meir til felles med Champagne enn med øl. Det betyr at det bli opning over vasken i uvisse om spruten står eller ikkje? Trøysta er at Raudskjegg faktisk ser raud ut i godt motlys.

img_0247

Tilbake til BrewOff’en er nok ein gong Sambryggeriet som står for andre halvdel av testen. Det vil seie for å auke sjansane sine så har dei ikkje mindre enn to brygg med i testen i år. Det er vel og å ta i når ein seier det var Sambryggeriet, sidan det var eit sololøp av Knoll, med hjelp frå Gauken. Med tanke på bryggefrekvens saman så haller det vel mot namnebyte til Enkeltbryggeriet. Sjølvsagt antyder eg ikkje at dei er litt enkle.

skjermbilde

Alle tre deltakarane i årets BrewOff er basert på Bryggselv sine Nøgne Ø, God jul sett. Den første deltakaren er Rudolf spesial frå Djupdalsbrygg. Dei to andre deltakarane er Sju Sortar Jul frå Sambryggeriet, der den eine inneheld eikechips og den andre ikkje.

img_0351

Sidan det kom skuldingar om partisk dømming frå Sambryggeriet i fjor, vurderte eg ein blindtest i år. No er eg verken blind, eller svaksynt. Faktisk brukar eg ikkje briller ein gong, men eg såg eg bomma på nokre bokstavar på nedste linja på førre synstest, så det lyt vere nær nok. For å vise kor seriøst eg tek det publiserer eg notatane frå smakinga.

img_0360

Men ikkje for å forgripe spaninga startar sjølvsagt ein BrewOff med sjekk av karbonering. Dette er ein type øl der eg tykkjer det ikkje skal vere alt for mykje kolsyre, men samtidig så må det vere nok til at øl ikkje kjennest flat. Ingen av kandidatane gjer seg bort, men eg føler Rudolfen sprudlar litt meir enn dei to andre.  Eg veit ikkje om det er mangel på eikechips, men 7 sorter uten eik er synleg lysare enn dei to andre.

img_0355

Når det skal vere sagt så prøvde Sambryggeriet å score billege poeng med juletopper, sjølvsagt uten å gjennomføre det skikkeleg.

img_0353

Det er viktig å ha nok snack til å bryte smakane. Utvalet i år er supersunn potetgull (35 % mindre fett, noko som sikkert må vere slankande?), peanøtter og gul Kina.

img_0358

Ved tidlegare testar er det tydleg at Speidelen klarar å få ut meir smak frå maltet, enn Grainfatheren klarer. I dette tilfelle er eg ikkje sikker på om det var positivt. Det er mykje sterke smakar i maltet i dette brygget, og ein treng nok lagring for å få balansen i orden. Her tykkjer eg at begge dei to Sju Sortane fell igjennom. Eg trur at eitt års lagring vil gje eit nydeleg øl til neste år. I Rudolf har smakane satt seg meir, og eg tykkjer ølet er meir balansert. Dessverre er det eit særs sterkt øl, og etter balansen kom på plass kan ein skimte alkoholsmaken i brygget. Dette har endra seg sidan sist gang eg smaka ølet, då balansen sat betre.

img_0359

Vinnaren av årets Xmas BrewOff er Robin Hood Porter. Dette blei ein knakande god porter, og sidan Tredje vers er av varierande kvalitet blei det porteren som var kongen av julebordet. Sjølv systera mi som ikkje likar mørkt øl likte denne. Som ein god nummer to kom Rudolf spesial, noko som gir dei siste to plassane til Sambryggeriet. Nok ein gong kjem Djupdalsbrygg med knakande god forbruksjournalistikk.

#18. Raudskjegg

Det må vere heilt klinkande klart. Enkelte ting gjer ein ikkje ustraffa. Her lefla eg med skjøne indianar squawer og framande gudar i førre brygget. Eg skjønar no at det eg gjorde var som å gjere om Rainbow Warrior til ein oljetankar, eller Taj Mahal om til eit leilegheitskompleks. Ein treng ikkje vere venaste påfuglen i flokken for å skjøne at ikkje noko gleder Nornene meir, enn døydelege som eggar på seg Æsene. Dei nytta gledeleg høve til å lage både ein og to knutar i skjebnetråden min. Dagen etter eg hadde brygga Månestråle viste Raudskjegg seg sjølv på himmelen.

img_2802

Om det var snakket om Manitu som provoserte det fram, eller om det var det faktum at Månestråle blei brygga før Raudskjegg er ikkje godt å seie, men at mannen med hammaren var argebesett var det lite tvil i.

Det gjekk ikkje lang tid før knutane kom til overflata. Sjølvsagt kutta legane ei arterie når eg skulle opererast. Eg slit med å få Yatzy i YatzyWorld, og Pokémona eg treng, viser seg aldri.

I Stordal skåler ein for:

Gøtt øl,
Beine potetføre,
Og ei fotsi taske.

Ølet eg bryggjer smakar no som Bud Light. Potetførene ser ein på bilete under, og taska nemner eg berre kort.

potetaker

Eg skjøna at her trengs det eit skikkeleg blot til for at lukka skal snu. Sidan eg ikkje kan skaffe rikdom ved å legge ut ein trillekoffert på finn.no med adresse slottet, lyt eg gjere det einaste eg kan. Bryggje til ære for Åsator.

Vinbua hadde endeleg fått inn siste maltsorten eg mangla til å bryggje ein Red Ale som eg har hatt lyst å prøve lenge. Det spesielle med denne er at første humle skal i på 20 minutt. Vanlegvis har ein i bitterhumle på minimum 60 minutt, og tanken bak å ha i denne mykje seinare er at ein skal få ein mildare type bitterheit. Knoll frå Sambryggeriet har allereie uttrykt sin skepsis, og har sagt han vil klage på bitterheita, sjølv om det skulle bli det mest bitre ølet kjend for menneskeheita.

Red ale er jo ei utfordring i seg sjølv, då det ikkje er lett å få noko som er brunt til å bli raudt. Sjølvsagt er blandinga av malt nøkkelen til å ende opp med riktig farge. Her er det berre å følgje oppskrifta og håpe ein treff.

Det var med stor spaning eg følgde med på fargeendringa på mesken. Blir det raudt?

Eg sit med kjensla om at resultatet blir meir brunraudt enn blodraudt? No skal det kokast slik at fargen kjem meir fram til slutt, men eg er litt skeptisk. Eg laga på forhand klar tre humleposar. 20 min, 10 min og 2 min. Sidan humlinga er spesiell på dette brygget, er det ekstra viktig å vere nøyaktig. Skyljinga føregjekk utan dramatikk, og sjølv med noko som kjendest ut som årets kaldaste dag, kom brygget snart i gang å koke. Ein treng ikkje koke dette brygget meir enn 60 minutt, men for å få fram den blodraude fargen var det anbefalt å koke i 90 minutt.

Etter 90 minutts koking tappa eg over på gjæringskaret. OG på gode 1,062 er litt lågare enn forventa OG, men eg enda på 23,5 liter så det var ikkje heilt overraskande at den blei litt lågare. Som ein ser av prøverøyret er ikkje fargen akkurat blodraud, men når eg ser på sjølve gjæringskaret, har dette ein annan farge enn om det skulle vere ein APA eller IPA. Det blir spanande å sjå kva farge ein sit igjen med når brygget har fått tid til å bunnfelle, og gjæringa er over.

Som vanleg er det intet brygg utan ei skandale. Eg ser no at eg har måla meg sjølv inn i eit hjørne. Korleis skal raudt øl passe inn i korkregimet mitt? Raude korke som hadde vore naturleg å brukt er jo til juleøl. Sølv og gull til APA og IPA. Mørkt øl, har blå og svarte. Kan ein ha grøne topper på raudt øl? Eller blir det som å ha ketsjup på grauten? Skal eg velje Liverpool vegen, og ta gult når eg ikkje kan nytte raudt? Det blir tøffe val å ta dei neste 14 dagane.

imagesxx2pbcaf

Oppskrift Raudskjegg

Type: All Grain
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 90 min
 

Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
5,44 kg Pale Malt (2 Row) UK (5,9 EBC) Grain 1 79,0 %
0,45 kg Caramel/Crystal Malt – 40L (78,8 EBC) Grain 2 6,5 %
0,45 kg Munich Malt – 10L (19,7 EBC) Grain 3 6,5 %
0,22 kg Caramel/Crystal Malt -120L (236,4 EBC) Grain 4 3,2 %
0,22 kg Victory Malt (49,3 EBC) Grain 5 3,2 %
0,11 kg Chocolate Malt (886,5 EBC) Grain 6 1,6 %
14,00 g Amarillo [7,00 %] – Boil 20,0 min Hop 7 5,4 IBUs
14,00 g Centennial [10,00 %] – Boil 20,0 min Hop 8 7,7 IBUs
28,00 g Amarillo [7,00 %] – Boil 10,0 min Hop 9 6,5 IBUs
28,00 g Centennial [10,00 %] – Boil 10,0 min Hop 10 9,3 IBUs
28,00 g Amarillo [7,00 %] – Boil 0,0 min Hop 11 0,0 IBUs
28,00 g Centennial [10,00 %] – Boil 0,0 min Hop 12 0,0 IBUs
1,0 pkg American Ale (Wyeast Labs #1056) [124,21 ml] Yeast 13

Gravity, Alcohol Content and Color

Est Original Gravity: 1,065 SG
Est Final Gravity: 1,017 SG
Estimated Alcohol by Vol: 6,3 %
Bitterness: 28,9 IBUs
Est Color: 36,5 EBC

Mash Profile

Total Grain Weight: 6,89 kg

Mash Steps
Name Description Step Temperature Step Time
Mash In 68,0 C 60 min
Mash out 75,0 C 10 min

Fermentation: 14 days at 20 C

Ølbrygging for nybyrjarar

Sit du med eit nytt bryggjeri og utstyr til tusenvis av kroner. Har du ein haug med ingrediensar og ei oppskrift full av ukjende teikn og symbol som minner om gresk? Fortvil ikkje. Ølbrygging er faktisk ganske enkelt, berre ein set seg inn i prosessen før ein startar.

uten-navn

Det største problemet med ølbrygging er at det er fryktelig gøy. Det er nok lurt å informere familien om at det ikkje blir ferie på nokre år, sidan du sannsynlegvis kjem til å bruke feriepengane på noko sånt som ein konisk kevlar-titan gjæringstank, eller eit temperaturkammer utvikla av NASA før framtidige marsferder.

12687851_828494860595924_3771752405422885422_nDet som derimot ikkje er like artig er når du står med oppskrifta i hand, kjelen putrande nøgd på varmen, og orda som står i oppskrifta er like forklarande som ei standard IKEA brukarrettleiing.

No er eg ikkje nokon ølguru som stikk haudet ut av ølkjellaren ein gong i året for å ause av botnlaus viten. Eg er ein heilt vanleg heimebryggjar, med 17 brygg under beltet. Eg skal i denne posten prøve å kome med ein gjennomgang av korleis bryggjeprosessen føregår, forklare ord og uttrykk eg var usikker på når eg starta, samt dele litt erfaringar eg har gjort undervegs.

Før bryggedag:

Basert på eigne erfaringar, skjer det meir enn nok under første brygging, slik at alt av utstyr bør vere klart før ein byrjar! Eg var så utolmodig med å kome i gong slik at eg blei sittande og sette saman utstyr under heile første brygget. Dette gjorde at eg ikkje kunne bruke tid på å sjekke ting eg var usikker på, noko som gjorde at eg gjorde eit par bommertar og enda med det bittraste ølet den vestlege verda nokon gong har sett.

Er bryggjeutstyret nytt, test at alt fungerer med vatn før du byrjar. Har du temperaturstyring, så startar du dette dagen før, slik at du ser at temperaturen held seg stabil. Lag ei punktvis liste på kva du skal gjere, slik at du ikkje gløymer noko viktig undervegs. Det er fort gjort å gløyme eit punkt og det er særs irriterande å få mange timars arbeid øydelagd av ein filleting. Det er og viktig at du noterar flittig undervegs slik at ein dannar seg ein erfaringsdatabase. Det går ofte litt tid mellom kvart brygg, og det er for gjort å gløyme kva ein gjorde for eit par månader sidan.

Kva skal eg bryggje?

kjell2

Kva bør ein bryggje først? Her er det sjølvsagt opp til eigen smak, men eg hadde kanskje vurdert eit øl med ein del humle og smak som kan skjule eventuelle uhell? I tillegg er det greitt med eit øl som kan drikkast kort tid etter brygging, slik ein kan få sjekke om alt gikk bra i prosessen. Pils og andre undergjæra øltypar er teknisk vanskelegare å lage, og det tek ganske mange månader før dei er ferdig modna.

IMG_1527

Det andre ein må ta stilling til er om ein skal kjøpe eit ferdig sett, eller kjøpe ingrediensar og blande sjølv. På første brygget så er det kanskje greitt å starte med eit sett, slik at alt er merka og klart. Då kan ein og få hjelp i butikken med kor mykje vatn ein skal bruke i dei forskjellige stega, og få andre råd på vegen. Det første bryggjet handlar mykje om å bli kjend med utstyr og prosessar, og då er det greitt at ingrediensane stemmer. Det er sjølvsagt ikkje noko problem å blande ingrediensane sjølv, men ein risikerer å introdusere endå ei feilkjelde i prosessen.

Oppskrift:

Sidan det heiter oppskrift, og ikkje brukarrettleiing, er det sosialt akseptabelt og for ein mann å sette seg godt inn i denne før ein startar. Ei øloppskrifta inneheld ikkje berre kor mykje av dei forskjellege ingrediensane ein skal sette til, men gjev opplysingar om andre viktige parameter for korleis brygget skal gjennomførast. Eg skal gje ei grunnleggande forklaring på dei ulike utrykkja.

Kjøper du eit sett så vil den fylgje med ei oppskrift i settet. Vil du blande sjølv så finnes det enormt mykje oppskrifter på internett og i bøker. Det er sjølvsagt mogleg å lage sine eigne oppskrifter frå starten, men ein treng ikkje vere største ørna i flokken for å sjå at det lett kan gje utfordringar.

Her er eit døme på ei oppskrift som eg har nytta sjølv:

Robin Hood Porter

Type: All Grain

Dette er eit sett basert på korn. Alternativet er ekstrakt brygg.

Batch Size: 23,00 l

Det er ikkje alltid like lett å vite kor mykje vatn ein skal bruke til mesking og til skyljing. I denne oppskrifta er det oppgitt batch size, som er forventa volum til gjæring. Ein må sjølv finne ut kor mykje vatn ein treng til mesk og skylling. For min del så har Grainfather laga ein app der ein kan legge inn kornmengd, og så får ein ut kor mykje vatn ein treng til mesking og skyljing. Har du heimelaga utstyr, er det ikkje like lett å vite kva du treng. Kjøper du eit ferdig sett i butikk så er det lurt å spørje betjeninga om dei kan hjelpe deg med dette. Skulle du bomme mykje på vassmengda vil ein enten få eit tynt og svakt brygg, eller sterkt og bittert brygg. Vassbehovet vil og variere med mengda malt, koketid og eventuelt andre ingrediensar. Er du usikker så ha heller i litt for lite enn litt for mykje. Manglar du litt når du skal til å koke, er det berre å sette til det du manglar.

For dette brygget ser reknestykket slik ut når ein bryggjar med Grainfather. Eg veit at mange andre nyttar meir vatn i mesk, og mindre til skyljing, men dette er tala som kjem frå Grainfather appen:

Batch size 23 l  Volum som skal til gjæring.
Preboil volume 28 l  Volumet som trengs i kjelen før ein startar og koke
     
  Liter  
Totalt vassmengd 33,7  Total kor mykje vatn som må tilsettast for å oppnå 23 liter til gjæring. Som ein ser har ein over 10 liter svinn i prosessen.
Meskevatn 19 Dette er mengda som skal i med ein gong
+ Skylling 14,7 Dette er vatn som må varmast til rundt 75 grader som ein skal bruke til skylje med
– Malt absorbsjon 5,7 Maltet tek opp vatn i meskeprosessen. Forholdet her er ca 1:1. Dvs 1 kg korn tek opp 1 l vatn som forsvinn ut.
= Volum før koking 28 Dette er volumet eit skal ha før koking. (Preboil volume)
     
Kok og gjæring 28  Det forsvinn ca 5 liter vatn frå ein startar og koke, til vørteret er tappa på gjæringskar.
– Fordamper 2,5 Det fordampar ca 2,5 liter
– Sammentrekning kjøling 1 Når kokande vatn blir kjølt ned etter kokinga, trekk det seg saman, så blir det ca 1 liter vatn mindre
– Skitvatn 1,5 Det vil vere igjen ein slush av humlerester osv som ein ikkje ønskjer med til gjæring
Til gjæring 23  

 

Boil Time: 80 min

Dette er naturleg nok kor lenge brygge skal koke. Det er viktig at ein føljer koketidene, slik ein får fordampa dei stoffa som skal ut av vørteret. Om ein koker for kort tid kan ein ende med dårleg smak på ølet. Eit typisk teikn på at ein ikkje har hatt nok fordamping er om det luktar kokt mais av brygget. Brygg med pilsnermalt må minimum koke i 90 minutt!

IMG_2512

Est Original Gravity: 1,066 SG

OG eller Original Gravity er enkelt forklart eit mål på kor mykje gjærbart sukker som finnest i vørteret etter koking. Måleeininga for dette er SG, og ein måler dette med eit Hydrometer berekna for øl, eller eit refraktometer. (Refraktometer krevjer at ein reknar om via ein «kalkulator» som ein kan finne her) Målinga skal skje rett før eller når ein skal tappe over vørter til gjæringskaret. Ein kan ta ein prøve frå kjelen ein kokar i eller frå slangen ein tappar over frå. Merk at ein no er på den sida av prosessen der ein må vere særs reinsleg, og alt utstyr som nyttast må desinfiserast med StarSan. OG og FG er dei to tala som ein nyttar for å berekne alkoholprosenten i ølet. Om ein ikkje treffer på OG vil ein ende opp med eit svakare eller sterkare øl enn det som var planlagd i oppskrifta. Dette kan øydeleggje balansen i ølet om det er store avvik. Ein bør gjere ei måling også før ein startar kokinga. Dette er oppgitt i nokre oppskrifter som Pre-boil gravity. Nyttar ein Beersmith så vil ein finne denne verdien på oppskrifta. For mitt tilfelle seier BeerSmith programmet at eg kan forvente 0,006 endring frå Pre-boil til OG. Det vil seie at i dette tilfelle burde Pre-boil gravity vere 1,060 for at eg skal få ein OG på 1,066. Her vil erfaring og forskjelleg utstyr gje ulik resultat, og det er difor viktig at ein noterer ned slik at ein kan gjere erfaring med sitt utstyr. Det er slett ikkje uvanleg å bomme her, og det er mogleg å gjere justeringar som kan berge inn litt av forskjellen sjølv om ein då kanskje vil påverke balansen på andre felt?

For høg OG. Dette skjer sjeldan for ein nybyrjar, og er kanskje det enklaste av dei to tilfelle å fikse. Har ein alt for høg OG er det mogleg å tilsette meir vatn under kokinga. Sjølvsagt vil dette gjev meir væske enn tiltenkt som kan gjev ein tynnare smak, men det kan vere betre enn å få ein alkoholsmak som ein kan ende opp med i eit alt for sterkt øl.

For lav OG. Dette er det mest vanlege, og kjem av at ein ikkje klarar å hente ut nok sukker under mesking. Det er to moglege måtar å få opp OG på:

  • Det eine er å tilsette ekstrakt, som i praksis er eit kunstig sukkerpulver. Ekstrakt blir nytta i enkelte brygg med høg alkoholprosent for å få opp OG, slik ein slepp å bruke alt for store korn mengder.
  • Den andre er å koke lenger. Vel ein å koke lengre må ein IKKJE!!!!! ha hatt i humle. Da må ein starte med ekstra koketid, og når ein er i mål med Pre-boil gravity, så kan ein ha i humle og følgje humleskjema. Kokar ein for lenge med humle i så blir ølet alt for bittert.

No skal det vere sagt at det er ganske vanleg å bomme litt på OG, og at det bør vere ganske stor bom før ein starte på korrigerande tiltak som nemnt over. Etter kvart som ein blir kjend med utstyret, vil ein kunne tilpasse kornmengda slik ein kjem nær forventa OG.

Est Final Gravity: 1,014 SG

FG eller Final Gravity er eit mål på kor mykje gjærbart sukker som er igjen etter gjæring. Dette tek ein mål av rett før ein tappar brygget på flaske eller fat. Måleininga er også her SG, og ein nyttar ølhydrometer eller refraktomter for å ta målinga. Merk at ein skal nytte ein annan kalkulator for å berekne FG enn ein brukar for OG når ein nyttar refraktometer. I praksis er FG eit mål for å sjå om brygget er ferdig utgjæra. Det er ganske vanleg å ta eit mål nokre dagar før flasking for å sjå at ein er i rute med gjæringa. Her må ein igjen vere særs hygienisk og desinfisere alle komponentar før det er i kontakt med ølet. Det er fort gjort å infisere eit øl på dette stadiet om ein ikkje er forsiktig.

Det er ikkje uvanleg at ein heller ikkje her treff akkurat på nøyaktig på talet ein siktar mot. Det kan vere fleire årskaker til dette. Uoptimale forhold under gjæring, feil temperatur, infeksjon, eller at ein har hatt for lite gjær til å starte med. Om ein enten starta med for høg eller for låg OG, vil dette påverka kva FG du endar med, sidan sukkermengda ikkje var riktig når ein starta gjæringa.

Kva gjer ein om FG er lang unna målet rett før tapping?

  • Er FG lågare enn målet så er det klart til tapping, enten det er nokre dagar igjen av gjæringa eller ikkje.
  • FG er høgare enn målet. Dette er ein litt meir kinkig situasjon, men ikkje heilt uvanleg. Det einaste busketrikset eg kjenner er å auke temperaturen, og la brygget stå nokre dagar ekstra. Det aller meste av gjæringa bør ha skjedd inne den angitte tida i oppskrifta, men ein kan hente nokre hundredelar om ein er heldig med nokre ekstra dagar. Skulle det vere lite bevegelse etter dei ekstra dagane er det ikkje mykje anna å gjere enn å tappe.

Uansett kor ein endar med OG og FG sit ein som regel igjen med eit godt øl likevel. Eg har hatt nokre avvik, spesielt på OG, utan at det har hatt den heilt store påverknaden på sluttproduktet. Dette er noko ein blir betre på dess meir erfaring ein opparbeidar seg.

ABV: 6,9 %

Alcohol By Volume eller alkoholprosenten på norsk.

Bitterness: 33,6 IBUs

ibu-guide

IBU gjev eit mål på kor bittert ølet er. Dette er ikkje noko ein treng å tenke på i bryggjeprosessen, men noko som er viktig når ein skal komponere ølet. Bitterheita kjem av kor mykje bitterhumle som er brukt til gitt tid.

Grain:

4,50 kg Pale Malt (2 Row) UK (5,9 EBC) Grain 1 69,7 %
0,50 kg Caramel/Crystal Malt – 80L (157,6 EBC) Grain 2 7,7 %
0,30 kg Munich Malt – 10L (19,7 EBC) Grain 3 4,6 %
0,18 kg Black Malt (Thomas Fawcett) (1300,2 EBC) Grain 4 2,8 %
0,18 kg Chocolate Malt (886,5 EBC) Grain 5 2,8 %

Maltmengd gir seg litt sjølv, så sant ein er kjend med begrepa gram og kilogram. Ein skal vere merksam på at det i veldig mange oppskrifter i tillegg er oppgitt eitt tal med enten EBC eller L (Degrees Lovibond ) bak. EBC og L er einingar for kor mykje farge som blir tilsett ølet frå maltet. Sidan dei ulike leverandørane har ulike namn på same type malt, vil du difor kunne finne ut kva malt ein skal bruke ut i frå EBC verdien. (Om din butikk sel eit anna merke enn oppgitt i oppskrifta.) Det finnest også kalkulatorar på interwebs som reknar om frå L til EBC, sidan EBC er det som er mest nytta i norske butikkar. Døme: Munich Malt Type 2 (20 EBC)

img_2752

Mash Steps:

60 min 67 dgr
10 min 78 dgr

Mesking skjer gjerne i to eller fleire steg alt etter kva stoff ein ynskjer å hente ut frå maltet. I dette tilfelle skal ein varme vatnet til 67°C. Når ein har nådd dette tilset ein maltet, og held temperaturen så jamt som mogeleg på 67 grader i 60 minutt. Etter dei 60 minutta aukar ein varmen på mesken til 78 grader, og held temperaturen så jamn som mogleg i 10 minutt.

 

Hops:

0,80 kg Light Dry Extract (15,8 EBC) Dry Extract 6 12,4 %

21,00 g Chinook [13,00 %] – Boil 60,0 min Hop 7 24,7 IBUs
32,00 g Northern Brewer [8,50 %] – Boil 10,0 min Hop 8 8,9 IBUs

Humleskjema er viktig å sette seg inn i, og ein tel alltid minutta til brygget er ferdig kokt. Det betyr at 60 min her betyr at ein skal ha i humla når det er 60 minutt til at brygget er ferdig kokt. Eg brukar å lage ein pose pr tidspunkt ein skal legge i humle, slik at alt er klart når tida er inne for å ha i humla. For å få ut dei riktige eigenskapane til humla er det viktig at ein er nøyaktig på tida! Tørrhumling skjer i gjæringskaret etter at stormgjæringa har gitt seg. Eg brukar ofte å ha i tørrhumla 7-10 dagar før eg skal flaske ølet. (Tørrhumle er akkurat same humla som ein nyttar under koken, og er ikkje noko spesial humle.)

IMG_1560

Ver merksam på at i likheit med at 4G ikkje er 4G, så er ikkje humle, humle. Bak kvar humle står det eit tal i prosent. Dette talet seier kor mykje alfasyre som er på humla som er brukt i oppskrifta. Sidan humle er eit naturprodukt, vil mengda av alfasyre variere mellom innhaustingane. Det betyr at ein vil trenge meir humle om det er mindre alfasyre i det du kjøper, og motsett om det er meir. Det finnest kalkulatorar på nett som reknar dette om for deg. Dette er spesielt viktig på bitterhumle (første humle som blir tilsett) då ein kan ende opp med feil IBU på ølet.

Dette brygget inneheld også Light Dry Extract som er kunstig sukkring for å få opp OG. (Då slepp ein å ha i så mykje malt.) Dette skal tilsettast under kokinga.

Yeast:

White Labs #WLP007
Dry yeast alternative: Danstar Nottingham Ale Beer Yeast

Gjæra kjem enten som tørrgjær eller som «våt gjær». I denne oppskrifta er det oppgitt ei våt gjær, og eit tørrgjør alternativ av same gjærtype. Nyttar ein våtgjær vil ein trenge å lage ein startar, noko som krevjar utstyr og kunnskap til å gjere dette. På første brygget ville eg kanskje nytta tørrgjær som for å gjere ting enkelt.

Fermentation profile:
14 days at 20 dgr

Det er under gjæringa at ølet faktisk blir laga. Bryggjaren blandar ingrediensane, medan gjæra gjer jobben med å lage ølet. Difor er det særs viktig at gjæra får optimale arbeidsforhold. Det betyr at ein bør prøve å ha 20 grader stabilt i 2 veker. Varierande temperatur vil påverke smak, og store temperaturutslag kan enten ta livet av gjæra eller gjere at brygget ikkje gjærar ut skikkeleg.

img_2765

Bryggedag!

Når bryggjedagen endelig er her, tek du ein sjekk på at du har alt utstyret klart. I tillegg er det viktig at alt utstyret er reint! Eg har tidlegare lista opp kva utstyr som er greitt å ha i denne bloggposten. Ein kan lage like godt øl på enkelt utstyr, som på dyre bryggjemaskiner, men det er enklare med ei bryggemaskin enn med ei kjele på ein komfyr. Når eg går gjennom denne introduksjonen, tek eg utganspunkt i mitt eige bryggjeri som er ein Grainfather. Prinisppa vil vere dei same sjølv om metodikken vil variere frå utstyr til utstyr.

  1. Varming av vatn.
    Det første ein startar med er å varme vatn. Her er det lurt å sette seg inn i kor mykje vatn ein treng til mesking, og kor mykje ein treng til skyljing, slik ein ikkje kjem skeivt ut.
    IMG_2004
  2. Kverning
    Medan vatnet varmar seg opp til mesketemperatur, kan ein kverne alt maltet. Kverninga opnar snitt i kornet slik at ein får frigitt gjærbart sukkert. Har ein ikkje kvern sjølv så er det som regel mogleg å få kverna maltet på butikk slik det er klart. 1,2-1,5 mm er mykje brukt avstand mellom rullene.
    img_2751
  3. Mesking
    Når vatnet har nådd riktig temperatur kan ein byrje å tilsette malt. Det er viktig å røyre godt slik at alt kornet kjem i kontakt med vatn. Korleis meskinga skjer er jo veldig forskjelleg frå utstyr til utstyr, men det viktigaste er å halde temperaturen jamn, samt og få eksponert maltet mot vatn. På Grainfatheren har ein eit røyr med perforert rist i begge endane. Vatn blir sugd ut frå botnen og pumpa opp til toppen av røyret, for så å renne ned gjennom sylinderen. Dette gjer at ein får god kontakt mellom malt og vatn. Som ein ser av bileta under, så får brygget meir og meir farge etter kvart som meskeprosessen går sin gang.
  4. Skylling
    Husk å setje på skyljevatn i god tid før du skal starte skyljinga. Det tek tid å varme opp alt vatnet du treng. Målet med skyljinga er å få ut siste rest av sukker frå maltet. Dette gjer ein ved at ein tek ut maltet, slik det ikkje lengre ligg i vørteret. Så let ein varmt vatn (ca 75 grader) renne over det tørrlagte maltet. Korleis ein gjer dette avhenger sjølvsagt av utstyr. På Grainfatheren løfter ein opp innerrøyret, og let det renne av litt. Så presser ein topprista ned slik den kviler på maltet. Ein skal ikkje vere hardhendt her, for då vil ein kunne presse ut stoff ein ikkje vil ha med vidare frå maltet. Når rista ligg fint er det berre byrje å tøme vatn forsiktig over rista. Vatnet renn ned i hovedkjelen slik ein får rett volum til koking. Ein bør ta god tid i denne prosessen slik at ein kan få med siste rest av sukkeret til kok.
  5. Koking
    Ver merksam på at det ofte skummar ein del når det kokar opp. Det betyr at ein må røyre ein del medan det kokar opp, slik det ikkje kokar over. Skummet forsvinn når ein har i humle, eller når ein får røyrt godt etter det har starta å koke skikkeleg. Som nemt tidligare er det viktig å fylgje koketida i oppskrifta, og at ein er nøye med å få i humle til riktig tid.
    Humler tilsett rundt 60+ minutt gjev bitterheit. Rundt 15 minutt er det smakshumler som skal i, og tilslutt når det er igjen 5 minutt eller mindre set ein i aromahumler. Ein kan nytte same humletypen til alle trinna, eller forskjellege humler til forskjellege tidspunkt. Det er kor lenge humla er i kokande vatn som er avgjerande for kva eigenskapar ein sit igjen med.
    IMG_2513
  6. Kjøling
    Det er viktig å få kjølt ned vørteret så raskt som mogleg etter at kokinga er ferdig. Det dannar seg raskt stoff i ølet som ikkje skal vere der, og når temperatur synk aukar faren for infeksjon av brygget tilsvarande. På Grainfatheren er det ein motstraumskjølar, og dette gjer at eg får ut vørter på meir eller mindre riktig tempereatur rett frå kjelen. Gjer deg kjent med korleis din kjølar verkar slik du raskt kan kome i gang med kjølinga.
    No er ein og komen til den delen av prosessen der ein lyt vere særs hygienisk. Alt utstyr som skal vere i kontakt med vørteret MÅ være desinfisert med StarSan slik ein unngjeng at brygget blir infisert. Sprut heller litt for mykje, enn litt for lite, og det gjer ikkje noko om det skummar litt. StarSan blir nøytralisert, og er ufarleg når det kjem i kontakt med øl.
    Det er viktig at kjem ned til den temperaturen ein skal ha før ein har i gjær. Det står på pakken kva toleranse gjæra har for temperatur, og skulle ein overstige denne er det fare for at ein tek livet av gjæra.
  7. Tilsette gjær
    Eg tek for meg prosessen med tørrgjær i denne posten, sidan det er mest sannsynleg det ein nybyrjar vil nytte. Gjæra bør klargjerast 20-30 minutt før ølet er overført til gjæringskaret. Varm opp vatn, og kjøl dette ned slik at det er innanfor temperaturområdet til gjæra. Tøm gjæra ned i dette vatnet, og lat stå utan og røyre om. Etter 15 minutt røyrer ein forsiktig, og let blandinga stå nye 15 minutt. Ein gjer dette for å hydrere gjæra, og dette vil styrke cellemembranen til gjærcellene noko som gjer at overlevinga blir dramatisk forbetra. Det er mogeleg å tøme tørrgjær rett i karet, men da kan ein oppleve at så mykje som halvparten av gjærcellene kan døy?
  8. Oksygenering
    Ein bør nytte ei flaske med oksygen og ein brusestein i ca 1 minutt for å få inn nok oksygen i brygget. Gjær treng oksygen for å formere seg i byrjinga av gjæringa, og i verste fall vil ein kunne oppleve at oksygenmangel vil påverke lukt og aroma. Gjæra lagar ølet, og det er difor lurt å gje denne så gode arbeidsvilkår som mogleg.  Ein kan prøve å riste karet om ein ikkje har oksygen tilgjengeleg, men dette vil aldri gje optimal mengd oksygen i brygget.
    IMG_2353
  9. Til gjæring.
    Endeleg er gjæringskaret fullt, og gjæra plaskar nøgd omkring i eit oksygenrikt miljø. No er det viktig at ein har god temperaturstyring under heile gjæringa. Eit kjøleskap eller liknande med temperaturkontroll er eit godt alternativ. Eg brukar å lime temperatursensoren på gjæringskaret med isopor rundt, slik at eg får så tett kontakt mot karet som mogleg. Normalt tillet eg eit avvik på +- 0,5 grader før kjøling eller oppvarming startar. Om du ikkje har tilgang til avansert temperaturstyring, så ver klar over at når stormgjæringa startar kan dette auke temperaturen i brygget. Det kan difor vere lurt å følge med undervegs slik ein kan justere romtemperaturen opp eller ned, slik at temperaturen er så stabil som mogleg.
    Eg brukar som regel å fylje gjærlåsane med StarSan. Har ein vatn i desse, og er uheldig, kan vatnet bli sugd ned i karet og ein risikerer då å få infisert brygget.
    IMG_2374

 

På flaske og fat:

Etter at FG er nede på ynskja nivå, er det tid for å få ølet på flaske eller fat. Ein er no inne i prosessen der det er særs viktig å vere hygienisk. Alt som skal i kontakt med ølet må vere reint og desinfisert med StarSan. Det er og viktig at ein ikkje får inn luft i ølet i denne fasen. Ein bør difor nytte eigna tappeutstyr, slik ein får minimalt med luft inn under tappinga.

IMG_2465

 

Om ein vel å nytte flasker eller fat er vel litt etter kva bruksmønster ein har. Det er heilt klart mindre arbeidskrevjande med Kornelius fat, men dei har ein større startkost, og er mindre praktisk når ein skal ta med øl ut av heimen. Growlere er små fat, som er lettare å ta med seg, men ein har framleis ein kost høg kost på desse og. Det billigste er å kjøpe 0,33 l flasker på butikk for 1 kr stk (panten). Då må ein rekne med ein stor vaskejobb i etterkant, sidan det kan vere mykje rart i desse flaskene. Det er og tidkrevjande å fylle 0,33 flasker, sidan det blir mange einingar ut av dette. Personleg kjøper eg 0,5 l flasker hjå bryggebutikkane. Då får ein nye flasker som ein kan nytte fleire gonger, og som er reine når ein kjøper dei.

IMG_1495

Uansett kva ein vel å gjere så startar ein med å vaske flaskene eller fata (viss det ikkje alt er gjort.) Når det er gjort, sprøytar ein dei med StarSan. Har du flasker, så er det særs praktisk med eit flasketre i denne fasen. Der har ein behaldar med desinfeksjonsmiddel på toppen, og stativ under til desinfiserte flasker. I tillegg til å desinfisere innsida av flaska, er det viktig og få tatt toppene og toppen på flaska.

 

Det neste som skal skje er tapping. Eg har ikkje noko erfaring med Korneliusfat, så eg tek føre meg tapping på flasker. Her er det greitt med eit kar med kran, og ein øltappar. Da forhindrar ein at luft kjem til, og det er enkelt å fylle flaskene. Ein må no og sørge for at ein får karbonert ølet. Dette kan ein gjere med spesialist utstyr som BeerGun, men det vanlegaste er å tilsette sukker slik at gjæra lager karbondioksidet(CO2) som trengs. Den enklaste er å koke opp ca 2 dl vatn, og tilsetje 6g sukker pr liter øl ein har. Dvs. Har du 20 liter til flasking treng du 120 gram sukker. Eg brukar å sette til sukkerlaken når eg stikk om frå gjæringskar til tappekaret. Det er viktig at sukkerlaken får fordelt seg i hele karet. Ein kan alternativt nytte sukkerbitar som ein kan kjøpe hjå bryggebutikkane, men desse kostar ein del i motsetnad til vanleg sukker.

Det er ein fordel å vere to når ein har øl på flaske. Om ein må fylle, og så ha på kork, får ein ei ujamn arbeidsrytme. Sjølve tappinga skjer ved å trykke flaska opp slik at ølet kjem ut av den fjørbelasta enden på flaskefylljaren. Når ein senker flaska stoppar det automatisk å renne. Sørg for at du kjøper riktig storleik på toppene, sidan dei kjem i både 26 og 29 mm.

Flaskene skal stå i romtemperatur i 14 dagar for at karboneringa skal bli ferdig. Etter nokre brygg vil kjøleskapa dine fort sjå slik ut. Husk. Ein kan aldri få nok kjøleskap!

kjoleskap

Sukker startar ein liten gjæringsprosess under karboneringa. Ein vil sjå at det vil danne seg litt botnfall på flaskene, og difor bør flaskene stå oppreist slik botnfallet samlar seg nettopp på botn. Når eg tømmer frå ei flaske så stoppar eg når eg ser det byrjar å kome grums i flaskehalsen, og så ofrar eg resten til Rån og hennar døtre. Ein vil då ha eit resultat som ser slik ut på ein varm sumardag.

IMG_1545

Lykke til med brygginga!

 

 

 

17. Månestråle

Månestråle. Berre namnet er nok til å få fram smilet på ein som har overlevd både hårspray og hockeysveis. Den langbeinte squawen kom ridande inn i livet mitt tidleg på 80-talet. Den mørke hildringa, med ein kjole der splitten satte god fart i fantasien til ein ung hyn. Månestråle var judomeisteren som overraskande ofte vart kidnappa, men som alltid blei redda til slutt. Undervegs var det gjerne spark og anna akrobatikk som fekk vist fram mykje teikna hud. Sidan eg bryggar ein nydeleg American Pale Ale (APA), blir dette ein hyllest til vene Månestråle. Kanskje den einaste som kunne fått meg til å tatt ned ein av dei 22 Samantha Fox plakatane eg hadde.

maane12

 

Kven kunne vel ikkje ønske å vere den vesle pumaen Tinka no og då?

Tilbake til brygginga var det nok ein dag der herr Gislefoss har meldt om stort sett opplett. Eg har no skjøna at eg ikkje snakkar «metrologisk», og at Meteorologisk Institutt truleg ligg ein plass i Bakvendtland? Difor ana det meg at eg må vere rask mellom byene, for å få kverna maltet ute.

Dette problemet hadde ikkje Månestråle. Manitu er meir avslappa i forhold til vêret enn Meteorologisk Institutt. Trengde Kiowaene regn, så dansa dei. Trengde dei sol, så dansa dei. Kanskje det er det som er problemet på Sunnmøre? Dansar vi for lite? Burde vi ut og riste på pappakroppen for å få fram sola? Eller er det omvendt? Dansar vi for mykje? Burde det vere eigne vêrvakter på dansetilstellingar, og når nokon er i ferd med å danse fram eit lågtrykk med nordavind og regn, blir dei høfleg bli klappa på skuldra og bedt om å ta seg ein runde. Sjølvsagt skal dei få kome inn igjen når det er meir søraust og sol i steget deira.

Både mesking og kok gjekk utan større skandalar. (Mot normalt kan ein vel seie!)Eg har funnet ut at det å stoppe med jamne mellomrom under meskinga for å røyre i mesken gjev betre effektivitet.

Eg enda tilslutt på 1,060 i OG, som var litt over forventa. Totalt blei det 23 liter øl til gjæring.

img_2765

Etikett:

manestrale

Oppskrift Månestråle:

Type: All Grain
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 90 min
End of Boil Vol: 25,50 l
Final Bottling Vol: 21,00 l

Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
5,30 kg Pale Malt (2 Row) US (3,9 EBC) Grain 1 92,2 %
0,45 kg Caramel/Crystal Malt – 60L (118,2 EBC) Grain 2 7,8 %
7,00 g Magnum [10,50 %] – Boil 60,0 min Hop 3 7,3 IBUs
36,00 g Perle [4,50 %] – Boil 30,0 min Hop 4 12,3 IBUs
34,00 g Cascade [5,50 %] – Boil 15,0 min Hop 5 9,2 IBUs
25,00 g Cascade [5,50 %] – Boil 1,0 min Hop 6 0,6 IBUs
25,00 g Cascade [5,50 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop 7 0,0 IBUs

Gravity, Alcohol Content and Color

Est Original Gravity: 1,055 SG
Est Final Gravity: 1,012 SG
Estimated Alcohol by Vol: 5,6 %
Bitterness: 29,4 IBUs
Est Color: 16,4 EBC
Yeast:
Wyeast 1056 or US-05
Mash:
66 dgr C 60 min
75 dgr C 10 min
Fermentation:
14 days at 20 C

 

 

 

 

Juleøl på kjøl

Helg og brygging. Sidan madammen ynskja biff til middag, og Kristen Gislefoss hadde lova ein dag med noko så sjeldan som opplett, blei brygginga utsett til søndag. Opplett stod vist ikkje på planen likevel, (takk for den herr Gislefoss), og uteaktivitetane blei erstatta med liming av etikettar på siste ladning av juleøl. I tillegg blei Grainfatheren fylt med biff i beste sous vide stil.

Klart for etikettering, og ikkje før eg hadde fått handa på dei to første øla, ana eg ugler i mosen.

ugler

Sidan vi har ei jamn fordeling under flaskeprosessen, der eg tappar og naboen korkar, hadde eg ikkje sett så nøye på julekorkene eg hadde kjøpt. I god tru hadde eg trudd at eg hadde tatt fine, raude topper som i fjor, men neida. Her var det glitrande raude topper, og skandala var som vanleg eit faktum! Eg sat med ein kjensle av å vere på stranda. Ha sett kroppen gå frå bleikfeit, til raudfeit. For så skikkeleg å flotte meg, ha gått ut å kjøpt ein faktor 15 solkrem. Smurt meg inn, og lagt meg ned. Dei finaste damene smiler og ser i mi retning. Der eg godt nøgd med pappakroppen nikkar anerkjennande til meg sjølv, ser eg i augekroken at smilet hjå damene ikkje er av den beundrande typen. Ein sprett latter spreier seg, og når eg ser ned, har det vore solkrem med glitter eg kjøpte. Pappakroppen har blitt til eit glitrande, raudt juletre.

IMG_2743
Bilete viser kork av type raud, og type glitrande raud, samt floppar med sokkar i.

 

No vil kanskje nokon seie at topp er topp, og kork er kork, men det meiner eg er toppen av å vere korka. Etter å ha kjempa med kjenslene ei stund, og som god sunnmøring er eg ikkje kjenslevar, må eg prøve å finne det positive. Kan ein verkeleg leve med skinnande korker? Blir det jul no? Eg ser berre uvisse framover. Uansett så er i det minste juleølet på kjøl!

IMG_2737

#16 Rudolf spesial

Har Djupdalsbrygg avslørt nissen? Er grunnen til Rudolf sin raude nase ein dagleg dose «Rudolf spesial» rett i trauet? Vi er ganske sikre på det. Som de kanskje skjøner så har ikkje julestemninga heilt slept taket hjå Djupdalsbrygg. Det var rett før det blei so lettsindige stemning at vi sette opp ein misteltein, men sidan pappakroppen 2016 er så perfekt, kunne det raskt blitt eit voldsamt renn i oppkøyrsla. I staden held vi oss til det trygge, og køyrer vi på med ein ny runde juleøl. Rudolf spesial er ein skikkelig krutar. Faktisk blei ordet krutar oppfunne for å beskrive Rudolf spesial. Kraftig nok til å gje både Rudolf og andre raud nase gjennom heile julehøgtida. Det er verken høggørm eller svartkrut i blandinga. Dette er rett og slett eit sett med Nøgne Ø, God Jul.

rudolfspesial

No har eg ikkje nytta Julefantasi namnet på dette juleølet, sidan også andre instrument er involvert i julehøgtida. For den som ikkje visste det så er kanskje det mest spesielle med Stordal kyrkje at det har det einaste instrumentet i verden som byrjar på ø. Ørgel. No har eg ikkje noko bilete av ørgelet, men eg legg ved eit illustrasjonsfoto av eit orgel for syns skuld.

 Leinenkugal-organ-at-ball-park

Djupdalsbrygg er plaga med at loftet krypar både leder hosen og julegenserar, og det blei difor lagt inn ein runde med prøving av juleklede. I år sat dei som eit skot, så her gjeld det å halde fasongen ut året.

Tilbake til brygginga, så er dette det mest tekniske brygget eg har gjort. Sidan settet inneheld nesten 10 kg malt, og Grainfatheren klarar maksimalt 9 kg, måtte meskinga skje i to steg. Dette er ein prosess ein kallar dobbeltmesking. Prosessen er eigentleg lik den vanlege meskinga, men ein gjer denne to gangar. Det som er utfordringa med dobbeltmesking er å få vassmengda riktig både ved start og ved skyljing. I mitt tilfelle skulle eg ha eit sluttvolum på 25 liter. Tek ein utgangspunkt i at ein har nesten 10 kg malt, og at dette tek opp ca 10 liter vatn. (Ein treng ikkje vere største bjørnen i hiet for å skjøne at her er eit ca forhold 1:1.) I tillegg fordampar rundt 4 liter etter 90 minutts koking, slik ein vil trenge totalt 39 liter vatn.

Eg starta med å dele kornmengda i to like deler, og varme 19 liter vatn. Første halvdel av maltet blei satt til mesking i 60 minutt på 67 grader. Dette blei skylt med 9 liter vatn (burde vore 10 liter, men eg blei litt defensiv i tilfelle utbytte skulle bli dårleg av dobbeltmeskinga.) Når det var ferdig skylt, blei kornet frå første runde tømt ut, og andre del satt til mesking og prosessen gjentatt. Dette var ikkje Grainfatheren like glad for, og eg fekk ganske kjapt mesk i overløpet. Sjølv med fleire stopp for å røre om i mesken, var det lite gjennomstrøyming. Det aller største problemet fekk eg når eg skulle skylje for andre gong. Vatnet rann nesten ikkje gjennom, og det tok ei eve og få gjennom alt skyljevatnet. Når alt var ferdig skylt hadde eg 28 liter, med heile 1,083 i preboil-SG. Sidan OG helst skulle vere rundt 1,080, måtte eg difor sette til dei to siste literane med vatn. Da var preboil-SG på 1,076, og kokinga kunne starte.

Etter kok sat eg igjen med litt over 24 liter i gjæringstanken, med 1,084 OG.

 

Rudolf spesial

Type: Christmas beer

Batch Size: 25,00 l

Est Original Gravity: 1,080 SG

Est Final Gravity: 1,023-1,027 SG

Estimated Alcohol by Vol: 8,5 %

Bitterness: 37 IBU

EBC: 56

Mash:

67 dgr 60 min
78 dgr 5 min

Boil Time: 90 min

Yeast: WLP007 or Lallemand Nothingham

Grain:

4,89 kg Pale Malt, Maris Otter 50,0 %
2,83 kg Pilsner 29 %
0,68 kg Peat Smoked Malt 7,0 %
0,59 kg Rye malt 6,0 %
0,49 kg Caramel/Crystal Malt – 40L (78,8 EBC) 5,0 %
0,20 kg Chocolate Malt 2,0 %
0,10 kg Roasted Barley 1,0 %

Hops:

23,00 g Columbus Boil 60,0 min
22,00 g Cascade Boil 15,0 min
22,00 g East Kent Goldings Boil 5,0 min
15,00 g Columbus Boil 0,0 min

Fermentation:

18-20 dgr for 20 days.

Add on:

Add 100 gr oak chips at least 10 days before end of fermentation. Change fermentation vessel before adding chips. (Boil the chips for 15 min to disinfect before adding them.)

Yeastgate. Flasking av Porter og juleøl.

Medan julenissen er opptatt av Eva og Anne Britt sine eventyr på Ibiza, breier julestemninga seg hjå Djupdalsbrygg. Ingenting gjev vel betre julestemning enn hårete, bleike mannebein i grøne joggesko! Sjølvsagt burde dei vore raude, så det min kjære står øvst på ynskjelista til jul.

 

IMG_2467

I førre blogpost var eg så dum at eg sa at det gjekk nesten keisamt enkelt å bryggje juleølet. Dette har ført til at Nornene har jobba doble skift med smil om munnen. Ikkje måte på kva seid som blir planlagt her, og skandala er som vanleg ikkje langt unna. Sidan sumaren faktisk viste andletet sitt på torsdag, blei fredag utpeikt til flaskedag. Målingar av FG viste at Porteren var klar, medan juleølet enda hadde litt å gå på. Etter eit par dagar hadde juleølet framleis ein del igjen. Ved å leike litt frøken detektiv saman med Knoll, fann eg ut at eg hadde gått på ei gjær blemme på juleølet. Sidan eg ny med fersk gjær, enda eg opp med for lite gjærceller. Eg hadde med andre ord fått min eigen Yeastgate.

Porteren gjæra greitt ut og enda med ein FG på 1,017. Totalt blei det 48 flasker porter.

Ein litt fantasilaus etikett, må eg innrømme.

robinhoodporter

Det er ikkje så mykje å gjere med yeastgate. Det einaste busketrikse i boka er å auke temperaturen, samt ta tida til hjelp. Sjølv fire dagar på overtid var det framleis eit stykke igjen, sjølv om FG øvst i bøtta sa 1,018.

Når eg tappa over ølet viste det seg at FG låg på heile 1,022, noko som er ein del over forventa FG på 1,016. No var OG litt høgare enn den skulle, men ein manglar nok dessverre litt gjær for at det skulle gjære ut som det skulle. Uansett enda ein på 6,3 %, og det er vel nok til å gjere nasen til Rudolf raud.

Julefantasiv3

Totalt blei det 44 flasker Julefantasi.

IMG_2474

Det må ein vel kalle ei grei veke på jobb.

IMG_2475

 

 

 

 

 

#14 Robin Hood Porter og #15 Julefantasi Tredje vers

Og jula varer heilt til juli? Sommaren til no har stort sett inneheldt isbjørn som migrer sørover, frostskadde saggere som drar opp buksa og småfugl som fis snøfnugg. Game of Thrones allereie har konstatert at «Winter has come». Hadde Titanic sigla i år, hadde dei aldri sekt, for dei måtte hatt trippel isfjellvakt frå Sunnmørskysten. På ein slik ven sumardag, fann Djupdalsbrygg like godt fram nissehatten og starta på Juleøla.

Først skulle eg derimot lage ein Red Ale som eg har tenkt på lenge. Dessverre hadde ikkje den lokale butikken humlene eg trengde på lager, og gode råd var difor dyre. Det vil seie at det var dei eigentleg ikkje. Med PC og interwebs betalt av jobben, kom råda strøymande inn gratis, slik ein sunnmøring lika det. Eg har laga mykje pale ale i det siste, og difor hadde eg lyst å lage ein anne type øl. Porter eller staut var difor høgt oppe på lista, og eg enda på ein porter.

Noko av det vanskelegast med å lage øl er å finne eit godt namn, men for ein gong skuld var det mange gode alternativ. Den første tankerekka starta med at gjæra i oppskrifta er 007. Med andre ord James Bond gjær. Sidan eg enda med ei anna gjær, blei det ein mislykka James Bond. Mislykka James Bond er lik Austin Powers, men tanken på å ha Austin Powers på etiketten var ikkje heilt shagadelic.

4cabf46a390cf4d30ff59742169dcc4a

Knoll frå Sambryggeriet er ei kreativ sjel. Sidan eg nyttar Nottingham gjær i ølet, og at eg stal oppskrifta frå dei som hadde mange, meinte han at namne gav seg sjølv. Eg er ikkje verre på det enn at det eg stal heile forslaget hans, og Robin Hood Porter blei namnet.

 #14 Robin Hood Porter

No veit eg ikkje om Sheriffen frå Nottingham har hatt ein finger med i spelet her, men skandalene var som vanleg ikkje langt unna.

Eg har tidlegare skreve om Grainfather appen som leier ein gjennom bryggeprosessen. Denne er avhengig av at han som legg inn data ikkje er ein komplett idiot, men nokre gonger er som kjent problemet mellom stolen og tastaturet. Eg hadde aldri før nytta Malt Extract i eit brygg, og difor la eg det inn under korn i appen. Problemet med å legge det til her viste seg ikkje før alt vatnet var tilsett. Her trudde appen at det skulle vere 0,8 kg korn meir enn det var, og berekna vassmengd etter det. Sidan kornet trekk til seg ein del vatn må ein kompensere for dette, og difor starta eg med eit alt for høgt volum. Resultatet var at eg hadde nesten 30 liter når koken starta, noko som er to liter meir enn det burde vere.

 

Etter det byrja å koke hadde eg i malt ekstrakten. Denne såg ut til å klumpe seg, og i heimekunnskap lærde eg at da skulle ein røre. No var eg nok litt vel flink til å røre, for plutseleg kjende eg at filteret blei med rundt med skeia. Ikkje heilt som berekna. No er det ikkje IPA eg lager, men sjølv denne mengda humle kan lage problem for pumpa når filteret ikkje er på plass. Filteret var ikkje det einaste problemet eg hadde. Sidan det var for mykje væske i tanken så måtte eg forsøke å få opp OG. Eg hadde kjøpt ein 1 kilo ekstrakt, og no blei dette redninga. Dei siste 200 gramma blei tømt i, og dette gjorde at eg nærma meg forventa OG. Spenninga var no stor når eg starta pumpa, og sjølvsagt gjekk det ikkje lang tid før det var full stopp.

IMG_2346

Heldigvis fekk eg blåst ut driten, og når pumpa starta igjen rann det som aldri før.

Det er viktig at ein har kontroll på temperaturen før ein har i gjæra. Er vørteret for varmt tek det livet av gjæra når den blir tømt i. Motstraumskjølaren gjer at temperaturen var perfekt når det gjekk i karet. Gjæra blei klargjort etter oppskrifta på pakken, og OG målt. Det enda på 1,064, noko som er nært opp til forventa OG. Ein god dose oksygen i dunken og så var det bare å sette tanken til gjæring.

25 liter til gjæring. Filteret låg å plaska fint nederst i dunken. Eg er litt spent på kva dei ekstra litera med vatn vil ha å seie for slutt produktet, men det får tida vise.

 

Oppskrift: Robin Hood Porter

Type: All Grain

Batch Size: 23,00 l

Boil Time: 80 min

Est Original Gravity: 1,066 SG

Est Final Gravity: 1,014 SG

Estimated Alcohol by Vol: 6,9 %

Bitterness: 33,6 IBUs

Est Color: 62,4 EBC

Grain:

4,50 kg Pale Malt (2 Row) UK (5,9 EBC) Grain 1 69,7 %
0,50 kg Caramel/Crystal Malt – 80L (157,6 EBC) Grain 2 7,7 %
0,30 kg Munich Malt – 10L (19,7 EBC) Grain 3 4,6 %
0,18 kg Black Malt (Thomas Fawcett) (1300,2 EBC) Grain 4 2,8 %
0,18 kg Chocolate Malt (886,5 EBC) Grain 5 2,8 %

Mash Steps:

60 min 67 dgr
10 min 78 dgr

Boil:

0,80 kg Light Dry Extract (15,8 EBC) Dry Extract 6 12,4 %
21,00 g Chinook [13,00 %] – Boil 60,0 min Hop 7 24,7 IBUs
32,00 g Northern Brewer [8,50 %] – Boil 10,0 min Hop 8 8,9 IBUs

Yeast:

White Labs #WLP007
Dry yeast alternative: Danstar Nottingham Ale Beer Yeast

Fermentation profile: 14 days at 20 dgr

Utvida kapasitet

Nokon har ein onkel i Amerika, andre har ein onkel i Stordal. Eg høyrer til i siste kategori, og min hadde eit stort kjøleskap til overs. Det er musikk i mine øyrer, og då tenker eg ikkje på trekkspelmusikk. Eg har fleire gonger måtte ta i bruk «gjæringsskapet» mitt til å kjøle øl, og kapasiteten har gjort det vanskeleg å lage mykje øl som skal lagrast lenge. Juleøl og porter er lagringsøl, og eit stort skap til gjer at eg ikkje vil ha problem med å få plass til alt i framtida. Ein bonus er at eg får kjørt ein dobbel runde brygging sidan det eine storskapet er tomt.

IMG_2374

#15 Julefantasi, Tredje vers.

Sidan det er midt i juli er det ikkje vanskeleg å få julestemning på Sunnmøre. Temperaturen er om lag lik, og det same kan ein seie om nedbøren. Det einaste positive er vel at regnet ikkje kjem like vassrett som i desember? Denne gongen er oppskrifta litt annan enn den eg nytta i fjor, men sidan Julefantasi er eit potpurri av ulike julesongar, føler eg at eg er innanfor sjangeren med namnet.

IMG_2360

For ein gong skuld gjekk både mesking og koking etter planen, sjølv med nesten 7 kg korn til mesking. Litt kjedelig eigentleg.

OG på 1,070 gjev forhåpentlegvis eit sterkt og balansert øl. Smaking på vørter er ikkje alltid noko stor oppleving, men akkurat dette smakte faktisk godt. Ein får håpe at det kan gje eit godt sluttresultat? Som ein ser køyrer Djupdalsbrygg «Orange is the new white» stilen.

På denne batchen prøvde eg ein ny type gjær. Siden eg ikkje har det som skal til for å lage vanlige startere for våt gjær,  er «Smack pack» ein veldig fin måte å få tilgang til enkelte gjærtyper som ikkje finnest som tørrgjær.

Som ein ser av bilete, blei det 23 liter juleøl til gjæring. Det kjedelige er at det no er 4 månader til den er klar til drikking.

 

Oppskrift: Julefantasi, Tredje vers

Type: All Grain

Batch Size: 23,00 l

Mash Step 1: 60 min 67 dgr

Mash Out: 10 min 75 dgr

Boil Time: 80 min

Est Original Gravity: 1,069 SG

Est Final Gravity: 1,016 SG

Estimated Alcohol by Vol: 7,0 %

Bitterness: 29,6 IBUs

Est Color: 25,7 EBC

Yeast:

Wyeast 1318 London Ale III
Dry yeast alternative: Danstar Nottingham Ale Beer Yeast

Grain:

6,44 kg Pale Malt, Maris Otter (5,9 EBC) Grain 1 93,3 %
0,28 kg Caramel/Crystal Malt – 80L (157,6 EBC) Grain 2 4,0 %
0,14 kg Caramel/Crystal Malt -120L (236,4 EBC) Grain 3 2,0 %
0,05 kg Roasted Barley (591,0 EBC) Grain 4 0,7 %

Hops:

29 g Northern Brewer [10,50 %] – Boil 75,0 min Hop 5 28,0 IBUs
18 g Fuggle [5,00 %] – Boil 5,0 min Hop 6 1,6 IBUs

Fermentation profile: 14 days at 19 dgr

Storage: 3 months at 10 dgr

 

 

 

 

 

BrewOff! Markapils vs Pilsner Urquell

Pilsner Urquell vs Markapils, Tsjekkia mot Djupdal, 174 års erfaring vs 9 brygg, uroppskrifta vs ei eg fann på internett. Dette kan ikkje bli noko anna enn ein jamn og spanande konkurranse.

IMG_2058

Sidan førre Brewoff mottok Djupdalsbrygg mange klager på tvilsam dømming, spesielt frå Sambryggeriet. Onde tunger kritiserte til og med det Nord-Koreanske avstemmingssystemet vårt. Onde tunger skal ein som kjent høyre på, og Djupdalsbrygg sette seg difor igjen på flyet til Pyongyang for å vidareutvikle systemet.

pyongyang

Som ein ser av bilete, var det god stemning med både smil og latter, samt taktfast nikk på hovudet til musikk. (Noko ein sjølvsagt ikkje ser på bilete.) Med våre gode kontaktar hjå universitetet i Pyongyang fekk vi raskt vidareutvikla avstemmingssystemet. No er det faktisk mogeleg å stemme på fleire kandidatar. Underteikna er litt skeptisk til eit slikt frivolt system, men vi har sjølvsagt lagt inn avgrensingar, slik at andre stemmer berre tel som blanke. Det er naturleg nok og moglegheit for å spore opp stemmedissidentane, slik at ein kan sende dei til saltminene.

Med eit nytt og rettferdig poengsystem på plass er det klart for testing. Allereie ved samanlikning av utsjånad ser ein at Urquell er alt for mørk i forhold til Markapils. Det er heller ikkje mykje skum frå Urquellen, medan Markapilsa kanskje skummar litt i overkant.

IMG_2054

Utsjånad er naturleg nok ikkje alt, og gutane er klar for smaksprøvar. For å gjere smakinga meir upartisk, har eg fått med naboen på testen. For å imøtekomme alle skuldingar om korrupsjon på FIFA nivå, ser ein at testen ikkje er gjennomført på eit 5 stjerners spa hotell på Aruba, med koffertar fulle i pengar og dyre middagar. At naboen gjekk heim med eit velfylt ObsBygg nett med Djupdalsbrygg hadde sjølvsagt ikkje noko påverknad på smakinga.

IMG_2056

Den første supen avslører at det er litt forskjell i smak på dei to. Kloninga mi har ikkje heilt treft mål, men det treng ikkje nødvendigvis vere negativt. Problemet til mange pils sortar er at når dei ikkje er iskalde og heilt ny opna, får dei ein tung og daff pilssmak. Dette har nok med at masseproduksjon på billigast mogleg måte ikkje nødvendigvis gjev nokon smaksfest. Markapilsa er både lysare og lettare enn Urquellen, og den beheld friskheita gjennom heile smakinga.

Og vinnaren er! Djupdalsk pilsner. No var ikkje denne med i konkurransen, men vi opna ei flaske med denne etter dei to andre. Denne er betre enn Markapils, som er betre enn Pilsner Urquell og difor er dette vinnaren av BrewOff. Eg føler at vi denne gang har fått gjennomført eit ryddig og rettferdig konkurranse, med ein verdig vinnar.