Ein kompis av meg meiner at dess dyrare ein hobby er, dess meir moro har ein det. No viste det seg dessverre at ølbrygging ein særs morosam hobby…. Det er bryggjaren, saman med utstyret som gjer ølet, men ein kan forenkle prosessen og spare tid ved å ha riktig utstyr. Det finnest vel eit utal spesialtilpassingar i dei forskjellege heimebryggjeri rundt omkring, og den som har tid og interesse for å lage eigne løysingar, kan kome langt utan store investeringar.
Ein av dei viktigaste komponentane er bryggjekjelen. Her finn ein alt frå kjelevariantar til automatiserte bryggemaskiner. Eg ønska ikkje å lage dette frå grunnen sjølv, så eg enda med å sjå rundt på interweben etter bryggemaskiner. Utvalet er kanskje ikkje heilt det største, men for meg så handla det etter kvart om BeerBrew 30 eller Grainfather. Speidel Braumeister var sjølvsagt den ein helst skulle gå for, men denne blei utelatt frå vurderinga grunna pris. Beer Brew 30 er vel inngangsporten for mang ein hobbybryggjar, men etter å ha konferert med tidlegare eigarar av Beer Brew 30 om temperaturproblem osv, enda eg med ein Grainfather. Dette er ein alt i eitt bryggjerimaskin, og ein kan vel kalle det folkevarianten av Speidel Braumeister. Eg skal skrive litt meir om Grainfatheren seinare når eg får brukt den nokre gangar.
I tillegg er gjæringa ein særs viktig del av ølbrygginga. Det er viktig å ha god temperaturkontroll her. Eg enda med eit kjøleskap med ein STC-1000 og frostvakt frå Biltema. I byrjinga vil eg nytte eit stort kjøleskap slik at eg kan ha to gjøringstankar i drift samtidig, men på sikt så blir det eit mindre kjøleskap som har plass til ei bøtte.
Link til korleis ein set opp temperaturstyring med STC1000 finn ein her: Temperaturstyring på 1-2-3 frå Sambryggeriet
I tillegg så er det ein del ting som ein bør/må ha:
- Rustfri skje
- Whirlfloc T 100g (Klaringmiddel)
- Hydrometer med testrør
- Gjæringsbøtte 30 liter med kran
- 2 stk gjæringsbøtte 30 liter
- Flaskefyllar / Tappestang Kraftig
- Star San 16 oz (Desinfeksjon)
- Pumpeflaske for Star San
- Flaskeskyllar med pumpe
- Flaskestativ 81 flasker
- Flaskebørste nylon
- Termometer
- PBW 450g (vaskemiddel)
- Erlenmeyerkolbe 5000 ml (Viss ein skal bruke fersk gjær)
- Magnetrøyrar (Viss ein skal bruke fersk gjær)
- Maltmølle komplett. Gir fersk maling av korn.
- Refraktometer. Greitt å ha til måling, men ein klarer seg med hydrometer
- Flasker
- Oksygeneringsutstyr til gjæringskar
- STC-1000 til temperaturstyring
- Kjøleskap både til lagring av øl og gjæring.
- Kar til vasking av utstyr
Med dette lille utvalet av utstyr, så er det bare å starte brygginga!
Tilbakeping: Ølbrygging for nybyrjarar – DjupdalsBrygg