Helg og brygging. Sidan madammen ynskja biff til middag, og Kristen Gislefoss hadde lova ein dag med noko så sjeldan som opplett, blei brygginga utsett til søndag. Opplett stod vist ikkje på planen likevel, (takk for den herr Gislefoss), og uteaktivitetane blei erstatta med liming av etikettar på siste ladning av juleøl. I tillegg blei Grainfatheren fylt med biff i beste sous vide stil.
Klart for etikettering, og ikkje før eg hadde fått handa på dei to første øla, ana eg ugler i mosen.
Sidan vi har ei jamn fordeling under flaskeprosessen, der eg tappar og naboen korkar, hadde eg ikkje sett så nøye på julekorkene eg hadde kjøpt. I god tru hadde eg trudd at eg hadde tatt fine, raude topper som i fjor, men neida. Her var det glitrande raude topper, og skandala var som vanleg eit faktum! Eg sat med ein kjensle av å vere på stranda. Ha sett kroppen gå frå bleikfeit, til raudfeit. For så skikkeleg å flotte meg, ha gått ut å kjøpt ein faktor 15 solkrem. Smurt meg inn, og lagt meg ned. Dei finaste damene smiler og ser i mi retning. Der eg godt nøgd med pappakroppen nikkar anerkjennande til meg sjølv, ser eg i augekroken at smilet hjå damene ikkje er av den beundrande typen. Ein sprett latter spreier seg, og når eg ser ned, har det vore solkrem med glitter eg kjøpte. Pappakroppen har blitt til eit glitrande, raudt juletre.

No vil kanskje nokon seie at topp er topp, og kork er kork, men det meiner eg er toppen av å vere korka. Etter å ha kjempa med kjenslene ei stund, og som god sunnmøring er eg ikkje kjenslevar, må eg prøve å finne det positive. Kan ein verkeleg leve med skinnande korker? Blir det jul no? Eg ser berre uvisse framover. Uansett så er i det minste juleølet på kjøl!