Det må vere heilt klinkande klart. Enkelte ting gjer ein ikkje ustraffa. Her lefla eg med skjøne indianar squawer og framande gudar i førre brygget. Eg skjønar no at det eg gjorde var som å gjere om Rainbow Warrior til ein oljetankar, eller Taj Mahal om til eit leilegheitskompleks. Ein treng ikkje vere venaste påfuglen i flokken for å skjøne at ikkje noko gleder Nornene meir, enn døydelege som eggar på seg Æsene. Dei nytta gledeleg høve til å lage både ein og to knutar i skjebnetråden min. Dagen etter eg hadde brygga Månestråle viste Raudskjegg seg sjølv på himmelen.
Om det var snakket om Manitu som provoserte det fram, eller om det var det faktum at Månestråle blei brygga før Raudskjegg er ikkje godt å seie, men at mannen med hammaren var argebesett var det lite tvil i.
Det gjekk ikkje lang tid før knutane kom til overflata. Sjølvsagt kutta legane ei arterie når eg skulle opererast. Eg slit med å få Yatzy i YatzyWorld, og Pokémona eg treng, viser seg aldri.
I Stordal skåler ein for:
Gøtt øl,
Beine potetføre,
Og ei fotsi taske.
Ølet eg bryggjer smakar no som Bud Light. Potetførene ser ein på bilete under, og taska nemner eg berre kort.
Eg skjøna at her trengs det eit skikkeleg blot til for at lukka skal snu. Sidan eg ikkje kan skaffe rikdom ved å legge ut ein trillekoffert på finn.no med adresse slottet, lyt eg gjere det einaste eg kan. Bryggje til ære for Åsator.
Vinbua hadde endeleg fått inn siste maltsorten eg mangla til å bryggje ein Red Ale som eg har hatt lyst å prøve lenge. Det spesielle med denne er at første humle skal i på 20 minutt. Vanlegvis har ein i bitterhumle på minimum 60 minutt, og tanken bak å ha i denne mykje seinare er at ein skal få ein mildare type bitterheit. Knoll frå Sambryggeriet har allereie uttrykt sin skepsis, og har sagt han vil klage på bitterheita, sjølv om det skulle bli det mest bitre ølet kjend for menneskeheita.
Red ale er jo ei utfordring i seg sjølv, då det ikkje er lett å få noko som er brunt til å bli raudt. Sjølvsagt er blandinga av malt nøkkelen til å ende opp med riktig farge. Her er det berre å følgje oppskrifta og håpe ein treff.
Det var med stor spaning eg følgde med på fargeendringa på mesken. Blir det raudt?
Eg sit med kjensla om at resultatet blir meir brunraudt enn blodraudt? No skal det kokast slik at fargen kjem meir fram til slutt, men eg er litt skeptisk. Eg laga på forhand klar tre humleposar. 20 min, 10 min og 2 min. Sidan humlinga er spesiell på dette brygget, er det ekstra viktig å vere nøyaktig. Skyljinga føregjekk utan dramatikk, og sjølv med noko som kjendest ut som årets kaldaste dag, kom brygget snart i gang å koke. Ein treng ikkje koke dette brygget meir enn 60 minutt, men for å få fram den blodraude fargen var det anbefalt å koke i 90 minutt.
Etter 90 minutts koking tappa eg over på gjæringskaret. OG på gode 1,062 er litt lågare enn forventa OG, men eg enda på 23,5 liter så det var ikkje heilt overraskande at den blei litt lågare. Som ein ser av prøverøyret er ikkje fargen akkurat blodraud, men når eg ser på sjølve gjæringskaret, har dette ein annan farge enn om det skulle vere ein APA eller IPA. Det blir spanande å sjå kva farge ein sit igjen med når brygget har fått tid til å bunnfelle, og gjæringa er over.
Som vanleg er det intet brygg utan ei skandale. Eg ser no at eg har måla meg sjølv inn i eit hjørne. Korleis skal raudt øl passe inn i korkregimet mitt? Raude korke som hadde vore naturleg å brukt er jo til juleøl. Sølv og gull til APA og IPA. Mørkt øl, har blå og svarte. Kan ein ha grøne topper på raudt øl? Eller blir det som å ha ketsjup på grauten? Skal eg velje Liverpool vegen, og ta gult når eg ikkje kan nytte raudt? Det blir tøffe val å ta dei neste 14 dagane.
Oppskrift Raudskjegg
Type: All Grain
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 90 min
Ingredients | ||||
Amt | Name | Type | # | %/IBU |
5,44 kg | Pale Malt (2 Row) UK (5,9 EBC) | Grain | 1 | 79,0 % |
0,45 kg | Caramel/Crystal Malt – 40L (78,8 EBC) | Grain | 2 | 6,5 % |
0,45 kg | Munich Malt – 10L (19,7 EBC) | Grain | 3 | 6,5 % |
0,22 kg | Caramel/Crystal Malt -120L (236,4 EBC) | Grain | 4 | 3,2 % |
0,22 kg | Victory Malt (49,3 EBC) | Grain | 5 | 3,2 % |
0,11 kg | Chocolate Malt (886,5 EBC) | Grain | 6 | 1,6 % |
14,00 g | Amarillo [7,00 %] – Boil 20,0 min | Hop | 7 | 5,4 IBUs |
14,00 g | Centennial [10,00 %] – Boil 20,0 min | Hop | 8 | 7,7 IBUs |
28,00 g | Amarillo [7,00 %] – Boil 10,0 min | Hop | 9 | 6,5 IBUs |
28,00 g | Centennial [10,00 %] – Boil 10,0 min | Hop | 10 | 9,3 IBUs |
28,00 g | Amarillo [7,00 %] – Boil 0,0 min | Hop | 11 | 0,0 IBUs |
28,00 g | Centennial [10,00 %] – Boil 0,0 min | Hop | 12 | 0,0 IBUs |
1,0 pkg | American Ale (Wyeast Labs #1056) [124,21 ml] | Yeast | 13 | – |
Gravity, Alcohol Content and Color
Est Original Gravity: 1,065 SG
Est Final Gravity: 1,017 SG
Estimated Alcohol by Vol: 6,3 %
Bitterness: 28,9 IBUs
Est Color: 36,5 EBC
Mash Profile
Total Grain Weight: 6,89 kg
Mash Steps | |||
Name | Description | Step Temperature | Step Time |
Mash In | 68,0 C | 60 min | |
Mash out | 75,0 C | 10 min |
Fermentation: 14 days at 20 C