#27 Друг патриота aka Patriotens venn

Kamerater foren eder! Komintern har kome med direktiv 57: Rusian Imperial Stout til folket. Under trussel om ein lengre vinterferie i Sibir, stilte Djupdalsbrygg sjølvsagt velvillig opp.

soviet-beer

Skal ein lage RIS må ein sjølvsagt samle folket, og Djupdalsbrygg samla raskt inn proletareatet. For at det ikkje skulle bli noko slinger i valsen, utnemnde Djupdalsbrygg seg sjølv til politisk kommissær. Det vart raskt klart at delar av proletaret trengde ein politisk korreksjon, og dei blei difor deportert til politisk omskulering i GULag leir 23. 

Sidan Gosplan krevjar ein treårsplan for produksjon av stout, måtte det vere ein kraftig stout som skulle lagast. Her skulle det ikkje vere noko vesteleg dekedanse, men gode varer frå kolkhoset.

Vi starta brygginga med å synge «Opp, alle jordens bundne treller» og «Hymne til Sovjetunionen», før Djupdalsbrygg haldt ein flammande tale om kollektivets fortreffelse og imperialsmens feil. Etter det blei det bolsjevikane sin skål, før vi sette i gang. Det viste seg raskt at ein hadde nokre dissidentar i flokken, og desse blei omgåande deportert til leir 23.

Det varte ikkje lenge før både Pravda og TASS dukka opp for å dekke eit slikt storhende, og kameratane nytta høve til å oppdatere seg på stoda i verda.  

Sidan det var gode 11 kg malt i brygget, måtte vi sette ein plankomite på 20 mann for å avklare korleis ein skulle klare eit brygg med så mykje malt. Det blei einstemmig vedtatt (18 mot 0, to dissidentar deportert) at ein skulle nytte dobbeltmesking. Etter å ha satt ein ny plankomite for å beregne vassmengd, (nok ein gong enstemmig) var det klart for første meskerunde. Det er greit når demokratiet fungerar. 

Den ypperlige sovjetiske Grainfatherski, ei videreutvikling av eit vestleg imperialist bryggeri, starta opp. Første runde av meskinga gjekk som den skulle, men det gjekk ikkje lenge før skandale melde seg på runde to. Når ein dobbeltmeskar med så mykje malt, blir vørteren ganske tjuktflytande. Dette gjer at ein må røre mykje for at ikkje all vørter skal renne i overløpet. Til slutt, med god innsats fra patriotiske kamerater, fekk ein flyten også på runde to. 

Det viste seg at når mesken var ferdig, så var preboil OG under det som var forventa. Feil gjer ein som kjent ikkje i arbeidarane sitt paradis, og nok ein gang måtte ein deportere dissidentar. For å rette opp feilen, var det berre å hoppe i Moskvitchen og køyre og kjøpe spraymalt. Moskvitchen, produsert på same fabrikk som AK47, og som av vonde imperialistiske tunger er omtale om den mest døydelege av dei to.    

IMG_0052

Partikommisær Moen kom for å inspisere resultatet, og i god partiånd hadde vi sprengt skalaen på måleutstyret. Det hadde nok ikkje vore nødvendig med spraymalt likevel, og med ein OG på 1,115 var Djupdalsbrygg nøgd med resultatet. 

IMG_0076

Dessverre var det berre 17 liter igjen til flasking, og Djupdalsbrygg mistenkte elitiske kvitegardistar for å stå bak svinnet, slik vi deportert resten av arbeidarane for sikkerhets skuld. Med ein FG på 1,032 har brygget ein styrke på 10,9%. Dette skal varme patriotisk hjerter i den kalde tida. 

Oppskrift:

OG: ~1.105

FG: ~1.026

75 IBU

ABV:~10-11%%

120 EBC

Effektivitet: 70%

Malt:

7 kg Best Pale Malt

900 g Best Munich Malt Dark, 25 EBC

900 g Crisp Caramalt, 30 EBC

650 g Best Melanoidin Malt, 70 EBC

550 g Crisp Chocolate Malt, 1000 EBC

470 g Flaket Havre

340 g Crisp Roasted Barley, 1200 EBC

340 g Special B Malt, 350 EBC

Totalt 11,15 kg

Humle:

70 g Magnum, 60 minutter

Anbefalt gjær:

4 pakker Safale US-05

Mesking:

Du kan meske på fleire måtar. Det enklaste er ein einstegs infusjonsmesk, men med så mykje malt er dobbeltmesk og anbefale. 

66°C i 60 min., 78°C i 10 min.

Koking:

Kok i 120 minutter.

Gjæring:
Det er viktig å bruke riktig mengd gjær på rett temperatur. Husk at gjæra lagar ølet!

Ca. 14 dager på 18°C.

Flasking:

Bruk 5,5g gram sukker per liter ferdig øl.

25. Tour the Teodor

Sunnmøre badar i solskin. Austlandet er stort sett i brann, og Nord-Norge… Jaja, ein kan ikkje vinne kvar gong. Det har faktisk vore så varmt at underteikna ikkje berre har opna ein eller to knappar på oljehyra, her har det vore oppe i tre opne knappar! Noko som må seiast å vere på grensa til frivolt. Naturleg nok går det ikkje lenge før sunnmøringen slit med både varme og lav luftfuktigheit, og difor må trekke inn og rehydrere.

IMG_1545

All denne rehydreringa har gjort innhogg i øleskapet, og det må difor bryggast igjen for å ikkje ha tomme skap til hausten. Sidan garasjeportopnaren min hadde takk for seg, blei det eit dobbelt prosjekt med brygging og mekking. For alle som har sett ein mann gjere to ting på ein gong, veit ein korleis dette går. Ikkje heilt på skinner som ein ser.

No er jo dette ein innhaldsrik sommar, der både VM i fotball og Tour de France er på plakaten. Noko som leia meg inn på ein som ikkje var like stø på sykkel. For oss som vaks opp med rikskringkastingen som einaste kanal, blei vi kjend med ein liten bamse på trehjulssykkel som rasa rundt, og som stort sett enda i elva med etterfølgjande: “Det gikk jo bra jo, så rart?”

elv

Det rare var vel at ingen på 70-talet stilte spørsmål om ei slik greinalaus sykling? Kva gjorde at Teodor nesten utelukkande forulykka når han sykla? Var det dei sjarmerande «Brum, brum» som redda Teodor, eller hadde onkel Lauritz kontaktar som haldt den vesle bjørnen ute av trøbbel? Rykta seier at Teodor hadde sin eigen «sykkelbrus», som han stadig kokte saman på kjøkkenet.

hqdefault[3]

Tilbake i garasja blei bruksrettleiinga på porten vart lagt fram, medan maltet var til mesking. Sidan festa til portenopnaren var like med dei som var der frå før, gjekk jobben raskt med å få opp den nye.

Skandala var som vanleg ikkje langt unna. Rettleiinga var lagt fram, men sjølvsagt ikkje lest. Når porten skulle programmerast blei det difor ei lita avsporing, sidan eg ikkje hadde fått med meg kva knapp som skulle trykkast på for å stoppe porten på veg opp. Det var likevel ikkje ein stor jobben å få alt tilbake på skinner, og med brukarrettleiinga lest denne gongen, var porten klar før kokninga var ferdig. Ein OG på 1,060 var innanfor, og det var klart til tapping på gjæringskar.

Med to prosjekt på ein gong er det vel heller ikkje overraskande at det kom enda ei skandale. Sidan dette er ein IPA, er det mykje humle i brygget. For å få ut dei rette oljene ut av humla, skulle aromahumla tilsetjast i «Whirlepool», noko som i dette tilfelle var 5 minutt etter at brygget var ferdig kokt. Desse 100 gramma med humle var ikkje filteret i Grainfatheren heilt begeistra for, og eg hadde ei stri tørn for å få vørteren over i gjæringskaret. Dessverre så blei det igjen nokre liter i tanken, då dette var berre ei tjukk humlesuppe som ikkje ville gjennom pumpa.

img_2134

Til slutt stod det 23 liter til gjæring.

img_2135

Sidan eg har vore så treg med skriving av bryggerapporten, har ølet rukket å blitt flaska. Det var nærare 200 gr tørrhumle i brygget, og dette laga litt problem for tapping på flaske. Ein del av tørrhumla hadde ikkje sunke til botn, noko som gjorde at det blei mykje humlerestart når ein stakk om. Til slutt måtte vi gi oss på litt over 20 liter. Humlerestar tetta i tillegg tappepinnen, slik at det tok lang tid å få alt på flaske. FG var på 1,011, noko som gir ein ABV på 6,4%. Totalt blei det 40 flasker til karbonering.

Oppskrift: Tour the Teodor

American IPA

Type: All Grain
Batch Size: 25,00 l
Boil Size: 30,00 l
Boil Time: 90 min
End of Boil Vol: 26,25 l
Final Bottling Vol: 23,00 l
Fermentation: Ale, Two Stage

Equipment: Grainfather

Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
6,50 kg Pilsner (2 Row) Ger (3,9 EBC) Grain 1 100,0 %
17,00 g Magnum [12,00 %] – Boil 60,0 min Hop 2 18,1 IBUs
6,00 g Citra [12,00 %] – Boil 10,0 min Hop 3 2,3 IBUs
6,00 g Mosaic (HBC 369) [12,25 %] – Boil 10,0 min Hop 4 2,4 IBUs
6,00 g Simcoe [13,00 %] – Boil 10,0 min Hop 5 2,5 IBUs
6,00 g Simcoe [13,00 %] – Boil 10,0 min Hop 6 2,5 IBUs
50,00 g Simcoe [13,00 %] – Steep/Whirlpool 5,0 min Hop 7 10,4 IBUs
25,00 g Citra [12,00 %] – Steep/Whirlpool 5,0 min Hop 8 4,8 IBUs
25,00 g Mosaic (HBC 369) [12,25 %] – Steep/Whirlpool 5,0 min Hop 9 4,9 IBUs
75,00 g Citra [12,00 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop 10 0,0 IBUs
75,00 g Mosaic (HBC 369) [12,25 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop 11 0,0 IBUs
37,00 g Northern Brewer [9,00 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop 12 0,0 IBUs


Gravity, Alcohol Content and Color

Est Original Gravity: 1,059 SG
Est Final Gravity: 1,014 SG
Estimated Alcohol by Vol: 5,9 %
Bitterness: 47,9 IBUs
Est Color: 7,5 EBC

Measured Original Gravity: 1,060 SG
Measured Final Gravity: 1,011 SG
Actual Alcohol by Vol: 6,4 %
Calories: 427,1 kcal/l

Mash Profile

Total Grain Weight: 6,50 kg

Mash Steps
Name Description Step Temperature Step Time
Mash In 66,0 C 60 min
Mash Step 78,0 C 5 min

Carbonation and Storage

Fermentation:
Age for: 14,00 days
Storage Temperature: 19 C

Carbonation:
Carbonation Type: Bottle
Carbonation Used: Bottle with 6 g Sugar a liter

24. Thank You, Come Again

Olympiade, lumske koreanske vindar, gullrush. Djupdalsbrygg er tilbake! Vi er like treffsikre som skiskytter jentene. Like flink å hoppe av i svingen som Henrik Kristoffersen. og like engasjert som Knugen.

th[2]

Etter nokre bryggerelaterte lyskebrokkar(faktisk heilt sant!) med påfølgande operasjon, fekk underteikna klar beskjed om å halde seg vekke frå brygginga til eg hadde grodd skikkeleg saman. Doktormannen skal ein som kjent lyde, og det har difor vore nokre stille månader i bryggeriet. Det hjelpte heller ikkje at ein etterfølgande sunnmørsk fimbulvinter, som får Ragnarok til verke som ein koseleg sommardag, laga ei lita istid på sunnmøre. No har derimot isen gått, og endeleg putrar det i gjærlåsen på Djupdalsbrygg.

51cc76ccc856116276000009_736

Denne gangen har eg nytta ei oppskrift frå Threehouse Brewing commpany på ei øl som heiter Hoppy thing. Dette er då ein American Indian Pale Ale. Ein kunne naturleg nok då ikkje kalle det American Pale Ale(APA), for det ville jo gjort ting litt for enkelt. Den må heller ikkje forvekslast med ein West Coast IPA, East Coast IPA eller ein New England IPA (New England ligg jo då også sjølvsagt på austkysten). Det slutar sjølvsagt ikkje her eller, då ein har Double IPA som også blir kalla Imperial IPA, som naturleg nok kjem frå Amerika. No sit eg snart og GAPA, som då er ein Gåseidsk American Pale Ale.

thankyou

Ivrig på å kome i gang så hadde eg starta førebuingane allereie laurdag, og sjølvsagt var ikkje skandala langt vekke. Om det var fordi nokon hadde tatt ein bit av eple på EDB verkøyet er ikkje godt å seie, men det var omlag umogeleg å få lagt inn oppskrifta på Grainfather App’en.

Sidan problema starta allereie dagen før brygginga, var det berre å finne fram dei fine, grøne joggeskoa og håpe på det beste. Desverre gjekk det ikkje lang tid før problema igjen kom til overflata. Det er nesten 7 kg korn i dette brygget, og dette likte ikkje Grainfatheren. Under meskinga har ein eit rør fylt med malt i Grainfatheren. For å få hente ut mest mogleg sukker frå maltet, lagar ein gjennomstrøyming ved å pumpe mesken frå botnen og opp på toppen. Skulle forhaldet mellom malt og vatn bli feil, endar ein med ein tjukk graut som mesken ikkje renn gjennom. Normalt sett vil dette løyse seg opp når ein finn fram sleiva, men denne gong hamna mesken i overløpet sjølv etter fleire røringa. Det enda med at eg måtte sette til ein liter til med vatn for at ein skulle få gjennomstrøyming.

Etter mykje om og men, var det endeleg klart for å skylle ut siste rest av sukkeret.

Med alle problema tidleg i meskinga, og mykje ekstra røring, fekk ein eit positivt utslag på OG. Eg enda med ein OG på 1,071, noko som var 0,006 meir enn forventa. Dette betyr at det blir eit sterkt øl om det gjærar ut som det skal.

Til slutt sat eg igjen med 23 l vørter til gjæring, og ein masse oppvask…

Thank you, come again

American IPA (14 B)

Type: All Grain
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 60 min
End of Boil Vol: 25,50 l
Final Bottling Vol: 21,00 l
Fermentation: Ale, Two Stage

Date: 18 Feb 2018
Brewer: Djupdalsbrygg
Asst Brewer:
Equipment: Grainfather
Efficiency: 73,00 %
Est Mash Efficiency: 80,9 %

Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
6,50 kg Pale Malt (2 Row) UK (5,9 EBC) Grain 1 95,2 %
0,20 kg Caramel/Crystal Malt – 60L (118,2 EBC) Grain 2 2,9 %
0,13 kg Honey Malt (49,3 EBC) Grain 3 1,9 %
40,00 g Magnum [10,80 %] – Boil 60,0 min Hop 4 39,5 IBUs
36,00 g Amarillo [9,20 %] – Boil 20,0 min Hop 5 18,3 IBUs
36,00 g Centennial [10,00 %] – Boil 20,0 min Hop 6 19,9 IBUs
52,00 g Simcoe [13,00 %] – Boil 0,0 min Hop 7 0,0 IBUs
34,00 g Amarillo [9,20 %] – Boil 0,0 min Hop 8 0,0 IBUs
34,00 g Centennial [10,00 %] – Boil 0,0 min Hop 9 0,0 IBUs
1,0 pkg Safale American (DCL/Fermentis #US-05) [50,28 ml] Yeast 10
34,00 g Amarillo [9,20 %] – Dry Hop 5,0 Days Hop 11 0,0 IBUs
34,00 g Centennial [10,00 %] – Dry Hop 5,0 Days Hop 12 0,0 IBUs
34,00 g Simcoe [13,00 %] – Dry Hop 5,0 Days Hop 13 0,0 IBUs

Gravity, Alcohol Content and Color

Est Original Gravity: 1,065 SG
Est Final Gravity: 1,012 SG
Estimated Alcohol by Vol: 6,9 %
Bitterness: 77,7 IBUs
Est Color: 15,6 EBC
Calories: 427,1 kcal/l

Mash Steps
Name Description Step Temperature Step Time
Mash In 66,0 C 50 min
Mash Step 75,0 C 10 min

Carbonation and Storage

Carbonation Type: Bottle

Fermentation Temperature: 19 C

Ferment: 14 days

#23 Julefantasi, Fjerde vers

«Same procedure as last year, Miss Sophie? Same procedure as every year, James!” Neida. Djupdalsbrygg snakkar ikkje om glansbileta frå regjeringskåte politikarar. Her er det sjølvsagt Julefantasi på gang. Djupdalsbrygg sitt Blandarkor håpar å unngå sure notar frå i fjor, og stemmer difor i med Fjerde vers. No ser eg på meg sjølv som av den vågale typen sunnmøring (av den typen som har hatt Taco på torsdag ein gong), men når det kjem til juleølet blei det naturelg nok ein Julefantasi.

5PWIJU2X

No skal det seiast at fjorårets Julefantasi gjekk inn i historia som det største skandalebrygget i Djupdalsbrygg si historie. Nornene veit å straffe den vågale, og sidan eg lefla med våtgjær, enda eg med ein Yeastgate. Det byrja så bra med eit velsmakande øl, men når ein kom ut i november starta det med at enkeltflasker byrja å bruse over. No skal ein vel ikkje skulde Trump for alt som er gale i verda, men det starta vel sånn ca akkurat når han blei valt.

Bilderesultat for sun funny

Eg klarte sjølvsagt å velje den einaste dagen i året det gjekk an å kneppe opp øvste knappen på oljehyra for brygging av juleølet. Sommaren er ein underleg ting på Sunnmøre. Eg føler ein er i ein evig Game of Thrones tilstand, der det vekslar mellom Winter is coming, og Winter has come. Men av og til må sjølv Nornene sleppe til Sol, datter til Mundilføre, og då er det vel ikkje nokon gildare stad enn Sunnmøre.

Når ein først er inne på digresjonar så var vikingane dei første til å innsjå viktigheita av Ozonlaget. I diktet Grimnismål seier Odin at framfor sola er det eit skjold ved navn Svalin, og om skjoldet fell frå sin frontale posisjon vil fjellene og havet brenne opp. Heldigvis er jo dette fake news.

Svalin mun stande
framføre sol
skjold for skinande gud;
berg og brim
eg veit brenne skal
om han fell ifrå.

Sjølv om det var ein varm dag, var det på med den nye varmekappa. Eg har innsett at det sparar mykje tid i siste del av oppkokinga med denne på. Malt blei tilsatt i Grainfatheren, og det gjekk ikkje lenge før ein byrja å få farge på vørteret.

Det er ikkje mykje humle i dette ølet, og eg er ikkje så begeistra for alle moglege tilsetjingar slik som ein del andre juleøl inneheld. Difor blir det eigentleg maltet som blir smaksgjevaren her. Det er og grunnen til at ein trenge nokre månader på lagring før at smaken skal få sette seg.

Sidan det er lite humle i dette brygget, gjekk bryggeprosessen greit. Dessverre enda eg eit stykke under forventa OG. Eg hadde heller ikkje noko søte opp vørteret med, så eg måtte ta til takke med ein OG på 1,062. Det betyr nok at det blir eit mindre søtt øl en det eigentleg skulle bli.

Skandala er sjølvsagt ikkje langt unna når Djupdalsbrygg er i gang. Med fjoråret klårt i minnet, skulle eg ikkje gå på nok ein Yeastgate. Når gjæra skulle i, var det ikkje snakk om å spare på noko. To posar med gjær var kjøpt inn, og begge enda i dunken. Her burde eg nok innsett at eg blei litt ivrig, sidan ein pose hadde haldt meir enn nok med den lave OG’en eg enda med. Resultatet blei ei utblåsning som gjorde at Red Adair nok var nær oppstandelsen. Sjølv om eg har gjærlås på så hadde eg fått bygd opp trykk nok til at plasten på lokket fekk knekkmerker… Hadde det vore aske i garasja, hadde området der ein satt askefast over Island vore eit frimerke samanlikna med sikkerheitssona ein hadde hatt rundt Djupdalsbrygg.

IMG_1202

Eg er litt uviss på kva resultat den raske gjæringa vil gje for brygget? Det er som kjent gjæringa som gjev mykje av smaken, men det er berre å vente på resultatet. Brygget gjæra naturleg nok godt ut, med ein FG på 1,011. Noko som gjev ein ABV på 6,7%. Styrken på ølet er difor ikkje så langt frå det den skulle vere, men det har nok forsvunne litt sødme på vegen her.

Sidan eg var så treg med å skrive om brygginga, har ølet både blitt flaska og karbonert. No står det og godgjer seg på kjøl, slik alt er klart til juleribba kjem på bordet.

IMG_1472

Oppskrift: Julefantasi, Fjerde vers

Batch Size: 23,00 l

Mash Step 1: 60 min 67 dgr
Mash Out: 10 min 75 dgr

Boil Time: 80 min

Est Original Gravity: 1,069 SG

Est Final Gravity: 1,016 SG

Estimated Alcohol by Vol: 7,0 %

Bitterness: 29,6 IBUs

Est Color: 25,7 EBC

Yeast: Danstar Nottingham Ale Beer Yeast (Max 1,5 pack….)

Grain:
6,44 kg Pale Malt, Maris Otter (5,9 EBC) Grain 1 93,3 %
0,28 kg Caramel/Crystal Malt – 80L (157,6 EBC) Grain 2 4,0 %
0,14 kg Caramel/Crystal Malt -120L (236,4 EBC) Grain 3 2,0 %
0,05 kg Roasted Barley (591,0 EBC) Grain 4 0,7 %

Hops:
29 g Northern Brewer [10,50 %] – Boil 75,0 min Hop 5 28,0 IBUs
18 g Fuggle [5,00 %] – Boil 5,0 min Hop 6 1,6 IBUs

Fermentation profile: 14 days at 19 dgr

Storage: 3 months at 10 dgr

Etikett:

Julefantasiv4

#22 Oppstandelsen

Påske. Appelsin. Kvikklunsj. Klabb eller bakglatte ski. Medan årets påskehøner køyrer doble dosar insulin etter å ha lagt sesongens påskeegg (med og utan palmeolje), og Kvitekrist byrjar å livne til etter ein tredagars, er Djupdalsbrygg i gang med påskeølet. No vil vel kritiske røyster meine at det er litt seint å byrje på påskeølet første påskedag, men nokre gonger er det greitt å vere litt vågal.

c9ddec71c46a1cd4554ad68ec1c805a0

Sidan eg bryggjar først påskedag, gjev namnet seg sjølv. Oppstandelsen. Med eit slikt namn kan ein naturleg nok ikkje bryggje med lauskrut, og eg har grove djupt i humlekassa for å levere. Noko drikk gjev hår på brystet, noko gjev hårvekst litt lengre sør. Skikkeleg drikk gjev hår på innsida av augeloka, medan Oppstandelsen gjev hårvekst.

images5XQA5TFI

Skal ein brygge ein vekkjar, trengst det mykje humle. Då passer det at eg hadde mykje Citra humle. Citra, sitrus. Eg synest at påskestemninga kjem allereie. Spørsmålet blir, kan det bli for mykje humle?

IMG_0830

No var det vel strengt tatt ikkje Kvitekrist som var opphavet til påska. Eg må seie at den keltiske «påska», feiringa av Eostre, har mi stemme. Eostre var fruktbarheitsgudinna, og i hennar månad skulle ein heidre henne med å lage born (slik dei skulle bli født på vinteren som seg hør og bør.) Difor kan ein seie at Oppstandelsen hjelper både for liten og stor. Eostre -> Easter (Tog du an.)

Sidan førre skandalebrygg har Djupdalsbrygg slått på stortromma og investert stort i nytt utstyr. Som god sunnmøring blei det sjølvsagt eit liggeunderlag, og ikkje den dyre varmekappa frå Grainfather som blei handla inn.

IMG_0826

I tillegg blei det handla inn eit nytt humlefilter, her fotografert med det gamle.

IMG_0839

Om nokon klarer å sjå forskjell så sei gjerne ifrå, men det fungerte faktisk betre enn det gamle?

Sidan eg har vore på ein studietur sørover i påsken, var alt klargjort og handla inn på førehand. Difor var det berre å klippe opp posen med malt og starte kverna. Meskinga skulle skje i tre steg, og starta med 5 minutt på 50 grader. Med liggeunderlaget montert, gjekk oppvarminga av vatn raskare enn vanleg. Meskinga såg ut til å gå så bra, at latskapen tok meg, og enda med ikkje å røyre rundt i mesken undervegs. Men latskap blir raskt straffa av nornene, og skandala var som vanleg ikkje langt vekk.

Den nye varmekappa gjorde at brygget starta og koke før eg trudde, og for første gong kokte det skikkeleg over. For den som har brukt varmekappe på ei bryggemaskin, så veit ein kor kjekt det er å få vørter mellom kappa og kjelen, då dette limer seg godt fast.

IMG_0829

Humleskjema blei følgt, og 500 gram Dememera sukker tilsett 10 minutt før slutt. No stod det eigentleg at det skulle i etter 60 minutt, men det er vel meir vanleg å tilsette sukker mot slutten. Ikkje veit eg om det kunne vere eit problem, eller om det var manglande røring under meskinga som gjorde at OG blei ein del lågare enn den skulle. Eg enda på 1,062, men skulle vore på 1,071. Det er lenge sida eg har hatt eit så stort avvik i OG. Ikkje hadde eg spraymalt som kunne setjast til for å auke OG heller. No tok eg faktisk ei måling av Pre-boil OG sidan eg ikkje hadde nytta slikt sukker før. Den viste seg å vere litt lågare enn den skulle på 1,054, mot 1,057 som den skulle vore. Det betyr at det blei litt lite frå mesk, men at sukkeret gav 0,005 mindre enn det skulle. No nytta eg US-05 gjær i dette brygget, og den brukar ofte og gjære ut bra, så ein får håpe at ein får tatt inn litt der.

IMG_0837

No kan ein kanskje seie at det ikkje er noko stort problem at ein ikkje får eit brygg på 8-9% ABV, men når ein brukar mykje humle så er det viktig at balansen i brygget er der. Alle brygg har ein balanse mellom alkohol, bitterheit og smak/aroma frå humle og malt. Blir det lite av ein faktor vil det påverke sluttproduktet.

IMG_0835

Oppskrift Oppstandelsen
Imperial IPA

Type: All Grain
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 60 min

 

Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
5,50 kg Pale Malt, Maris Otter (5,9 EBC) Grain 1 80,9 %
0,55 kg Caramel/Crystal Malt – 80L (157,6 EBC) Grain 2 8,1 %
0,25 kg Wheat Malt, Bel (3,9 EBC) Grain 3 3,7 %
50,00 g Citra [12,00 %] – Boil 60,0 min Hop 4 51,9 IBUs
25,00 g Citra [12,00 %] – Boil 30,0 min Hop 5 19,9 IBUs
0,50 Items Whirlfloc Tablet (Boil 15,0 mins) Fining 6
10,00 g Amarillo [9,20 %] – Boil 10,0 min Hop 7 2,9 IBUs
10,00 g Cascade [5,50 %] – Boil 10,0 min Hop 8 1,7 IBUs
0,50 kg Dememera Sugar [Boil for 10 min](3,9 EBC) Sugar 9 7,4 %
25,00 g Citra [12,00 %] – Boil 1,0 min Hop 10 1,1 IBUs
10,00 g Amarillo [9,20 %] – Boil 1,0 min Hop 11 0,3 IBUs
10,00 g Cascade [5,50 %] – Boil 1,0 min Hop 12 0,2 IBUs
10,00 g Nelson Sauvin [12,00 %] – Boil 1,0 min Hop 13 0,4 IBUs
125,00 g Citra [12,00 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop 14 0,0 IBUs
50,00 g Centennial [10,00 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop 15 0,0 IBUs

Gravity, Alcohol Content and Color

Est Original Gravity: 1,071 SG
Est Final Gravity: 1,010 SG
Estimated Alcohol by Vol: 8,1 %
Bitterness: 78,6 IBUs
Est Color: 23,2 EBC

Measured Original Gravity: 1,062 SG
Calories: 582,4 kcal/l

Mash Profile

Mash Steps
Name Description Step Temperature Step Time
Protein Rest Add 20,5 L 50,0 C 5 min
Saccharification 64,0 C 75 min
Mash Out 75,0 C 10 min

Sparge: Fly sparge with 12,5 l water at 75,6 C

Carbonation and Storage

Yeast: US-05

Fermentation: 14 days

Fermentation Temperature: 20 C

#19. Restepils, #20 Djupdalsk pilsner II

Nytt år, nyttårsløfte, brotne nyttårsløfte. Rakettane skotne opp, eller som ein god sunnmøring vil seie. Pengane skotne opp. I Ålesund blei naturleg nok fellesfyrverkeriet utsett. «Dårleg vêr» var årsaka, men vi veit jo godt at det blir lenge til det blir rakettar over Ålesund, når pengane kan settast på konto til neste år.

natt-alesund
Fellesfyrverkeri Ålesund

I tida der lukta av svidd ribbefett har flytta seg frå kjøkkenet til treningsstudioet, er det tradisjonen tru klart for pilsbrygging. Pils har om lag same status i heimebryggjarmiljøet som ein Grandiosa har på ein italiensk restaurant, eller ein kvalfangar på eit Greenpeace møte. No har det seg slik at eg tykkjer at det er godt med eit Grandiosa stykke ein gong i blant, og det er jo heilt greitt med eit glas kald pils på ein varm sommardag. Det er no ikkje kvart år ein får oppleve ein varm sommardag på Sunnmøre, men skulle det skje i år, er det viktig å vere klar.

IMG_1545

Kostoptimalisering er eit godt sunnmørsk ord, men det er vel og det ordet som har gitt pils eit dårleg rykte. Pilsa dei fleste kjenner kjem frå masseproduserte standardprodukt frå store leverandørane, og ein treng ikkje vere raskaste geparden på savanna for å skjøne at målet for slik produksjon er: Godt nok. Skal ein lage god mat eller drikke vil det råvarene som ligg til grunn som gjev kvaliteten på sluttproduktet. Og her har heimebryggjaren den store fordelen. Med dei voluma vi operer i er det til og med mogleg for ein sunnmøring å ta kosten for skikkelege råvarer.

imagesv2yg6naa

No er pils ei av dei større utfordringane ein kan ha som bryggjar. Produksjonen tek lang tid, og det er lite smak å skjule eventuelle feil bak. Pils er eit undergjæra øl, og her skjer gjæringa ved rundt ti grader. (Dette kan variere frå 5-13 grader etter type øl og gjærkultur.) Ein må rekne med minimum tre veker i gjæringsskapet. Etter det er det to veker med karbonering, før pilsa skal lagrast kaldt i fleire månader. At ein fort må vente 4-5 månader før ein kan ta ein velfortent smak er ikkje uvanleg.

andy-capp-homebrewer

Spørsmålet som naturleg kjem opp då er kvifor gidd ein å lage ein utskjelt drikk som pils, som det er vanskeleg å lage, og som ein ikkje får smake før varmen har løfta skjørtelengda nokre knepp opp. Her kjem sunnmøringen fram. Eg hadde sett for meg at eg kom til å lage ein del pils når eg starta opp, og som god sunnmøring kjøpte eg då inn 1 kg med Saaz humle (sidan ein fekk rabatt på kjøp på over ein kilo.) No sat eg då igjen med godt over ein halv kilo med humle som måtte brukast opp. I tillegg så hadde eg igjen både pilsner og Munich malt frå i fjor, så kosten med å lage å lage to dunkar pils kom på heile 2 kroner. (Eg måtte supplere med noko Munich malt.) Ein annan ting med pils, er at det er greitt å ha eit øl som ikkje er så alkoholsterkt som ein del APA og IPA ofte er. Til slutt er det jo mange som ikkje er glad i mørkt eller mykje humla øl, og det er kjekt å kunne ha eit alternativ å servere desse i lysteleg lag.

#19 Restepils

Sidan det tek lang tid å lage pils, nyttar eg høve til å lage to brygg samtidig. Eg hadde tenkt å lage begge brygga samme dag, men sidan pils skal koke minimum 90 minutt enda eg med å dele det opp over to dagar. Først ute var Restepilsa. Oppskrifta er ein variasjon av Djupdalsk pilsner, men har litt anna bitterhumle og litt mindre Saaz humle.

Begge brygga bygg på pilsoppskrifter fra Gahr Smith-Gahrsen.

Oppskrift Restepils

Bohemian Pilsner (2 B)

Type: All Grain

Batch Size: 22,50 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 90 min

Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
4,00 kg Pilsner (2 Row) Ger (3,9 EBC) Grain 1 93,0 %
0,30 kg Munich Malt – 20L (39,4 EBC) Grain 2 7,0 %
16,00 g Horizon [12,00 %] – First Wort 60,0 min Hop 3 23,7 IBUs
40,00 g Saaz [3,75 %] – Boil 30,0 min Hop 4 12,9 IBUs
0,50 Items Whirlfloc Tablet (Boil 15,0 mins) Fining 5
40,00 g Saaz [3,75 %] – Boil 10,0 min Hop 6 6,1 IBUs
40,00 g Saaz [3,75 %] – Boil 2,0 min Hop 7 1,4 IBUs

 

Est Original Gravity: 1,043 SG
Est Final Gravity: 1,011 SG
Estimated Alcohol by Vol: 4,2 %
Bitterness: 44,1 IBUs
Est Color: 8,5 EBC

Measured Original Gravity: 1,049 SG

Mash Steps
Name Description Step Temperature Step Time
Mash In Add 18,21 l of water at 59,9 C 55,0 C 15 min
Mash step 2 Add 0,00 l of water and heat to 67,0 C over 4 min 67,0 C 20 min
Mash Step 3 Heat to 72,0 C over 4 min 72,0 C 20 min
Mash Out Heat to 77,0 C over 4 min 77,0 C 5 min

Fermentation: 21 days
Fermentation Temperature: 10,5 C
Storage: Minimum 1 month at 4 C. Preferably at least 3 months at 4 C

#20 Djupdalsk pilsner II

Av dei to pilsa eg laga i fjor, var det Djupdalsk Pilsner som var den beste. Den holdt seg derimot ikkje like godt i lagring, og etter ca 9 månader byrja kvaliteten å bli dårlegare. Ein får håpe at det bli eit par soldagar i år, slik ein får drukke opp alt før sommaren er over.

Til slutt står begge dunkane til gjæring. Det er ikkje same spruten over gjæring på 10 grader, men resultat kjem sakte men sikkert her og.

img_0521

Oppskrift Djupdalsk Pilsner II

Bohemian Pilsner (2 B)

Type: All Grain
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 90 min

Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
4,40 kg Pilsner (2 Row) Ger (3,9 EBC) Grain 1 92,6 %
0,35 kg Munich Malt – 20L (25 EBC) Grain 2 7,4 %
55,00 g Saaz [3,75 %] – First Wort 120,0 min Hop 3 26,6 IBUs
45,00 g Saaz [3,75 %] – Boil 30,0 min Hop 4 14,0 IBUs
0,50 Items Whirlfloc Tablet (Boil 15,0 mins) Fining 5
45,00 g Saaz [3,75 %] – Boil 10,0 min Hop 6 6,6 IBUs
45,00 g Saaz [3,75 %] – Boil 2,0 min Hop 7 1,5 IBUs

 

Est Original Gravity: 1,048 SG
Est Final Gravity: 1,011 SG
Estimated Alcohol by Vol: 4,8 %
Bitterness: 48,8 IBUs
Est Color: 9,2 EBC

Measured Original Gravity: 1,046 SG

Mash Steps
Name Description Step Temperature Step Time
Mash In   66,0 C 90 min
Mash Out   75,0 C 10 min

Fermentation: 21 days
Fermentation Temperature: 10,5 C
Storage: Minimum 1 month at 4 C. Preferably at least 3 months at 4 C

 

 

#18. Raudskjegg

Det må vere heilt klinkande klart. Enkelte ting gjer ein ikkje ustraffa. Her lefla eg med skjøne indianar squawer og framande gudar i førre brygget. Eg skjønar no at det eg gjorde var som å gjere om Rainbow Warrior til ein oljetankar, eller Taj Mahal om til eit leilegheitskompleks. Ein treng ikkje vere venaste påfuglen i flokken for å skjøne at ikkje noko gleder Nornene meir, enn døydelege som eggar på seg Æsene. Dei nytta gledeleg høve til å lage både ein og to knutar i skjebnetråden min. Dagen etter eg hadde brygga Månestråle viste Raudskjegg seg sjølv på himmelen.

img_2802

Om det var snakket om Manitu som provoserte det fram, eller om det var det faktum at Månestråle blei brygga før Raudskjegg er ikkje godt å seie, men at mannen med hammaren var argebesett var det lite tvil i.

Det gjekk ikkje lang tid før knutane kom til overflata. Sjølvsagt kutta legane ei arterie når eg skulle opererast. Eg slit med å få Yatzy i YatzyWorld, og Pokémona eg treng, viser seg aldri.

I Stordal skåler ein for:

Gøtt øl,
Beine potetføre,
Og ei fotsi taske.

Ølet eg bryggjer smakar no som Bud Light. Potetførene ser ein på bilete under, og taska nemner eg berre kort.

potetaker

Eg skjøna at her trengs det eit skikkeleg blot til for at lukka skal snu. Sidan eg ikkje kan skaffe rikdom ved å legge ut ein trillekoffert på finn.no med adresse slottet, lyt eg gjere det einaste eg kan. Bryggje til ære for Åsator.

Vinbua hadde endeleg fått inn siste maltsorten eg mangla til å bryggje ein Red Ale som eg har hatt lyst å prøve lenge. Det spesielle med denne er at første humle skal i på 20 minutt. Vanlegvis har ein i bitterhumle på minimum 60 minutt, og tanken bak å ha i denne mykje seinare er at ein skal få ein mildare type bitterheit. Knoll frå Sambryggeriet har allereie uttrykt sin skepsis, og har sagt han vil klage på bitterheita, sjølv om det skulle bli det mest bitre ølet kjend for menneskeheita.

Red ale er jo ei utfordring i seg sjølv, då det ikkje er lett å få noko som er brunt til å bli raudt. Sjølvsagt er blandinga av malt nøkkelen til å ende opp med riktig farge. Her er det berre å følgje oppskrifta og håpe ein treff.

Det var med stor spaning eg følgde med på fargeendringa på mesken. Blir det raudt?

Eg sit med kjensla om at resultatet blir meir brunraudt enn blodraudt? No skal det kokast slik at fargen kjem meir fram til slutt, men eg er litt skeptisk. Eg laga på forhand klar tre humleposar. 20 min, 10 min og 2 min. Sidan humlinga er spesiell på dette brygget, er det ekstra viktig å vere nøyaktig. Skyljinga føregjekk utan dramatikk, og sjølv med noko som kjendest ut som årets kaldaste dag, kom brygget snart i gang å koke. Ein treng ikkje koke dette brygget meir enn 60 minutt, men for å få fram den blodraude fargen var det anbefalt å koke i 90 minutt.

Etter 90 minutts koking tappa eg over på gjæringskaret. OG på gode 1,062 er litt lågare enn forventa OG, men eg enda på 23,5 liter så det var ikkje heilt overraskande at den blei litt lågare. Som ein ser av prøverøyret er ikkje fargen akkurat blodraud, men når eg ser på sjølve gjæringskaret, har dette ein annan farge enn om det skulle vere ein APA eller IPA. Det blir spanande å sjå kva farge ein sit igjen med når brygget har fått tid til å bunnfelle, og gjæringa er over.

Som vanleg er det intet brygg utan ei skandale. Eg ser no at eg har måla meg sjølv inn i eit hjørne. Korleis skal raudt øl passe inn i korkregimet mitt? Raude korke som hadde vore naturleg å brukt er jo til juleøl. Sølv og gull til APA og IPA. Mørkt øl, har blå og svarte. Kan ein ha grøne topper på raudt øl? Eller blir det som å ha ketsjup på grauten? Skal eg velje Liverpool vegen, og ta gult når eg ikkje kan nytte raudt? Det blir tøffe val å ta dei neste 14 dagane.

imagesxx2pbcaf

Oppskrift Raudskjegg

Type: All Grain
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 90 min
 

Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
5,44 kg Pale Malt (2 Row) UK (5,9 EBC) Grain 1 79,0 %
0,45 kg Caramel/Crystal Malt – 40L (78,8 EBC) Grain 2 6,5 %
0,45 kg Munich Malt – 10L (19,7 EBC) Grain 3 6,5 %
0,22 kg Caramel/Crystal Malt -120L (236,4 EBC) Grain 4 3,2 %
0,22 kg Victory Malt (49,3 EBC) Grain 5 3,2 %
0,11 kg Chocolate Malt (886,5 EBC) Grain 6 1,6 %
14,00 g Amarillo [7,00 %] – Boil 20,0 min Hop 7 5,4 IBUs
14,00 g Centennial [10,00 %] – Boil 20,0 min Hop 8 7,7 IBUs
28,00 g Amarillo [7,00 %] – Boil 10,0 min Hop 9 6,5 IBUs
28,00 g Centennial [10,00 %] – Boil 10,0 min Hop 10 9,3 IBUs
28,00 g Amarillo [7,00 %] – Boil 0,0 min Hop 11 0,0 IBUs
28,00 g Centennial [10,00 %] – Boil 0,0 min Hop 12 0,0 IBUs
1,0 pkg American Ale (Wyeast Labs #1056) [124,21 ml] Yeast 13

Gravity, Alcohol Content and Color

Est Original Gravity: 1,065 SG
Est Final Gravity: 1,017 SG
Estimated Alcohol by Vol: 6,3 %
Bitterness: 28,9 IBUs
Est Color: 36,5 EBC

Mash Profile

Total Grain Weight: 6,89 kg

Mash Steps
Name Description Step Temperature Step Time
Mash In 68,0 C 60 min
Mash out 75,0 C 10 min

Fermentation: 14 days at 20 C

Ølbrygging for nybyrjarar

Sit du med eit nytt bryggjeri og utstyr til tusenvis av kroner. Har du ein haug med ingrediensar og ei oppskrift full av ukjende teikn og symbol som minner om gresk? Fortvil ikkje. Ølbrygging er faktisk ganske enkelt, berre ein set seg inn i prosessen før ein startar.

uten-navn

Det største problemet med ølbrygging er at det er fryktelig gøy. Det er nok lurt å informere familien om at det ikkje blir ferie på nokre år, sidan du sannsynlegvis kjem til å bruke feriepengane på noko sånt som ein konisk kevlar-titan gjæringstank, eller eit temperaturkammer utvikla av NASA før framtidige marsferder.

12687851_828494860595924_3771752405422885422_nDet som derimot ikkje er like artig er når du står med oppskrifta i hand, kjelen putrande nøgd på varmen, og orda som står i oppskrifta er like forklarande som ei standard IKEA brukarrettleiing.

No er eg ikkje nokon ølguru som stikk haudet ut av ølkjellaren ein gong i året for å ause av botnlaus viten. Eg er ein heilt vanleg heimebryggjar, med 17 brygg under beltet. Eg skal i denne posten prøve å kome med ein gjennomgang av korleis bryggjeprosessen føregår, forklare ord og uttrykk eg var usikker på når eg starta, samt dele litt erfaringar eg har gjort undervegs.

Før bryggedag:

Basert på eigne erfaringar, skjer det meir enn nok under første brygging, slik at alt av utstyr bør vere klart før ein byrjar! Eg var så utolmodig med å kome i gong slik at eg blei sittande og sette saman utstyr under heile første brygget. Dette gjorde at eg ikkje kunne bruke tid på å sjekke ting eg var usikker på, noko som gjorde at eg gjorde eit par bommertar og enda med det bittraste ølet den vestlege verda nokon gong har sett.

Er bryggjeutstyret nytt, test at alt fungerer med vatn før du byrjar. Har du temperaturstyring, så startar du dette dagen før, slik at du ser at temperaturen held seg stabil. Lag ei punktvis liste på kva du skal gjere, slik at du ikkje gløymer noko viktig undervegs. Det er fort gjort å gløyme eit punkt og det er særs irriterande å få mange timars arbeid øydelagd av ein filleting. Det er og viktig at du noterar flittig undervegs slik at ein dannar seg ein erfaringsdatabase. Det går ofte litt tid mellom kvart brygg, og det er for gjort å gløyme kva ein gjorde for eit par månader sidan.

Kva skal eg bryggje?

kjell2

Kva bør ein bryggje først? Her er det sjølvsagt opp til eigen smak, men eg hadde kanskje vurdert eit øl med ein del humle og smak som kan skjule eventuelle uhell? I tillegg er det greitt med eit øl som kan drikkast kort tid etter brygging, slik ein kan få sjekke om alt gikk bra i prosessen. Pils og andre undergjæra øltypar er teknisk vanskelegare å lage, og det tek ganske mange månader før dei er ferdig modna.

IMG_1527

Det andre ein må ta stilling til er om ein skal kjøpe eit ferdig sett, eller kjøpe ingrediensar og blande sjølv. På første brygget så er det kanskje greitt å starte med eit sett, slik at alt er merka og klart. Då kan ein og få hjelp i butikken med kor mykje vatn ein skal bruke i dei forskjellige stega, og få andre råd på vegen. Det første bryggjet handlar mykje om å bli kjend med utstyr og prosessar, og då er det greitt at ingrediensane stemmer. Det er sjølvsagt ikkje noko problem å blande ingrediensane sjølv, men ein risikerer å introdusere endå ei feilkjelde i prosessen.

Oppskrift:

Sidan det heiter oppskrift, og ikkje brukarrettleiing, er det sosialt akseptabelt og for ein mann å sette seg godt inn i denne før ein startar. Ei øloppskrifta inneheld ikkje berre kor mykje av dei forskjellege ingrediensane ein skal sette til, men gjev opplysingar om andre viktige parameter for korleis brygget skal gjennomførast. Eg skal gje ei grunnleggande forklaring på dei ulike utrykkja.

Kjøper du eit sett så vil den fylgje med ei oppskrift i settet. Vil du blande sjølv så finnes det enormt mykje oppskrifter på internett og i bøker. Det er sjølvsagt mogleg å lage sine eigne oppskrifter frå starten, men ein treng ikkje vere største ørna i flokken for å sjå at det lett kan gje utfordringar.

Her er eit døme på ei oppskrift som eg har nytta sjølv:

Robin Hood Porter

Type: All Grain

Dette er eit sett basert på korn. Alternativet er ekstrakt brygg.

Batch Size: 23,00 l

Det er ikkje alltid like lett å vite kor mykje vatn ein skal bruke til mesking og til skyljing. I denne oppskrifta er det oppgitt batch size, som er forventa volum til gjæring. Ein må sjølv finne ut kor mykje vatn ein treng til mesk og skylling. For min del så har Grainfather laga ein app der ein kan legge inn kornmengd, og så får ein ut kor mykje vatn ein treng til mesking og skyljing. Har du heimelaga utstyr, er det ikkje like lett å vite kva du treng. Kjøper du eit ferdig sett i butikk så er det lurt å spørje betjeninga om dei kan hjelpe deg med dette. Skulle du bomme mykje på vassmengda vil ein enten få eit tynt og svakt brygg, eller sterkt og bittert brygg. Vassbehovet vil og variere med mengda malt, koketid og eventuelt andre ingrediensar. Er du usikker så ha heller i litt for lite enn litt for mykje. Manglar du litt når du skal til å koke, er det berre å sette til det du manglar.

For dette brygget ser reknestykket slik ut når ein bryggjar med Grainfather. Eg veit at mange andre nyttar meir vatn i mesk, og mindre til skyljing, men dette er tala som kjem frå Grainfather appen:

Batch size 23 l  Volum som skal til gjæring.
Preboil volume 28 l  Volumet som trengs i kjelen før ein startar og koke
     
  Liter  
Totalt vassmengd 33,7  Total kor mykje vatn som må tilsettast for å oppnå 23 liter til gjæring. Som ein ser har ein over 10 liter svinn i prosessen.
Meskevatn 19 Dette er mengda som skal i med ein gong
+ Skylling 14,7 Dette er vatn som må varmast til rundt 75 grader som ein skal bruke til skylje med
– Malt absorbsjon 5,7 Maltet tek opp vatn i meskeprosessen. Forholdet her er ca 1:1. Dvs 1 kg korn tek opp 1 l vatn som forsvinn ut.
= Volum før koking 28 Dette er volumet eit skal ha før koking. (Preboil volume)
     
Kok og gjæring 28  Det forsvinn ca 5 liter vatn frå ein startar og koke, til vørteret er tappa på gjæringskar.
– Fordamper 2,5 Det fordampar ca 2,5 liter
– Sammentrekning kjøling 1 Når kokande vatn blir kjølt ned etter kokinga, trekk det seg saman, så blir det ca 1 liter vatn mindre
– Skitvatn 1,5 Det vil vere igjen ein slush av humlerester osv som ein ikkje ønskjer med til gjæring
Til gjæring 23  

 

Boil Time: 80 min

Dette er naturleg nok kor lenge brygge skal koke. Det er viktig at ein føljer koketidene, slik ein får fordampa dei stoffa som skal ut av vørteret. Om ein koker for kort tid kan ein ende med dårleg smak på ølet. Eit typisk teikn på at ein ikkje har hatt nok fordamping er om det luktar kokt mais av brygget. Brygg med pilsnermalt må minimum koke i 90 minutt!

IMG_2512

Est Original Gravity: 1,066 SG

OG eller Original Gravity er enkelt forklart eit mål på kor mykje gjærbart sukker som finnest i vørteret etter koking. Måleeininga for dette er SG, og ein måler dette med eit Hydrometer berekna for øl, eller eit refraktometer. (Refraktometer krevjer at ein reknar om via ein «kalkulator» som ein kan finne her) Målinga skal skje rett før eller når ein skal tappe over vørter til gjæringskaret. Ein kan ta ein prøve frå kjelen ein kokar i eller frå slangen ein tappar over frå. Merk at ein no er på den sida av prosessen der ein må vere særs reinsleg, og alt utstyr som nyttast må desinfiserast med StarSan. OG og FG er dei to tala som ein nyttar for å berekne alkoholprosenten i ølet. Om ein ikkje treffer på OG vil ein ende opp med eit svakare eller sterkare øl enn det som var planlagd i oppskrifta. Dette kan øydeleggje balansen i ølet om det er store avvik. Ein bør gjere ei måling også før ein startar kokinga. Dette er oppgitt i nokre oppskrifter som Pre-boil gravity. Nyttar ein Beersmith så vil ein finne denne verdien på oppskrifta. For mitt tilfelle seier BeerSmith programmet at eg kan forvente 0,006 endring frå Pre-boil til OG. Det vil seie at i dette tilfelle burde Pre-boil gravity vere 1,060 for at eg skal få ein OG på 1,066. Her vil erfaring og forskjelleg utstyr gje ulik resultat, og det er difor viktig at ein noterer ned slik at ein kan gjere erfaring med sitt utstyr. Det er slett ikkje uvanleg å bomme her, og det er mogleg å gjere justeringar som kan berge inn litt av forskjellen sjølv om ein då kanskje vil påverke balansen på andre felt?

For høg OG. Dette skjer sjeldan for ein nybyrjar, og er kanskje det enklaste av dei to tilfelle å fikse. Har ein alt for høg OG er det mogleg å tilsette meir vatn under kokinga. Sjølvsagt vil dette gjev meir væske enn tiltenkt som kan gjev ein tynnare smak, men det kan vere betre enn å få ein alkoholsmak som ein kan ende opp med i eit alt for sterkt øl.

For lav OG. Dette er det mest vanlege, og kjem av at ein ikkje klarar å hente ut nok sukker under mesking. Det er to moglege måtar å få opp OG på:

  • Det eine er å tilsette ekstrakt, som i praksis er eit kunstig sukkerpulver. Ekstrakt blir nytta i enkelte brygg med høg alkoholprosent for å få opp OG, slik ein slepp å bruke alt for store korn mengder.
  • Den andre er å koke lenger. Vel ein å koke lengre må ein IKKJE!!!!! ha hatt i humle. Da må ein starte med ekstra koketid, og når ein er i mål med Pre-boil gravity, så kan ein ha i humle og følgje humleskjema. Kokar ein for lenge med humle i så blir ølet alt for bittert.

No skal det vere sagt at det er ganske vanleg å bomme litt på OG, og at det bør vere ganske stor bom før ein starte på korrigerande tiltak som nemnt over. Etter kvart som ein blir kjend med utstyret, vil ein kunne tilpasse kornmengda slik ein kjem nær forventa OG.

Est Final Gravity: 1,014 SG

FG eller Final Gravity er eit mål på kor mykje gjærbart sukker som er igjen etter gjæring. Dette tek ein mål av rett før ein tappar brygget på flaske eller fat. Måleininga er også her SG, og ein nyttar ølhydrometer eller refraktomter for å ta målinga. Merk at ein skal nytte ein annan kalkulator for å berekne FG enn ein brukar for OG når ein nyttar refraktometer. I praksis er FG eit mål for å sjå om brygget er ferdig utgjæra. Det er ganske vanleg å ta eit mål nokre dagar før flasking for å sjå at ein er i rute med gjæringa. Her må ein igjen vere særs hygienisk og desinfisere alle komponentar før det er i kontakt med ølet. Det er fort gjort å infisere eit øl på dette stadiet om ein ikkje er forsiktig.

Det er ikkje uvanleg at ein heller ikkje her treff akkurat på nøyaktig på talet ein siktar mot. Det kan vere fleire årskaker til dette. Uoptimale forhold under gjæring, feil temperatur, infeksjon, eller at ein har hatt for lite gjær til å starte med. Om ein enten starta med for høg eller for låg OG, vil dette påverka kva FG du endar med, sidan sukkermengda ikkje var riktig når ein starta gjæringa.

Kva gjer ein om FG er lang unna målet rett før tapping?

  • Er FG lågare enn målet så er det klart til tapping, enten det er nokre dagar igjen av gjæringa eller ikkje.
  • FG er høgare enn målet. Dette er ein litt meir kinkig situasjon, men ikkje heilt uvanleg. Det einaste busketrikset eg kjenner er å auke temperaturen, og la brygget stå nokre dagar ekstra. Det aller meste av gjæringa bør ha skjedd inne den angitte tida i oppskrifta, men ein kan hente nokre hundredelar om ein er heldig med nokre ekstra dagar. Skulle det vere lite bevegelse etter dei ekstra dagane er det ikkje mykje anna å gjere enn å tappe.

Uansett kor ein endar med OG og FG sit ein som regel igjen med eit godt øl likevel. Eg har hatt nokre avvik, spesielt på OG, utan at det har hatt den heilt store påverknaden på sluttproduktet. Dette er noko ein blir betre på dess meir erfaring ein opparbeidar seg.

ABV: 6,9 %

Alcohol By Volume eller alkoholprosenten på norsk.

Bitterness: 33,6 IBUs

ibu-guide

IBU gjev eit mål på kor bittert ølet er. Dette er ikkje noko ein treng å tenke på i bryggjeprosessen, men noko som er viktig når ein skal komponere ølet. Bitterheita kjem av kor mykje bitterhumle som er brukt til gitt tid.

Grain:

4,50 kg Pale Malt (2 Row) UK (5,9 EBC) Grain 1 69,7 %
0,50 kg Caramel/Crystal Malt – 80L (157,6 EBC) Grain 2 7,7 %
0,30 kg Munich Malt – 10L (19,7 EBC) Grain 3 4,6 %
0,18 kg Black Malt (Thomas Fawcett) (1300,2 EBC) Grain 4 2,8 %
0,18 kg Chocolate Malt (886,5 EBC) Grain 5 2,8 %

Maltmengd gir seg litt sjølv, så sant ein er kjend med begrepa gram og kilogram. Ein skal vere merksam på at det i veldig mange oppskrifter i tillegg er oppgitt eitt tal med enten EBC eller L (Degrees Lovibond ) bak. EBC og L er einingar for kor mykje farge som blir tilsett ølet frå maltet. Sidan dei ulike leverandørane har ulike namn på same type malt, vil du difor kunne finne ut kva malt ein skal bruke ut i frå EBC verdien. (Om din butikk sel eit anna merke enn oppgitt i oppskrifta.) Det finnest også kalkulatorar på interwebs som reknar om frå L til EBC, sidan EBC er det som er mest nytta i norske butikkar. Døme: Munich Malt Type 2 (20 EBC)

img_2752

Mash Steps:

60 min 67 dgr
10 min 78 dgr

Mesking skjer gjerne i to eller fleire steg alt etter kva stoff ein ynskjer å hente ut frå maltet. I dette tilfelle skal ein varme vatnet til 67°C. Når ein har nådd dette tilset ein maltet, og held temperaturen så jamt som mogeleg på 67 grader i 60 minutt. Etter dei 60 minutta aukar ein varmen på mesken til 78 grader, og held temperaturen så jamn som mogleg i 10 minutt.

 

Hops:

0,80 kg Light Dry Extract (15,8 EBC) Dry Extract 6 12,4 %

21,00 g Chinook [13,00 %] – Boil 60,0 min Hop 7 24,7 IBUs
32,00 g Northern Brewer [8,50 %] – Boil 10,0 min Hop 8 8,9 IBUs

Humleskjema er viktig å sette seg inn i, og ein tel alltid minutta til brygget er ferdig kokt. Det betyr at 60 min her betyr at ein skal ha i humla når det er 60 minutt til at brygget er ferdig kokt. Eg brukar å lage ein pose pr tidspunkt ein skal legge i humle, slik at alt er klart når tida er inne for å ha i humla. For å få ut dei riktige eigenskapane til humla er det viktig at ein er nøyaktig på tida! Tørrhumling skjer i gjæringskaret etter at stormgjæringa har gitt seg. Eg brukar ofte å ha i tørrhumla 7-10 dagar før eg skal flaske ølet. (Tørrhumle er akkurat same humla som ein nyttar under koken, og er ikkje noko spesial humle.)

IMG_1560

Ver merksam på at i likheit med at 4G ikkje er 4G, så er ikkje humle, humle. Bak kvar humle står det eit tal i prosent. Dette talet seier kor mykje alfasyre som er på humla som er brukt i oppskrifta. Sidan humle er eit naturprodukt, vil mengda av alfasyre variere mellom innhaustingane. Det betyr at ein vil trenge meir humle om det er mindre alfasyre i det du kjøper, og motsett om det er meir. Det finnest kalkulatorar på nett som reknar dette om for deg. Dette er spesielt viktig på bitterhumle (første humle som blir tilsett) då ein kan ende opp med feil IBU på ølet.

Dette brygget inneheld også Light Dry Extract som er kunstig sukkring for å få opp OG. (Då slepp ein å ha i så mykje malt.) Dette skal tilsettast under kokinga.

Yeast:

White Labs #WLP007
Dry yeast alternative: Danstar Nottingham Ale Beer Yeast

Gjæra kjem enten som tørrgjær eller som «våt gjær». I denne oppskrifta er det oppgitt ei våt gjær, og eit tørrgjør alternativ av same gjærtype. Nyttar ein våtgjær vil ein trenge å lage ein startar, noko som krevjar utstyr og kunnskap til å gjere dette. På første brygget ville eg kanskje nytta tørrgjær som for å gjere ting enkelt.

Fermentation profile:
14 days at 20 dgr

Det er under gjæringa at ølet faktisk blir laga. Bryggjaren blandar ingrediensane, medan gjæra gjer jobben med å lage ølet. Difor er det særs viktig at gjæra får optimale arbeidsforhold. Det betyr at ein bør prøve å ha 20 grader stabilt i 2 veker. Varierande temperatur vil påverke smak, og store temperaturutslag kan enten ta livet av gjæra eller gjere at brygget ikkje gjærar ut skikkeleg.

img_2765

Bryggedag!

Når bryggjedagen endelig er her, tek du ein sjekk på at du har alt utstyret klart. I tillegg er det viktig at alt utstyret er reint! Eg har tidlegare lista opp kva utstyr som er greitt å ha i denne bloggposten. Ein kan lage like godt øl på enkelt utstyr, som på dyre bryggjemaskiner, men det er enklare med ei bryggemaskin enn med ei kjele på ein komfyr. Når eg går gjennom denne introduksjonen, tek eg utganspunkt i mitt eige bryggjeri som er ein Grainfather. Prinisppa vil vere dei same sjølv om metodikken vil variere frå utstyr til utstyr.

  1. Varming av vatn.
    Det første ein startar med er å varme vatn. Her er det lurt å sette seg inn i kor mykje vatn ein treng til mesking, og kor mykje ein treng til skyljing, slik ein ikkje kjem skeivt ut.
    IMG_2004
  2. Kverning
    Medan vatnet varmar seg opp til mesketemperatur, kan ein kverne alt maltet. Kverninga opnar snitt i kornet slik at ein får frigitt gjærbart sukkert. Har ein ikkje kvern sjølv så er det som regel mogleg å få kverna maltet på butikk slik det er klart. 1,2-1,5 mm er mykje brukt avstand mellom rullene.
    img_2751
  3. Mesking
    Når vatnet har nådd riktig temperatur kan ein byrje å tilsette malt. Det er viktig å røyre godt slik at alt kornet kjem i kontakt med vatn. Korleis meskinga skjer er jo veldig forskjelleg frå utstyr til utstyr, men det viktigaste er å halde temperaturen jamn, samt og få eksponert maltet mot vatn. På Grainfatheren har ein eit røyr med perforert rist i begge endane. Vatn blir sugd ut frå botnen og pumpa opp til toppen av røyret, for så å renne ned gjennom sylinderen. Dette gjer at ein får god kontakt mellom malt og vatn. Som ein ser av bileta under, så får brygget meir og meir farge etter kvart som meskeprosessen går sin gang.
  4. Skylling
    Husk å setje på skyljevatn i god tid før du skal starte skyljinga. Det tek tid å varme opp alt vatnet du treng. Målet med skyljinga er å få ut siste rest av sukker frå maltet. Dette gjer ein ved at ein tek ut maltet, slik det ikkje lengre ligg i vørteret. Så let ein varmt vatn (ca 75 grader) renne over det tørrlagte maltet. Korleis ein gjer dette avhenger sjølvsagt av utstyr. På Grainfatheren løfter ein opp innerrøyret, og let det renne av litt. Så presser ein topprista ned slik den kviler på maltet. Ein skal ikkje vere hardhendt her, for då vil ein kunne presse ut stoff ein ikkje vil ha med vidare frå maltet. Når rista ligg fint er det berre byrje å tøme vatn forsiktig over rista. Vatnet renn ned i hovedkjelen slik ein får rett volum til koking. Ein bør ta god tid i denne prosessen slik at ein kan få med siste rest av sukkeret til kok.
  5. Koking
    Ver merksam på at det ofte skummar ein del når det kokar opp. Det betyr at ein må røyre ein del medan det kokar opp, slik det ikkje kokar over. Skummet forsvinn når ein har i humle, eller når ein får røyrt godt etter det har starta å koke skikkeleg. Som nemt tidligare er det viktig å fylgje koketida i oppskrifta, og at ein er nøye med å få i humle til riktig tid.
    Humler tilsett rundt 60+ minutt gjev bitterheit. Rundt 15 minutt er det smakshumler som skal i, og tilslutt når det er igjen 5 minutt eller mindre set ein i aromahumler. Ein kan nytte same humletypen til alle trinna, eller forskjellege humler til forskjellege tidspunkt. Det er kor lenge humla er i kokande vatn som er avgjerande for kva eigenskapar ein sit igjen med.
    IMG_2513
  6. Kjøling
    Det er viktig å få kjølt ned vørteret så raskt som mogleg etter at kokinga er ferdig. Det dannar seg raskt stoff i ølet som ikkje skal vere der, og når temperatur synk aukar faren for infeksjon av brygget tilsvarande. På Grainfatheren er det ein motstraumskjølar, og dette gjer at eg får ut vørter på meir eller mindre riktig tempereatur rett frå kjelen. Gjer deg kjent med korleis din kjølar verkar slik du raskt kan kome i gang med kjølinga.
    No er ein og komen til den delen av prosessen der ein lyt vere særs hygienisk. Alt utstyr som skal vere i kontakt med vørteret MÅ være desinfisert med StarSan slik ein unngjeng at brygget blir infisert. Sprut heller litt for mykje, enn litt for lite, og det gjer ikkje noko om det skummar litt. StarSan blir nøytralisert, og er ufarleg når det kjem i kontakt med øl.
    Det er viktig at kjem ned til den temperaturen ein skal ha før ein har i gjær. Det står på pakken kva toleranse gjæra har for temperatur, og skulle ein overstige denne er det fare for at ein tek livet av gjæra.
  7. Tilsette gjær
    Eg tek for meg prosessen med tørrgjær i denne posten, sidan det er mest sannsynleg det ein nybyrjar vil nytte. Gjæra bør klargjerast 20-30 minutt før ølet er overført til gjæringskaret. Varm opp vatn, og kjøl dette ned slik at det er innanfor temperaturområdet til gjæra. Tøm gjæra ned i dette vatnet, og lat stå utan og røyre om. Etter 15 minutt røyrer ein forsiktig, og let blandinga stå nye 15 minutt. Ein gjer dette for å hydrere gjæra, og dette vil styrke cellemembranen til gjærcellene noko som gjer at overlevinga blir dramatisk forbetra. Det er mogeleg å tøme tørrgjær rett i karet, men da kan ein oppleve at så mykje som halvparten av gjærcellene kan døy?
  8. Oksygenering
    Ein bør nytte ei flaske med oksygen og ein brusestein i ca 1 minutt for å få inn nok oksygen i brygget. Gjær treng oksygen for å formere seg i byrjinga av gjæringa, og i verste fall vil ein kunne oppleve at oksygenmangel vil påverke lukt og aroma. Gjæra lagar ølet, og det er difor lurt å gje denne så gode arbeidsvilkår som mogleg.  Ein kan prøve å riste karet om ein ikkje har oksygen tilgjengeleg, men dette vil aldri gje optimal mengd oksygen i brygget.
    IMG_2353
  9. Til gjæring.
    Endeleg er gjæringskaret fullt, og gjæra plaskar nøgd omkring i eit oksygenrikt miljø. No er det viktig at ein har god temperaturstyring under heile gjæringa. Eit kjøleskap eller liknande med temperaturkontroll er eit godt alternativ. Eg brukar å lime temperatursensoren på gjæringskaret med isopor rundt, slik at eg får så tett kontakt mot karet som mogleg. Normalt tillet eg eit avvik på +- 0,5 grader før kjøling eller oppvarming startar. Om du ikkje har tilgang til avansert temperaturstyring, så ver klar over at når stormgjæringa startar kan dette auke temperaturen i brygget. Det kan difor vere lurt å følge med undervegs slik ein kan justere romtemperaturen opp eller ned, slik at temperaturen er så stabil som mogleg.
    Eg brukar som regel å fylje gjærlåsane med StarSan. Har ein vatn i desse, og er uheldig, kan vatnet bli sugd ned i karet og ein risikerer då å få infisert brygget.
    IMG_2374

 

På flaske og fat:

Etter at FG er nede på ynskja nivå, er det tid for å få ølet på flaske eller fat. Ein er no inne i prosessen der det er særs viktig å vere hygienisk. Alt som skal i kontakt med ølet må vere reint og desinfisert med StarSan. Det er og viktig at ein ikkje får inn luft i ølet i denne fasen. Ein bør difor nytte eigna tappeutstyr, slik ein får minimalt med luft inn under tappinga.

IMG_2465

 

Om ein vel å nytte flasker eller fat er vel litt etter kva bruksmønster ein har. Det er heilt klart mindre arbeidskrevjande med Kornelius fat, men dei har ein større startkost, og er mindre praktisk når ein skal ta med øl ut av heimen. Growlere er små fat, som er lettare å ta med seg, men ein har framleis ein kost høg kost på desse og. Det billigste er å kjøpe 0,33 l flasker på butikk for 1 kr stk (panten). Då må ein rekne med ein stor vaskejobb i etterkant, sidan det kan vere mykje rart i desse flaskene. Det er og tidkrevjande å fylle 0,33 flasker, sidan det blir mange einingar ut av dette. Personleg kjøper eg 0,5 l flasker hjå bryggebutikkane. Då får ein nye flasker som ein kan nytte fleire gonger, og som er reine når ein kjøper dei.

IMG_1495

Uansett kva ein vel å gjere så startar ein med å vaske flaskene eller fata (viss det ikkje alt er gjort.) Når det er gjort, sprøytar ein dei med StarSan. Har du flasker, så er det særs praktisk med eit flasketre i denne fasen. Der har ein behaldar med desinfeksjonsmiddel på toppen, og stativ under til desinfiserte flasker. I tillegg til å desinfisere innsida av flaska, er det viktig og få tatt toppene og toppen på flaska.

 

Det neste som skal skje er tapping. Eg har ikkje noko erfaring med Korneliusfat, så eg tek føre meg tapping på flasker. Her er det greitt med eit kar med kran, og ein øltappar. Da forhindrar ein at luft kjem til, og det er enkelt å fylle flaskene. Ein må no og sørge for at ein får karbonert ølet. Dette kan ein gjere med spesialist utstyr som BeerGun, men det vanlegaste er å tilsette sukker slik at gjæra lager karbondioksidet(CO2) som trengs. Den enklaste er å koke opp ca 2 dl vatn, og tilsetje 6g sukker pr liter øl ein har. Dvs. Har du 20 liter til flasking treng du 120 gram sukker. Eg brukar å sette til sukkerlaken når eg stikk om frå gjæringskar til tappekaret. Det er viktig at sukkerlaken får fordelt seg i hele karet. Ein kan alternativt nytte sukkerbitar som ein kan kjøpe hjå bryggebutikkane, men desse kostar ein del i motsetnad til vanleg sukker.

Det er ein fordel å vere to når ein har øl på flaske. Om ein må fylle, og så ha på kork, får ein ei ujamn arbeidsrytme. Sjølve tappinga skjer ved å trykke flaska opp slik at ølet kjem ut av den fjørbelasta enden på flaskefylljaren. Når ein senker flaska stoppar det automatisk å renne. Sørg for at du kjøper riktig storleik på toppene, sidan dei kjem i både 26 og 29 mm.

Flaskene skal stå i romtemperatur i 14 dagar for at karboneringa skal bli ferdig. Etter nokre brygg vil kjøleskapa dine fort sjå slik ut. Husk. Ein kan aldri få nok kjøleskap!

kjoleskap

Sukker startar ein liten gjæringsprosess under karboneringa. Ein vil sjå at det vil danne seg litt botnfall på flaskene, og difor bør flaskene stå oppreist slik botnfallet samlar seg nettopp på botn. Når eg tømmer frå ei flaske så stoppar eg når eg ser det byrjar å kome grums i flaskehalsen, og så ofrar eg resten til Rån og hennar døtre. Ein vil då ha eit resultat som ser slik ut på ein varm sumardag.

IMG_1545

Lykke til med brygginga!

 

 

 

#16 Rudolf spesial

Har Djupdalsbrygg avslørt nissen? Er grunnen til Rudolf sin raude nase ein dagleg dose «Rudolf spesial» rett i trauet? Vi er ganske sikre på det. Som de kanskje skjøner så har ikkje julestemninga heilt slept taket hjå Djupdalsbrygg. Det var rett før det blei so lettsindige stemning at vi sette opp ein misteltein, men sidan pappakroppen 2016 er så perfekt, kunne det raskt blitt eit voldsamt renn i oppkøyrsla. I staden held vi oss til det trygge, og køyrer vi på med ein ny runde juleøl. Rudolf spesial er ein skikkelig krutar. Faktisk blei ordet krutar oppfunne for å beskrive Rudolf spesial. Kraftig nok til å gje både Rudolf og andre raud nase gjennom heile julehøgtida. Det er verken høggørm eller svartkrut i blandinga. Dette er rett og slett eit sett med Nøgne Ø, God Jul.

rudolfspesial

No har eg ikkje nytta Julefantasi namnet på dette juleølet, sidan også andre instrument er involvert i julehøgtida. For den som ikkje visste det så er kanskje det mest spesielle med Stordal kyrkje at det har det einaste instrumentet i verden som byrjar på ø. Ørgel. No har eg ikkje noko bilete av ørgelet, men eg legg ved eit illustrasjonsfoto av eit orgel for syns skuld.

 Leinenkugal-organ-at-ball-park

Djupdalsbrygg er plaga med at loftet krypar både leder hosen og julegenserar, og det blei difor lagt inn ein runde med prøving av juleklede. I år sat dei som eit skot, så her gjeld det å halde fasongen ut året.

Tilbake til brygginga, så er dette det mest tekniske brygget eg har gjort. Sidan settet inneheld nesten 10 kg malt, og Grainfatheren klarar maksimalt 9 kg, måtte meskinga skje i to steg. Dette er ein prosess ein kallar dobbeltmesking. Prosessen er eigentleg lik den vanlege meskinga, men ein gjer denne to gangar. Det som er utfordringa med dobbeltmesking er å få vassmengda riktig både ved start og ved skyljing. I mitt tilfelle skulle eg ha eit sluttvolum på 25 liter. Tek ein utgangspunkt i at ein har nesten 10 kg malt, og at dette tek opp ca 10 liter vatn. (Ein treng ikkje vere største bjørnen i hiet for å skjøne at her er eit ca forhold 1:1.) I tillegg fordampar rundt 4 liter etter 90 minutts koking, slik ein vil trenge totalt 39 liter vatn.

Eg starta med å dele kornmengda i to like deler, og varme 19 liter vatn. Første halvdel av maltet blei satt til mesking i 60 minutt på 67 grader. Dette blei skylt med 9 liter vatn (burde vore 10 liter, men eg blei litt defensiv i tilfelle utbytte skulle bli dårleg av dobbeltmeskinga.) Når det var ferdig skylt, blei kornet frå første runde tømt ut, og andre del satt til mesking og prosessen gjentatt. Dette var ikkje Grainfatheren like glad for, og eg fekk ganske kjapt mesk i overløpet. Sjølv med fleire stopp for å røre om i mesken, var det lite gjennomstrøyming. Det aller største problemet fekk eg når eg skulle skylje for andre gong. Vatnet rann nesten ikkje gjennom, og det tok ei eve og få gjennom alt skyljevatnet. Når alt var ferdig skylt hadde eg 28 liter, med heile 1,083 i preboil-SG. Sidan OG helst skulle vere rundt 1,080, måtte eg difor sette til dei to siste literane med vatn. Da var preboil-SG på 1,076, og kokinga kunne starte.

Etter kok sat eg igjen med litt over 24 liter i gjæringstanken, med 1,084 OG.

 

Rudolf spesial

Type: Christmas beer

Batch Size: 25,00 l

Est Original Gravity: 1,080 SG

Est Final Gravity: 1,023-1,027 SG

Estimated Alcohol by Vol: 8,5 %

Bitterness: 37 IBU

EBC: 56

Mash:

67 dgr 60 min
78 dgr 5 min

Boil Time: 90 min

Yeast: WLP007 or Lallemand Nothingham

Grain:

4,89 kg Pale Malt, Maris Otter 50,0 %
2,83 kg Pilsner 29 %
0,68 kg Peat Smoked Malt 7,0 %
0,59 kg Rye malt 6,0 %
0,49 kg Caramel/Crystal Malt – 40L (78,8 EBC) 5,0 %
0,20 kg Chocolate Malt 2,0 %
0,10 kg Roasted Barley 1,0 %

Hops:

23,00 g Columbus Boil 60,0 min
22,00 g Cascade Boil 15,0 min
22,00 g East Kent Goldings Boil 5,0 min
15,00 g Columbus Boil 0,0 min

Fermentation:

18-20 dgr for 20 days.

Add on:

Add 100 gr oak chips at least 10 days before end of fermentation. Change fermentation vessel before adding chips. (Boil the chips for 15 min to disinfect before adding them.)

#12 Ali, Nøkken og Ingen

Ein vårdag. Slik ein berre har på Sunnmøre. Med temperatur som får ein røynd polarutforskar til å drøyme om milde snøstormar. Med nedbøren som ville fått Noa til å ta fram hammar og sag igjen, og denne gang ville han vurdert om han skulle tatt med fire av kvar, for no var det alvor.

IMG_2003

«Jeg velger meg April» skreiv Bjørnson. Du var ikkje på Sunnmøre når du skreiv det Bjørnstjerne. Her hadde du valt dagen med opplett, slik at Synnøve Solbakken kunne haldt stakken tørr, og gjere guten glad.

gladgut

Det var på ein slik dag at eg bestemde meg for å bli med på Sunnmøre Ølbryggjarfestival. Sidan det er konkurranse, vel eg å ha bortforklaringane klare, i tilfelle det ikkje går vegen. No som eg har fått unnskyldninga om veret klar, er det og viktig å ha nokre syndebukkar. Difor hadde eg fått med Ali, Nøkken og Ingen til å bryggje, og som vanleg er eit skandalearrangement i emninga.

Eg lyt presentere min medbryggjarar. No kjenner eg vel faktisk ikkje nokon som heiter Ali, og difor blir han representert med eit bilete av The Kardashians.

kardashians

Nøkken har vore ein ven gjennom fomlete ungdomsår, og kanskje noko The Kardashians burde nytta oftare?

rfsu-nøkken-kondomet-1-700x700

Ingen heiter eigentleg Inge, men sidan han er frå den sida av fjorden der alle namn endar på n, så blei det Ingen. Vi var litt lei på skulen av at: Ingen hadde smugrøykt. Ingen hadde gjort leksa og Ingen hadde knust ruta. Sidan Ingen eigentleg er ein særs kjekk kar og sikkert ikkje vil bli hengt ut i ein blogg, har eg valt å representere han med eit bilete av Kim Kardashian.

kim

Det er mykje sprut her, så det må vere Sambryggeriet eller Grim og Gryt i flaska?

Her kjem historia om når Ali, Nøkken og Ingen skulle bryggje øl. Ali starta med å fylle vatn, Nøkken stilte temperatur, og Ingen sjekka om brytaren var satt på kok. Når vatne aldri blei varmt, og Ingen skjøna noko, måtte Nøkken gå gjennom innstillingane igjen, og fann ut at Ingen hadde stilt brytaren til mesk noko som gjorde Ali sint. Snart var temperaturen riktig, og i mellomtida hadde Ali målt opp malten, Nøkken fann fram kverna, og Ingen drillen. Ali trudde at Nøkken hadde lada batteriet på drillen, men det var det Ingen som hadde gjort. Når batteriet viste seg å vere tomt var Nøkken irritert på Ali for at Ingen hadde lada batteriet. Heldigvis kom Nøkken på at det var eit reservebatteri i eska.

Når mesken var til kok fann Nøkken ut at Ali trengte ei ventepils. Ingen nemt, Ingen glemt, og det gjorde Ingen ingenting. Nøkken huska faktisk å ha i humle til rett tid, og for ein gang skuld såg det ut som at himmelen var blå bak skyene.

Ali gjorde klart til tapping på fat, og motstraumskjølaren blei kopla på. Nøkken starta pumpa, men der kom det ingenting. Skandale var som vanleg eit faktum. Ali prøvde alle busketriks i boka, med skyljing av kjølaren, blåse gjennom luft, og «sug og start» av pumpa. Ingenting hjelpte. Det var og blei tett.

IMG_1435

Til slutt kom Nøkken på ein plan som Ingen hadde tenkt på tidligare. Heile brygget blei tømt over i karet, slik at Ali kunne sjekke filter og pumpe. Det viste seg at Ingen hadde sjekka at gummipakninga på filteret var festa skikkeleg, eller at Nøkken hadde vore borti pakninga når han rørte. Ali var igjen irritert for at Nøkken hadde vore uforsiktig, og at Ingen hadde sjekka pakninga. Pakninga var heller ikkje å finne sjølv om Ali lette overalt. Nøkken meinte at ein kunne teipe igjen enden på filteret, og det hadde Ingen motførestillingar mot. Med det teipa filteret på plass, kunne Ali igjen starte med tappinga, og denne gang fekk ein fylt karet. Til og med pakninga dukka og opp når brygget blei tømt tilbake.

 

Snart var det 23 liter med Pale ale klart til gjæring, og dei tre venene Ali, Nøkken og Ingen var godt nøgd med dagen.

IMG_2022

 

Oppskrift Ali, Nøkken og Ingen:

OG: 1,052

FG: 1,014

ABV: 5,0%

Boil: 60 min

IBU: 26,7

4,50 kg Pale Malt (2 Row) UK (5,9 EBC)

0,40 kg Crystal Malt – 60L (Thomas Fawcett)

0,40 kg Munich Malt – 20L (39,4 EBC)

0,20 kg Wheat Malt, Ger (3,9 EBC)

10,00 g Simcoe – Boil 60,0 min

15,00 g Ahtanum – Boil 15,0 min

15,00 g Citra – Boil 15,0 min

20,00 g Ahtanum – Steep/Whirlpool 0,0 min

20,00 g Citra – Steep/Whirlpool 0,0 min

10,00 g Cascade – Steep/Whirlpool 0,0 min

1,0 pkg Safale American (DCL/Fermentis #US-05)

20,00 g Ahtanum  – Dry Hop 7,0 Days (Hvis Nøkken huska det)

20,00 g Citra  – Dry Hop 7,0 Days

Fermentation: 14 days, 19 degree

 

20131203Reinheitsgebot

Sidan det på bryggedagen var 500 år sidan Vilhelm den fjerde av Bayeren skreiv under på «Das Reinheitsgebot» (den tyske reinheitslova), haldt Djupdalsbrygg seg sjølvsagt slavisk til denne. Det var verken hegrenebb, ananasskal eller koriander i brygget. Her er det vatn, humle, malt og gjær som gjeld.