Grainfatheren i hus. Dessverre mangla setta som var bestilt fra Hobbybryggeren i sendinga. Krise! Her skulle det bryggjast! Redninga blei trivelege folk på Vinbua. Grunna manglande Citra humle blei det eit kit der og, basert på Syntax Error IPA frå Aasbakkane Garasjebryggeri. IPA med mykje humle er som kjent det enklaste ølet å starte bryggje karriera med…. Heldigvis var eg for urøynd til å vite de.
Eit lite tipse til alle nybyrjarar: SKRU SAMAN ALT PÅ FORHAND SLIK AT DU KAN KONSENRERE DEG OM FØRSTE BRYGGET!!!
Sidan tolmod ikkje alltid er mi sterke side, så sette eg i gang så rask som mogeleg etter eg hadde alt på plass. Grainfatheren blei montert og testa med vatn laurdag. Søndag var eg i gong, og med litt verktøy lånt frå naboen blei skruane på maltmølla stramma slik at målinga kunne starte. Med montering av diverse undervegs blei det ikkje tid til å sjå opp igjen instruksjonsvideoen frå Grainfather. Difor fekk eg ikkje med meg at det var viktig å røyre godt når kornet gjekk inn, samt at rista på topp skulle trykkast ned før skyljing. At ein må bruke Grainfather kalkulatoren for å berekne vassmengda gjekk meg og hus forbi. Resultatet blei ein OG på 1.055, som er eit godt stykke under forventa OG.
Oppskrift:
Forventa OG: 1.068
Forventa FG: 1.012
Batchvolum: 20-22 liter
Korn:
Pale Malt: 5,2 kg (80%) Munich Malt: 1 kg (15%) Carapils: 0,3 kg (5%)
Humle:
60min:
50 gr Chinook
15 min:
12,5 g Dr Rudi 12,5 g Simcoe
1 min:
10 g Cascade 20 g Simcoe 10 g Chinook
Etter 7 dager:
10 g Dr Rudi 30 g Cascade 15 g Simcoe
Gjær:
1 pakke US-05 tørrgjær
Koking: 60 min
Mesking:
60 min 65 grader 10 min 78 grader
Gjæring:
14 dager på 21 grader
Det var uansett ein lukkeleg mann som fekk fylt karet med eige vørter. Litt usikker på korleis ein skulle behandle tørrgjæra så brukte eg EDB reiskapen, og fann eit tips på at ein skulle koke opp eit par desiliter vatn. Vente til det hadde ca 20 grader. Drysse gjæra i vatnet. Vente 15 minutt. Røyre i gjæra. Vente nye 15 minutt. Grunnen til denne metoden er at tørrgjæra er kjennslevar i første møte med væske. Med denne metoden kan ein unngå at halvparten av gjær cellene døyr av sjokk i møte med vørteret, samt at ein styrkar cellemembranen slik at gjæra blir meir effektiv.
Då var det berre å skru saman oksygeneringa. Full drus i 60 sekund. På med lokket og gjærlås, og så var eg i gong.
Når ein bryggjar for første gong er det greitt å alliere seg med kjente med brygge erfaring. Nabo, Hans Eivind, kom innom med jamne mellomrom og hjalp til i kritiske fasar. Det var til stor hjelp når kunnskapen min ikkje nødvendigvis var til stades i alle fasar.