Etikettering

Etikettering, lim og mangel på etikette. Livet for ein ølbryggjar er sanneleg variert. No skal det seiast at det var med stor stoltheit at dei første to etikettane blei limde på.

IMG_1407

Og med stor keisemd eg tok dei nest 73……….

IMG_1426

Legg merke til at øla står trygt plassert under tredemølla. Her må det drikkast om ein skal få trimme skrotten. Eg gjekk sjølvsagt tom for lim når det var to etikettar att…

IMG_1424

Når ein lagar mat så er det viktig å varme opp kokken. Når ein limar etikettar så er det viktig å halde limaren varm.

Flasking av juleøl

Då var det klart for flasking av juleøl. Nydelege mørke dråpar som er klar for eit liv i flaske.

IMG_1375 IMG_1376

Dessverre utvikla det seg raskt til eit skandalearrangement. Sidan FeilNotFound IPA’en hadde fått ei veke på flaske, var naturleg nok tolmoda vekk. Rutinert nok var ei flaske lagt på kjøl tidlegare på dag, og då var det klart for smaksprøve.

IMG_1377

Sidan det berre var ei veke sidan flasking, var det usikkert om ølet var skikkelig karbonert. Ein skikkelig pssst når korka blei opna, gjorde all otte til skamme.

IMG_1380 IMG_1383

Og her var det verkeleg skandala byrja. Det var både anerkjennande nikk, god tone, ja til og med eit smil etter prøvesmaking. Slik laussleppt åtferd høyrer naturleg nok ikkje heime nokon stad på Sunnmøre, og eg må be om orsaking til naboane for denne framferda.

IMG_1385

Heldigvis kom vi raskt ned på jorda igjen då heverten nesten hadde tømt karet med juleøl.

IMG_1387 IMG_1386

Med smaksprøven om bord, gjekk flasking og korking som ein leik. Snart hadde vi 40 smekre juleøl klare til lagring.

IMG_1388 IMG_1391

Litt urutinert antok underteikna at han hadde kjøpt in raude korkar(den gang ei), og sidan alt passar til blått (gjer det ikkje?) så blei det blå topp på juleøla. Kritikken har naturleg nok ikkje latt vente på seg. Sambryggeriet har allereie kalla det ei skandale, og eg lyt vel krype til Vinbua og skaffe raude korkar til Andre vers.

Etiketten blei i det minste juleraud.

Julefantasiv1

Bergenstur

Batman has the Batmobile, I got the Brewmobile.

IMG_1314

Ein må som kjent ha noko å fylle ølet i, og sidan Vinbua ikkje hadde flasker inne, blei madammen og eg einige om at ein Bergenstur kunne vere ein kjekk ting. Vi kom fram til Bergen seint fredag. Då blei det naturleg nok TGI Friday. Jack Daniels kylling er jo som kjend aldri feil på ein fredagskveld. Etter ein god frukost starta jobben med å fylle Granitten. Først ute var madammen med ein runde på diverse senter, før turen bar til Sotra. Eg hadde avtalt med Rune på Hobbybryggern at eg kunne hente flasker, corneliusfat, growlere, humle og kit på laurdag. Full bil, nøgde reisande og ein klirrande tur heim.

Meg

IMG_0722

For å ta nokre ord om mannen bak DjupdalsBrygg, så heiter eg Lars Kristian Dybdal. Eg har etter kvart hamna på Gåseidmarka i Ålesund. Her bur eg saman med sambuaren min Therese og hunden vår Bella. I det daglege så jobbar eg med slike EDB greier, og trivest med det.

Når det kjem til øl så må eg vel seie at eg er svak for sjangeren APA og IPA. No kan no det bety so mangt, men det er vel der favorittane finnest. Det er jo sjølvsagt og mange andre ølsortar som fell i smak, og eg har som mål å prøve å brygge litt forskjellig.

Eg har tenkt å skrive bloggen min på nynorsk, då eg kjenner at Are Kalvø vekte meg med teksten sin:

«Eg kjenner ein som bytte frå nynorsk til bokmål då han begynte på vidaregåande. I dag er han einsam, ugift, arbeidslaus, alkoholisert og ute av stand til å gjere greie for seg. Luktar gjer han også. Alle eg kjenner som heldt på nynorsken då dei begynte på vidaregåande, har i dag interessante og godt betalte jobbar, menge gode vennar og ekstremt stimulerande kjærleiksliv. Dessutan ser dei veldig bra ut, alle som ein. Fine tenner har dei også. Eg berre nemner det.»

Oppstart

«Munnen til ein lukkeleg mann er fylt med øl» heitte det i det gamle Egypt, og det er vel ei utsegn som passar like godt i dag.

Som hjå mange andre har interessa for handverksøl kome dei siste åra, og tidlegare i år bestemde eg meg for å ta det neste steget med eige bryggjeri.

DjupdalsBrygg hentar namnet frå fjellgarden Djupdal, der mine aner kjem frå. Der har det nok vore bryggja mang ein liter godt øl opp gjennom tida. Sjølv om sortane frå dagens Djupdalsbrygg varierer frå det tradisjonelle kønnjølet, så vil eg nok tru at gleda over å skape godt øl er den same.

Sidan det ein legg på interwebben aldri forsvinn, so fann eg ut at eg like godt kunne legge skribleria mine om brygging i ein blogg. Sidan eg er ny i faget, så blir det nok litt kryping framover før eg kan gå, men det kan jo bli moro.