Etikettar

Give a man a beer,
waste an hour.
Teach a man to brew,
and waste a lifetime!

Bill Owen

Søndag morgon, kaffi i koppen, bikkja søv, 2 veker til pilsa kan flaskes. På tide å ferdigstille etikettane.

markapils

Sidan pils er undergjæra har ein ikkje same aktiviteten under gjæringa som ein ville hatt til vanleg. Det gjekk nokre dagar før det kom skikkeleg i gang, men nå er det ei jamn, treg puttring i gjærlåsen.

djupdalskpils

Bilete på etiketten er frå ein tur som Stordal turlag hadde til Djupdalen. Sidan eg ikkje har noko særleg med bilete frå Djupdalen så tjuvlåna eg dette. Bilete er omgjort til eit olje maleri via EDB magi, slik ingen kan identifisere nokon av deltakarane på bilete. Eg håpar å få tilgjeving for å ha nytta det.

3 tankar på “Etikettar

  1. Nils Kåre Molnes

    Oppdaga bloggen din via sambryggeriet´s blogg.
    snart lest knoll og totts blogg fra perm til perm, og kjøme sikkert til å begynde å lese meg opp på din me…
    Kjekke lesning for oss i startgropa.
    Spørsmålet mitt derimot e…. Ka dokke bruka slags program til å lage ettiketta?
    Ser en viss likhet mellom dine ettiketta og sambryggeriet´s.

    Likar

  2. Eg brukar Adobe Photoshop, medan Sambryggeriet nyttar CorelDRAW. Valet av Photoshop kom av at eg hadde brukt dette tidlegare, slik eg kunne ein del av funksjonane frå før. Eg trur du kjem langt med enklare fotoredigeringsprogram og, då enkelte av dei meir avanserte kan vere frustrerande vanskelege å kome i gang med. Her er det kva erfaring ein har frå tidlegare, og kor mykje tid ein ynskjer å sette av for å lære seg fotoredigering som avgjer.
    Eg nytta Sambryggeriet sitt konsept som inspirasjon for etikettane mine, samtidig som eg prøva å lage mitt eige design. Felles for begge er at vi har laga oss ein mal på etikettane, og så endrar vi farge, tekst og bilete pr brygg. Då sparer ein seg mykje tid på det kjedelege arbeidet, og så får ein eit gjennkjenbart preg på etikettane.
    Eg printar etikettane på litt tjukkare papir enn vanleg printpapir, og så nyttar eg limstift for å feste det med. Her er det mange måtar å gjere det på, men då er kjapt å få på, og ikkje minst få av etikettane i etterkant.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s