«Sunnmøringar rullar stein medan dei søv» såg eg i eit intervju i avisa, og det kan jo forklare kvifor eg er trøtt om morgonen. Ein kan ikkje ligge på latsida på dagen heller, og med pilsa ferdig flaska var det berre å hive seg rundt. Sidan det store kjøeskapet kan brukast til gjæring i to veker til, hadde eg moglegheit til å få satt to batcher til før pilsa var ferdig karbonert.
Eg har lenge hatt liggande eit pale ale sett, og det var på høg tid å få omsetnad på dette. Det var berre å finne fram palen og gjere seg klar.
Sidan underteikna etter kvart byrja å bli uro over om han hadde skjøna pale ale konseptet, enda eg opp med å vere særs vågal og usømeleg. Eg gjekk vekk frå ei skriven oppskrift!
#10 Djupdals APA.
Eg har fram til dei to pils batchane berre brygga ferdige sett, enten frå Vinbua eller Hobbybryggeren. Når ein var ny i faget tykte eg at det var ein grei måte å starte opp på. Ein får kontroll på ein av faktorane, slik at ein kan bruke tid på utstyr og teknikk. Det har derimot aldri vore meininga å fortsette med dette, då det er artig å lage unike øl. Grunnen til at Pale ale settet har blitt liggande, er at eg har sett på dette som det minst spanande av dei eg kjøpte. Sidan eg allereie har mykje lyst, lettsmakt øl, bestemde eg meg for å «pimpe opp» oppskrifta. Med god hjelp frå Knoll i Sambryggeriet endra vi litt på korninhaldet, slik at ein hadde ein kornbase som sømer seg for ein APA. I tillegg lage vi ein langt meir spenstig humleprofil som forhåpentlegvis gir eit velsmakande øl. Hadde vi drive med dunk dunk musikk, så hadde det vore Djupdalsbrygg feat. Knoll. Målet med dette er at ein etter kvart kan ende opp med ein signatur APA for Djupdalsbrygg, og at dette er ein versjon 1.0 av denne.
Eg hadde ein dykkarinstruktør som sa til meg når eg tok dykkarlappen, at det er ikkje dei første dykka som tek livet av deg. Det er når du har nådd 10 dykk, og trur du er verdsmeister at feila kjem. Med denne visdomen i børa, har eg klokka over 70 dykk utan store problem. Dessverre så hadde eg ikkje nokon bryggeinstruktør som gav meg ein tilsvarande livsvisdom, og skandalen var som vanleg rett rundt hjørnet.
Eg må seie at eg har komen godt inn i rutinane, og med Grainfatheren går brygginga stort sett av seg sjølv. No som eg har nådd 10 brygg, og sjølvsagt føler meg som ein verdsmeister, går ting på autopilot. Godt hjelpt av Grainfather Appen som passer på vassmengd, tid osv. Brygginga starta som normalt med at kornet blei kverna, og dette blei tømt i ein ferdig oppvarma Grainfather. Eg rørte godt, og sette på sirkulasjon som vanleg. Eg såg at det for ein gang skuld rann i overløpet, men etter å ha vore på interwebben i ein tidleg fase, fann eg ut at dette ofte var eit problem som gjekk over etter fem minutt. Derfor lot eg det stå og gå i ein time som vanleg, utan å tenke noko meir over det. Skyljinga gikk derimot særs tregt, og eg har i ettertid lært meg nokre fine framandord som heiter Stuck mash. Etter å ha leika litt frøken detektiv fann eg ut at det eg ikkje hadde tilpassa vassmengda på Appen slik at denne blei 23 liter. Dette har gjort at det har vore mindre vatn enn det burde ha vore i meskeprosessen, noko som har gjort at ein har fått dårlig gjennomstrøyming. Eg enda på 19 liter i dunken og 1,062 i OG. Dette gav berre ein målt effektivitet på 62% på mesken, noko som er utruleg dårleg.
Eg brukar å seie til mine EDB brukarar, at problemet er mellom stolen og tastaturet. I dette tilfelle må ein vel seie at problemet var mellom stolen og mobilen, og ein skikkeleg burn tilbake til meg.
Oppskrift: Djupdals APA
Type: All Grain
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 60 min
IBU: 32,4
SG: 1,060
FG: 1,013
Yeast: US-05
Grain:
4,00 kg Pale Malt (2 Row) US (3,9 EBC) Grain 1 63,5 %
1,60 kg Corn, Flaked (2,6 EBC) Grain 2 25,4 %
0,50 kg Munich Malt – 20L (39,4 EBC) Grain 3 7,9 %
0,20 kg Caramel/Crystal Malt – 80L (150,0 EBC) Grain 4 3,2 %
Mash Steps
Mash In 65,0 C 60 min
Mash Step 75,0 C 10 min
Boil Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
25,00 g Cascade [6,00 %] – Boil 60,0 min Hop 5 14,2 IBUs
11,00 g Cluster [7,00 %] – Boil 60,0 min Hop 6 7,3 IBUs
11,00 g Vanguard [5,00 %] – Boil 60,0 min Hop 7 5,2 IBUs
20,00 g Cascade [6,00 %] – Boil 15,0 min Hop 8 5,6 IBUs
0,5 tab Protafloc Tablet (Boil 15,0 mins) Fining
20,00 g Cascade [6,00 %] – Boil 0,0 min Hop 9 0,0 IBUs
15,00 g Citra [12,00 %] – Boil 0,0 min Hop 10 0,0 IBUs
11,00 g Vanguard [5,00 %] – Boil 0,0 min Hop 11 0,0 IBUs
Dry Hop/Bottling Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
20,00 g Cascade [5,50 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop 12 0,0 IBUs
20,00 g Citra [12,00 %] – Dry Hop 7,0 Days Hop 13 0,0 IBUs
#11 Natt
På en jobbtur til Bergen fekk eg smaken på Svartediket frå 7Fjell. Dette er ein Black IPA, eller Svart Indisk Lyst Øl som det heiter på godt norsk…. Sidan eg ikkje har prøvd meg på noko mørkt øl før, fann eg ut at eg måtte prøve å lage noko liknande. 7Fjell har forresten alle sine oppskrifter på nettet, slik det er mogeleg å hente inspirasjon for den som ønsker det.
Eg har stor sans for Lunsj stripene, og i dette tilfelle kjenner eg meg skikkelig igjen i Kjell.
Laurdagen var det fine -4 gr C, noko som skapte dårlig stemning på IPhonen. Batteriet døde ganske kjapt ut, og derfor blei det tatt få bilete denne dagen. Eg fekk etterkvart lada den igjen, slik at fekk tatt nokre bilete av det svarte gullet.
Eg enda litt under forventa OG, men sidan at eg kom ut med 24 liter i dunken så er det vel innanfor forventa margin.
Oppskrift: Natt
Black IPA
Type: All Grain
Batch Size: 23,00 l
Boil Size: 28,00 l
Boil Time: 90 min
SG: 1,068
FG: 1,011
IBU: 63
Yeast: US-05
Mash Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
3,00 kg Pale Malt (2 Row) US (3,9 EBC) Grain 1 42,9 %
3,00 kg Pilsner (2 Row) Ger (3,9 EBC) Grain 2 42,9 %
0,50 kg Wheat Malt, Ger (3,9 EBC) Grain 3 7,1 %
0,20 kg Crystal Malt – 60L (Thomas Fawcett) (118,2 EBC) Grain 4 2,9 %
0,10 kg Carafa Special I (Weyermann) (630,4 EBC) Grain 5 1,4 %
0,10 kg Carafa Special III (Weyermann) (925,9 EBC) Grain 6 1,4 %
0,10 kg Caramel/Crystal Malt – 60L (118,2 EBC) Grain 7 1,4 %
Mash Steps
Mash In 64,0 C 20 min
Mash Step 71,0 C 20 min
Mash Step 77,0 C 5 min
Boil Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
25,00 g Warrior [15,00 %] – Boil 60,0 min Hop 8 33,4 IBUs
0,5 tab Protafloc Tablet (Boil 15,0 mins) Fining 9 –
40,00 g Ahtanum [6,00 %] – Boil 15,0 min Hop 10 10,6 IBUs
15,00 g Centennial [10,00 %] – Boil 15,0 min Hop 11 6,6 IBUs
15,00 g Simcoe [12,25 %] – Boil 15,0 min Hop 12 8,1 IBUs
40,00 g Ahtanum [6,00 %] – Boil 2,0 min Hop 13 1,8 IBUs
15,00 g Centennial [10,00 %] – Boil 2,0 min Hop 14 1,1 IBUs
15,00 g Simcoe [12,25 %] – Boil 2,0 min Hop 15 1,4 IBUs
Dry Hop/Bottling Ingredients
Amt Name Type # %/IBU
40,00 g Ahtanum [6,00 %] – Dry Hop 10,0 Days Hop 17 0,0 IBUs
40,00 g Centennial [10,00 %] – Dry Hop 10,0 Days Hop 18 0,0 IBUs
15,00 g Simcoe [12,25 %] – Dry Hop 10,0 Days Hop 19 0,0 IBUs
Etter en laaaang dag, var det godt å sjå at skapet var fullt igjen.