Pilsflasking

Sidan eg er ny med undergjæra øl, har det vore med spaning eg har følgt med i prosessen. Dette må jo vere ein særs god ide for NRK si neste sakte-TV satsing. Pilsbrygging, minutt for minutt. Litt over tre og ein halv månad med rivande drama og høg dramatikk. Djupdalsbrygg stiller sjølvsagt alle mann alle til eit slikt konsept!

Når eg starta gjæringa sette eg gjæringstemperaturen først til 10 grader. Sidan aktiviteten i byrjinga var særs låg, auka eg temperaturen til 10,5. Då starta det med treige, men jamne plopp frå gjærlåsen. Etter tre veker hadde dette roa seg, og eg gjorde ei måling av FG på begge brygga. Marka pils var kome ned på 1,011, medan Djupdalsk pilsner var enda lågare med 1,008. Dette var der ein skulle vere, og då var det berre å sette i gang med flasking.

Skandalane er som vanleg ikkje langt vekk, og eg fann raskt ut at eg hadde gløymt å kjøpe korker. Her kunne ein ende med opp til fleire fargar på toppene innan for same brygg, og i verste fall ende med julekorkene. Dette førte til både lette pannerynker og flakkande blikk hos ein sindig sunnmøring. I-lands problem vil kanskje nokon seie, men idiotar finn ein som kjent over alt. Heldigvis fann eg etter kvart ein halvfull  pose med sølvfarga korker langt inne i skapet. Dagen var redda, og pannebrasken glatta seg ut igjen.

IMG_1839

Eg nytta og mine tre siste tomme growlerar for å spare meg litt arbeid. Det skal bli artig å prøve desse når pilsa er ferdig modna. Dunken såg eigentleg ut som ein stor halvliter, og såg særs freistande ut.

IMG_1835

Som vanleg vart det smaksprøve under flaskinga. Sjølv om brygget er utan kolsyre og er varmt, smaka det pils. Litt fasinerande var det at det var ein del smaksforskjell på dei to, sjølv om oppskriftene er ganske like. Den einaste store forskjellen er bitterhumla, men det er tydelegvis nok til å gi ulikt smaksbilete. Om denne forskjellen og er der om eit par månader gjenstår å sjå.

Totalt 21,5 l Marka pils, og 25,5 l Djupdalsk pilsner ferdig tappa.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s