Globetrottar eller kortreist?

Gulatingslova:

”Enno ei ølgjerd har me lov å gjera, husbond og husfru like mykje malt kvar, etter vekt, og signe det jolenatti til takk frå Krist og Sankta Maria, til godt år og fred. Um so ikkje vert gjort, skal det bøtast tre merker til biskopen. Men um nokon sit soleis tre vintrar at han ikkje gjer ølgjerdene eller greider dei bøtene som me har lagt på for kristendomen vår, og han vert sannskyldig i det, då har han forbrote kvar penning av godset sitt. Det eig kongen vår halvt, men halvt biskopen. Um han ikkje vil det skal han fara ut or riket åt kongen vår”

gulating

Ølbrygging i Noreg har tradisjonar sidan Kvitekrist var bleiebarn, og Tor og Odin var dei gilde gutane. Som ein ser av teksten over, leika ein ikkje når det kom til brygging. Gulatingslova seier at den som ikkje bryggja, kunne misse både gard og grunn, og i verste fall bli landsforvist.(Slik fekk ein fylt opp Island!)

thor-my-god-has-a-hammer

Kva har dette med kortreist lurer sikkert den observante lesar på no. I mitt haud er det ikkje tvil i at øl som har bevegd seg omlag tjue meter i heile livsfasen, følast som eit kortreist produkt. Likevel er ikkje ølet ein lagar så veldig kortreist. Malten er gjerne europeisk, medan gjær og humle kan kome frå alle verdas hjørne. Difor var det særs interessant å lese ein artikkel av den mest skriveføre av søskena Dybdal om Det heilnorske ølet.

Ein kan sikkert diskutere i det vide og breie om korleis ølbrygging har utvikla seg dei siste åra. Det produktet dei fleste av oss sit med i glaset i dag, er nok langt unna det anane våre laga i store stampar. Likevel må det vel seiast at det freistar å prøve humle frå hagen, og urter frå Noreg, når eg skal starte å bevege meg utanfor standardane. Her blir det spanande å sjå kva oppskrifter og moglegheiter som kan kome ut av eit slik prosjekt?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s